d
SLEPPTE TV 2 INN: Rettshavar TV 2 fekk filme frå trenargarderoben rett etter kampen mot Bayern München i Meisterligaen. Den openheita er unik, meiner fleire.Faksimile: Viking på innsiden / Skjermdump TV 2

– Unikt og imponerande.

Det er dommen frå NRK-ekspert Carl-Erik Torp om det han har sett frå stavangerklubben utanfor banen i Mesterligaen denne hausten.

For i ei fotballverd som blir stadig meir lukka, har blåtrøyene frå Rogaland gått den andre vegen.

Torp går så langt som å hevde at Viking må vere den mest opne klubben i Mesterligaen si historie.

– Aldri sett liknande

Det er flust av ferske eksempel som underbygger rosen til NRK-eksperten.

  • Før Bayern-kampen fekk TV 2, som lagar dokumentaren «Viking på innsida», komme heim til trenar Morten Jensen dagen før kamp. Med taktikktavla på bordet fortalde han korleis dei skulle spele og korleis dei skulle stoppe Bayern-stjernene.
  • TV 2 fekk også bli med og observere Jensen på ei økt som trenar for niåringane i Havørn. I bilen tilbake fekk kanalen montere eit kamera og dokumentere at Jensen sin son intervjua pappa om den kommande kampen.
  • På kampdag (!) henta TV 2 forsvarsprofilen Gianni Stensness heime. Han tok farvel med kjærasten før kanalen fekk køyre han til stadion og filme det heile.
  • Viking-trenarane sleppte så rettshavaren heilt inn undervegs i kampen mot Bayern og gjekk med på å ta på seg små myggmikrofonar. På den måten fekk TV-sjåarane høyre korleis trenarane kommuniserte seg imellom – og med spelarane undervegs.
  • Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim tillét også å sette opp kamera i trenargarderoben, noko som gjorde at TV-sjåarane fekk eit innblikk i praten etter bragda mot Bayern.
  • På natta fekk kanalen bli med i bilen til Bjarte Lunde Aarsheim på veg heim frå stadion.

– På dette nivået har eg aldri sett noko liknande. Eg har aldri sett ein klubb eller eit landslag, som utan å nøle, seier så vilkårslaust ja til å stille opp for media som det Viking gjer no, seier Torp.

G
VISTE FRAM: Morten Jensen tok TV 2 med heim og lét dei få eit innblikk i korleis Viking skulle angripe Bayern-kampen.Grafikk: Viking på innsiden / Skjermdump TV 2

At Viking legg til rette for at omverda skal få sleppe såpass tett innpå seg, er ikkje tilfeldig.

Omtrent samtidig som Bjarne Berntsen overlét trenaransvaret i Viking til Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim etter 2020-sesongen, skjedde det noko i kulissane som skulle forme klubben som no deltar i Mesterligaen for første gong.

Nådelaust val i 2020

Dagleg leiar Eirik Bjørnø fortel til NRK at dei mange sterke personlegdommane og leiarane i klubben blei einige om kva som skulle forme klubben sin kurs og kultur vidare.

Da blei dei saman einige om eit nådelaust val for vegen vidare.

– Da vi i 2020 starta denne ferda mot seriegull og spel i Meisterligaen, blei vi einige om at vi måtte gjere ting annleis. Vi ønskte å dyrke styrkane til klubben og dei personlegdommane vi har på huset. Vi merka at det gir overskot å vere imøtekommande og by på seg sjølve, seier Bjørnø.

Dei slo fast: Viking skulle vere ein klubb der alle kjenner seg velkommen og ein klubb som byr på seg sjølv.

Viking
PRESSA PÅ PLASS: Viking har blitt interessante også utanfor Stavanger. Foto: Carina Johansen / NTB

– Ingen tvang

No har denne openheitskulturen gjennomsyra heile klubben i mange år, slår Bjørnø fast.

– For oss er mykje av dette heilt naturleg. Vi har ei grunnleggande innstilling om at viss Gianni Stensness synest det er greitt at TV 2 hentar han og sit på i bilen til kamp, så gjer han det. Om han ikkje vil, slepp han. Det er ingen tvang og ingen som krev at folk må vere greie; vi legg berre til rette for moglegheitene for dei som har lyst, seier han.

Viking-leiaren seier det rett ut: Dei er verken større eller betre enn den interessa som til kvar tid omgir dei.

– I staden for å lukke oss inne og berre fokusere på sportsleg utvikling, ser vi inga motsetning mellom sportsleg satsing og det å by på oss sjølve, seier han.

– Trur du openheita har ein reell innverknad på dei sportslege prestasjonane?

– Ja, utan tvil. Eg er grenselaust naiv når det gjeld trua på korleis god stemning og klubbkultur slår ut i sportslege resultat, seier han.

Bjørnø
DYRKAR OPENHEITA: Dagleg leiar Eirik Bjørnø. Foto: Carina Johansen / NTB

– Vi berre køyrde på

Bjørnø meiner at viss Viking skal vere ein klubb folk bryr seg om også på dårlege dagar, må dei gjere sitt for å dyrke den interessa som er der på gode dagar.

