Det er ikkje kven som helst Viking møter i sin første heimekamp i Meisterligaen.
Oppgjeret mot dei regjerande tyske meistrane går av stabelen klokka 21 tysdag.
– Viking har gjennom historia spelt store kampar mot Barcelona og Chelsea, men kampen i morgon er større, seier Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim på Viking sin pressekonferanse dagen før kampen.
Harry Kane, Michael Olise og Manuel Neuer er blant stjernespelarane som kjem til Stavanger med fly i dag.
Tyskarane er storfavorittar før kampen.
– Me møter eit av dei beste laga i verda. Det er ei kul utfordring, men me er i kjempeform og skal angripe kampen. Spelargruppa gler seg, seier kaptein Zlatko Tripic på pressekonferansen.
– Me må vera offensive og er nøydde til å vera oss sjølve. Eg trur det er gode sjansar til å få med noko, seier midtstoppar Henrik Falchener.
– Er det noko spesielt du førebur deg på når du skal møta Harry Kane?
– Han er ein god spelar, ein av dei beste spissane i verda. Eg har sett han på video og veit kva han er god på.
Kapteinen ser mange sårbarheiter
Kaptein Tripic har tidlegare vore soleklar på at Viking har reelle sjansar til å vinna kampen mot Bayern München.
Han er ikkje mindre offensiv på pressekonferansen dagen før dagen.
– Ja, det er klart eg trur det er mogleg å vinna kampen. Det skal mykje til og me må ha matchvinnarar overalt på bana. Men me kan ikkje koma her og vera nervøse. Det er ein stor anledning. Men eg trur ikkje nivået er så høgt opp for mange.
– Ser du nokre sårbarheiter i motstandarlaget, Tripic?
– Ja, mange. Men dei må me klara å halda litt for oss sjølv og ikkje røpa for mykje.
– Dei har eit offensivt arsenal som er heilt ekstremt, kanskje det beste i verda. Samstundes er det moglegheiter til å få rom når dei sende mange folk i angrep. Det må me sjølvsagt prøva å utnytta.
– Me er gode på heimebane, og mest sannsynleg skårar me mål, supplerer Henrik Falchener.
Møtte Olise i VM
Falchener møtte også stjerneangriparen Michael Olise då han spelte for det norske fotballandslaget mot Frankrike i VM.
Med andre ord har landslagsstopparen alt fått testa seg mot nokre av dei beste spelarane i verda.
– Det er gode spelarar, og dette blir ein kult test for heile laget. Nivået er litt høgare, men ikkje umogleg. Det er ikkje altfor langt unna fordi me er eit godt lag.
Trenar Bjarte Lunde Aarsheim kallar Bayern München eit «enormt godt lag».
– Me ønsker å ta utfordringa med glede og prøva oss med vikingfotball. Me har aldri møtt eit lag på dette nivået før, men ønsker å angripa med vår fotball. Me må ta dei på kollektivet.
Stor Bayern-delegasjon
Bayern München nedsabla Bodø/Glimt 5–0 i sin første kamp i Meisterligaen, medan Viking tapte 3–1 for Stuttgart i Tyskland.
Representantar frå Bayern München har alt besøkt Stavanger og Viking stadion to gonger i haust.
Bjørnø seier det er seld rundt 800 billettar til bortesupporterane frå Tyskland, men at dei ventar at dobbelt så mange møter opp.
– Dette er ein klubb med 500.000 medlemmar. Vi kunne fylt stadion med berre bortesupporterar utan problem.
Bayern München har pressekonferanse i Stavanger klokka 17.30 i ettermiddag, også den kan du følgja på nrk.no. Det tyske storlaget trenar i Jåttåvågen klokka 18.