faksimile-tysk-presse-sjøvold
SKAPAR TYSKE REAKSJONAR: Tyske aviser omtalar Dortmund sitt tap mot Glimt som ei «flause ved polarsirkelen». Foto: NTB

I Tyskland kan ein vakne opp til at ei rekkje aviser er kritiske til dei to store lokomotiva deira i Europa.

«BVB-flause ved polarsirkelen», skreiv Bild onsdag kveld.

Dei påpeika så at både Dortmund og Bayern München no har snubla i Noreg. Det er ikkje første gong dei gulkledde har trøbla mot norsk motstand. Nokre vil kanskje hugse då Dortmund tapte heile 0-3 mot Rosenborg i 1999.

Så seint som i 2025 klarte dei «berre» 2-2 heime mot nettopp Bodø/Glimt.

Ryerson på benken
NEDTUR: Julian Ryerson og Borussia Dortmund gjekk på eit surt tap mot Bodø/Glimt onsdag kveld. Foto: Mats Torbergsen / NTB

Også på vegner av endå meir sigersvande Bayern München var det fleire som var skaka over det dei såg.

– Frå 2–0-leiing til å liggje under 2–3, og så 3–3. For ein kamp dette har vore, skreiv BBC om Viking sitt sterke uavgjortresultat mot Bayern.

– Dette laget vil berre ikkje stoppe, skreiv amerikanske ESPN.

Kunstgras-fordel?

Éin fellesnemnar for begge oppgjera er underlaget. Kunstgras var eit tema før kampane, og det vart også eit tema etter at oppgjera vart blåste av.

– Kunstgras er inga unnskyldning. Dette sa eg også på pressekonferansen i går. Alle spelarane voks opp med kunstgras, sa Dortmund-manager Niko Kovacs etter kampen mot Glimt.

Dei krutsterke resultata trur ikkje Glimt-stjerna Patrick Berg er eit slumpetreff.

– Eg trur det har vorte jobba veldig godt i norsk fotball over tid. Det har vore mange flinke personar involverte både på klubbnivå og på landslagsnivå over tid. Og fått lov til å utvikle laga sine, både vi og Viking, sa han til NRK.

Patrick Berg
STOLT: Patrick Berg meiner det har vorte jobba veldig godt i norsk fotball over tid. Foto: Mats Torbergsen / NTB

Bayern München har på si side fått æra av å møte både Bodø/Glimt og Viking. I oppgjeret mot førstnemnde vart det ei real nedsabling der det enda 5-0 til tyskarane. Mot Viking vart historia altså ei anna.

– Dei hadde eit utruleg solid lag, og i dei viktige augeblinkane var dei veldig effektive. Det vi gjorde bra mot Bodø, gjorde vi ikkje i dag, sa manager Vincent Kompany tysdag kveld.

– For eit sjokk

Allereie då Viking leia 2–0 over den tyske kjempa Bayern München til pause, skapte det nærast eit rabalder i fotballverda.

– Kva er det som skjer? Bayern blir tekne på senga.

Det var overskrifta som møtte lesarane av den tyske avisa Bild tysdag kveld.

Bilde av den tyske avisa Bild
Faksimile: Skjermdump / Bild

Bild er den største tyske avisa – og dei var langt frå dei einaste som slo opp pangstarten til Stavanger-laget på Meisterliga-eventyret.

– For eit sjokk dette kan ende opp med å bli, skriv BBC og følgjer opp:

– Viking er i draumeland akkurat no. Kan du tru det?

– Noko av det villaste

Også dei tyske stjernene såg lamslåtte ut av det som møtte dei i Jåttåvågen. Dei vart fotograferte gåande rundt med hoftefeste etter 2-0-skåringa til Viking.

Bayern München-spillere, inkludert Harry Kane, går over banen på en fotballstadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SJOKKERT: Konrad Laimer, Lennart Karl og Harry Kane trudde så vidt det dei kunne sjå i Stavanger. Foto: Lise Åserud / NTB

Innanfor landegrensene måpte ein naturleg nok over framsyninga som vart servert, spesielt i første omgang i Stavanger.

– Viking to, Bayern München null, det er knapt til å tru. Dette er norsk fotballhistorie, kommenterte TV 2 sin Øyvind Alsaker.

NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp, var til stades i Stavanger. Han drog fram superlativa etter Viking si bragd i første omgang.

– Det er noko av det villaste eg har vore med på. Ein blir så takksam for det norsk fotball gjev om dagen, seier Torp.