– Den interessa blir berre skapt ved at folk blir kjente med klubben og profilane våre. Det var ei haldning som for alvor skaut fart da Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim overtok ansvaret. Dei fekk energi av å gå ut i manesjen, og da resten av persongalleriet i klubben tente på tanken, køyrde vi berre på, fortel han.

Viking
OPNE MOT PRESSA: Viking har ein strategi om å by på seg sjølve. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det er ikkje berre pressa som møter opne armar i møte med seriemeistrane frå Stavanger.

Mantraet er at supporterar, også motstandarane sine, skal takast godt vare på.

Gav bollar til «fotballpøblar»

Det fekk dei berykta supporterane til Dinamo Zagreb merke da dei besøkte Viking før playoffkampen til Meisterligaen tidlegare i år.

Der dei såkalla fotballpøblane Bad Blue Boys frå Kroatia truleg er vande til å møte store politistyrkar, skepsis og lite gjestfridom når dei reiser rundt omkring i Europa, møtte dei noko heilt anna i Stavanger.

Bjørnø fortel at Viking sørgde for å stå klare med dei berømte skulebollane sine da dei kom til stadion.

Dei blei delte ut til desse berykta supporterane – og resultatet blei ein kamp utan noko særlege problem eller øydeleggingar.

– Strategien har vore ganske enkel. Eg trur at om du blir tatt godt imot ein stad, så er gjerne sjansen mindre for at du lagar trøbbel. Vi har tenkt at alle som kjem til Stavanger skal oppleve Stavanger som ein god stad å komme til, seier han.

OppskriftVikings skoleboller Enkel

Og responsen frå Bad Blue Boys lét ikkje vente på seg, meiner han.

– Ja, dei fekk sjokk. Men det var jo det som var litt intensjonen òg, seier han.

Og slår fast:

– Vi har stor tru på filosofien «kill them with kindness».

Viking-treneren om Glimt-kritikk: – Tidlig å begynne med «mind games» nå

– Tyske journalistar måpte

NRK-ekspert Carl-Erik Torp følger Viking tett denne hausten. I Stuttgart såg han med eigne auge at Viking sin filosofi og kultur vekte oppsikt.

Han hugsar godt reaksjonane da trenar Morten Jensen troppa opp i pressesona etter kampen. Uefa sitt krav er berre at trenarane må stille på pressekonferanse.

– I Stuttgart stod eg ved sida av tyske journalistar som berre måpte: «Hæ, er det trenaren som kjem her no?» Det er jo ikkje normalt, og det skal det eigentleg ikkje vere heller på dette nivået. Presset på toppspelarar og trenarar er enormt, kvardagen er ekstrem, og det viktigaste for dei er trass alt det som skjer på banen, seier Torp.

Han meiner det som er mest imponerande med Viking, er at det verkar som dei genuint har lyst til å vere opne og inkluderande.

– Det kjennest ikkje som ei pliktøving, dei er opne av natur. Dei er hyggelege folk det er lett å snakke med. Dei speler seg sjølve gode ved å opptre slik, meiner han.

Skjeggkledd mann i mørk t-skjorte står i samtale med andre personer innendørs.
PÅ PLASS: Zlatko Tripic og Viking er i England klare for enda ein stor test i Mesterligaen. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

TV 2: – Ein gjestfridom vi knapt kan tru

TV 2s sportsredaktør Vegard Jansen Hagen har berre lovord om samarbeidet med Viking så langt.

– Utan inngåande kunnskap om mediestrategien til Sabah frå Aserbajdsjan eller tilgjengelegheita rundt LASK Linz, så trur eg Viking kan smykke seg med tittelen som den mest opne klubben i Meisterligaen, meiner han.

Han meiner Viking imponerer med det han kallar ei grenselaus openheit, tillit, tilgang og offensiv innstilling.

– Den opne linja skal stå fast uansett

Bjørnø meiner det er viktig å hugse på at fotball trass alt berre er fotball.

– Det er ikkje så gravalvorleg at vi ikkje kan by på oss sjølve. Den dagen vi sluttar med det, trur eg forventningspresset fort kan ete oss opp. Ved å ufarleggjere omgivnadene, styrkar vi oss også sportslege. Vi er rett og slett ein gjeng som synest det er gøy å dele denne reisa med folk, seier han.

– Korleis blir openheita om de går på seks strake tap i Meisterligaen og mistar seriegullet på tampen?

– Den opne linja skal stå fast. Folk skal oppleve å bli møtte på nøyaktig same måte i Viking uansett resultat. Den verkelege syretesten kjem når han kjem, og da får omverda heller felle dommen over oss da, seier han.

  • Viking sin kamp mot Aston Villa onsdag kveld kan du sjå på TV 2 Play eller høyre direkte på NRK Sport på radio. Kampstart er 21.00.