Nettsida Polymarket har fått mykje merksemd den siste tida.
Der kan brukarar vedde pengar på stort og smått, også internasjonale hendingar og krigshandlingar.
Nyleg blei ein amerikansk soldat tiltalt for å ha brukt hemmelege opplysningar om bortføringa av Nicolás Maduro i januar til fleire veddemål. Soldaten var sjølv med i planlegginga og utføringa av aksjonen mot Maduro, har New York Times skrive.
Soldaten, som nektar straffskuld, skal ha tent 400.000 dollar, eller over 3,7 millionar kroner, på veddemåla.
Nå tar eit nytt lovforslag til orde for å forby slike veddemål blant militært personell.
Her er nokre av dei største skandalane knytte til såkalla prediksjonsmarknader som er avslørte den siste tida:
Hegseth får ansvar
Lovforslaget frå forsvarskomiteen i Representanthuset blei offentleggjort førre veke.
Dei vil blant anna forby personar som har relevant «ikkje-offentleg informasjon», eller som «rimelegvis kan skaffe» slik informasjon, å vedde på såkalla prediksjonsmarknader.
Kongressen må først stemme over forslaget. Blir det fleirtal, må forsvarsminister Pete Hegseth sørge for at det kjem forskrifter og ei rekke straffereaksjonar for dei som bryt lova.
Forbodet mot slike veddemål vil også gjelde sivilt tilsette i forsvarsdepartementet.
Forbode for fleire
Senatet har allereie innført forbod mot å bruke prediksjonsmarknader for medlemmane sine, skriv CNN.
Guvernørane i California og Illinois forbyr òg delstatstilsette å bruke slike tenester.
Føderal lov i USA forbyr allereie tenester som Polymarket å tilby veddemål på krigshandlingar til brukarar i USA.
Men dei har ei populær nettside utanfor USA, der dei tilbyr veddemål om krig, som brukarar enkelt kan få tilgang til via VPN, skriv CNN.
Åtvarar
Også i Noreg har prediksjonsmarknader fått merksemd.
Måndag skreiv NRK om Magnus Pedersen, politisk rådgivar i Spillavhengighet Norge, som åtvarar om slike tenester.
– Du kan bade i avhengnadsskapande produkt, og det er skummelt, sa Pedersen.
Interessert i utanriks? Høyr siste podkastepisode frå NRKs utanriksredaksjon: