dd
RAMMA: Norsk Tipping opplyser i appen sin onsdag kveld at det opplever ustabilitet i deira tenester.Faksimile: Norsk Tipping

Norsk Tipping vart onsdag kveld utsett for eit nytt dataangrep angrep mot selskapet.

Det stadfestar Anne Marit Sletten, senior kommunikasjonsrådgivar i Norsk Tipping til TV 2.

– Det er eit nytt DDoS-angrep i kveld som fører til tregleik i tenestene. Telenor jobbar for å filtrera bort uønskt trafikk, seier ho.

Like før klokka 23 seier Pål Enger til NRK at dei truleg har kontroll. Han er leiar for presse og er samfunnskontakt i Norsk Tipping.

– Ting tydar på at vi har det under kontroll, men vil avvente utover natta for å vere heilt sikre, seier han.

Dei monitorerer vidare, og har fått hjelp av Telenor til å stoppe angrepet, fortel han.

Det var VG som først melde om dataangrepet, som TV 2 no får stadfesta at er eit DDoS-angrep. Dette er same type angrep som selskapet vart utsett for tysdag kveld.

Norsk Tipping
Norsk Tipping held til på Hamar. Foto: Frode Meskau / NRK

– Målretta mot oss

Selskapet er nå i dialog med Telenor for handtering av situasjonen, opplyser Pål Enger til VG.

– Vi har ingen informasjon om kven som står bak. Men det er tydeleg at nokon har sett seg ut oss som mål. Dei bombarderer oss med data, slik at nettsidene våre går tregare. Dette er målretta mot oss, seier han.

DDoS-angrep er teknisk enkle å gjennomføre, og fungerer ved å overbelaste system med trafikk slik at dei krasjar eller blir utilgjengelege. Dei har sjeldan konsekvensar for personvern sidan det ikkje blir henta ut data, som ved hacking.

Pål Enger seier dei opplevde angrepet onsdag kveld som eit større angrep. Telenor har hjelpt dei å stoppe dette, og Enger seier dei håpar å få fleire svar seinare om kven som står bak.

Angrep tysdag

Norsk Tipping vart også tysdag kveld utsett for angrep. Situasjonen kom etter kvart under kontroll, og trafikken hos Norsk Tipping gjekk som normalt etter eitt par timars tid.

Angrepet overbelasta enkelte av Norsk Tippings tenester, men det var først og fremst KongKasino-spela som vart ramma.

Telenor sette også då inn tiltak for å avgrensa omfanget. Det er ikkje kjent om det er nokon samanheng mellom angrepa tysdag og onsdag.