Trener Aasmund Kjøllmoen Steien sitter på huk ved siden av en skiskytter som sikter. Treneren har på seg Meta-briller og følger nøye med.
STUDERER: Med smartbriller følgjer trenar Aasmund Kjøllmoen Steien nøye med på teknikken når elevane ved toppidrettsgymnaset trenar. Samstundes brukar han teknologien i brillene til å ta han opptak som dei bruker i ettertid for å finpusse teknikken. Foto: Selina Zolihan Mosajeva / NRK

– I treningsarbeidet har vi funne ut at det er veldig gunstig for oss å bruke eit par briller som fangar mitt synspunkt på situasjonen.

Det seier Aasmund Kjøllmoen Steien.

Han er trenar for skiskyttarane på Noregs toppidrettsgymnas (NTG) på Lillehammer.

Steien bruker smartbriller for å forbetre det som ein dag kanskje skal bli eliten i norsk skiskyting.

En person holder et par sportsbriller med blått speilglass i et etui utendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Midt på brillene, over nasen, sit kameraet. Over der igjen er det ei lampe som lyser kvitt når brillene tek opptak. Foto: Selina Zolihan Mosajeva / NRK

Når dei trenar, tek han på seg brillene, startar opptak og følgjer talenta gjennom økta.

Slik kan trenaren følgje nøye med på om ski- og skyteteknikken sit, korleis dei beveger seg i løypa og kva taktiske val dei gjer.

– Å sjå seg sjølv i situasjonar, anten på standplass eller ute i løypa, er ekstremt fruktbart når det kjem til utvikling, seier Steien.

– Vi kan prøve å forklare korleis ting ser ut, men når utøvaren ser det sjølv, forstår dei det og tek lærdom. Eg trur det er eit veldig godt læringsverktøy i det lange løp.

Meir praktisk

Skulen har fått brillene sponsa, og dei har blitt eit viktig verktøy i treningskvardagen, meiner han.

– Før har vi brukt telefon for å filme. Det er ganske krunglete slik vi har opplevd det.

– No kan eg konsentrere meg om å gi tilbakemelding, ikkje filme.

Også fleire av elevane synest brillene er viktige i arbeidet med å bli betre utøvarar:

Vurderer forbod

Men no vil regjeringa ha eit midlertidig forbod mot smartbriller og liknande teknologi.

– Eg er veldig uroleg for at vi introduserer ny, kroppsnær teknologi i kombinasjon med KI som mogleggjer sensorar, videoar og lydar der folk blir filma eller tatt opptak av utan at ein veit det.

Det seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen (Ap) til NRK.

No vil han ha eit midlertidig forbod mot smartbriller på utvalde stader.

– Vi meiner det er den beste og raskaste måten å sende eit tydeleg signal om at dette er produkt og tenester som vi ikkje ønsker at skal brukast.

Forbodet vil gjelde der «allmenta ferdast» og er midlertidig fordi regjeringa vil sette ned ei ekspertgruppe som skal gje råd om ei varig, nasjonal regulering av KI-briller.

– Dette skal vi no greie ut, og raskt kome tilbake til med eit lovforslag, seier ministeren.

Digitaliseringsministeren seier det er gode grunnar til at ein ikkje set ned eit totalt forbod, medan ein ventar på ei endeleg avklaring frå ekspertgruppa.

– Det vil bli opna for unntak frå forbodet slik at sårbare grupper kan få unntak og for å mogeleggjere bruk i avgrensa tilfelle.

  • Les også om ein barnehagetilsett som brukte KI-briller på jobb. Teknologien utfordrar ungane sin tryggleik, meiner barneombodet.

Viktig med gode rutinar

Også Datatilsynet er uroa for brillene. I sommar bad dei Stortinget vurdere å stoppe salet av slike briller til det var eit regelverk på plass.

– Dette er den type teknologi som vi kallar kroppsnær teknolog. Den er så liten og usynleg at ein ikkje kan sjå om ein blir filma er tatt bilde av. Det er vi i Datatilsynet veldig uroa for.

At teknologien kan vere positiv i nokre samanhengar, forstår ho.

Mellom anna har blinde stor nytte av teknologien. Også slik NTG bruker teknologien viser korleis den kan vere bra i nokre samanhengar, meiner ho.

– Men eg er likevel skeptisk til den bruken. Det er fordi vi veit frå andre område at dette er noko som barn og unge er uroa for, og som det også er veldig vanskeleg for dei å seie nei til.

Om ein skal bruke smartbriller, er Coll oppteken av at ein har gode rutinar og handterer dataa på ein trygg måte.

Ho synest det er bra ein no skal sjå på korleis ein kan regulere teknologien.

– Vi er uroa for utviklinga, og at det blir overlate til verksemdene å skulle handheve det. Slik har det langt på veg blitt no.

– Vi ser at både private verksemder, skuler, helsevesen og idrettsarenaer forbyr brillene. Det er ein vanskeleg måte å handtere så kritisk teknologi på i samfunnet.

Seier nei til KI-briller

Lillehammer er ein av kommunane som har tatt grep medan ein ventar på nasjonale retningslinjer.

Der er det bestemt at Meta- og KI-briller ikkje skal bli brukt i kommunen sine tenester. Det gjeld mellom anna tilsette og elevar i skulen.

– Innbyggarar og tilsette i Lillehammer kommune skal kjenne seg trygge på at det ikkje blir gjort opptak av dei utan at dei veit om det i våre kommunale tenester, seier Laila Owren, kommunalsjef for oppvekst, utdanning og kultur.

Portrett av kvinne i en mørk blazer foran tomme stoler i et møterom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Laila Owren, kommunalsjef i Lillehammer kommune. Foto: Selina Zolihan Mosajeva / NRK

Ho strekar under at dei ikkje er negative til ny teknologi, men dei er opptekne av at den blir brukt på ein trygg og forsvarleg måte.

– Når KI-briller inneheld teknologi som utfordrar personvernet og informasjon som blir delt, så har vi valt å vere føre var, og seie nei til KI-briller inntil vidare, seier ho.

  • For blinde Arnt har smartbriller gjort livet enklare. Les korleis her.

– Eit verktøy for framtida

Trenaren på den private toppidrettsskulen har fått med seg debatten om smartbriller, og at det no blir vurdert tiltak som forbod.

At brillene kan bli misbrukt, forstår han.

– Eg har veldig forståing for at det blir vurdert tiltak. Eg forstår jo at det kan bli misbrukt, seier Steien.

En smilende mann tar på seg sportsbriller ved en skiskytterarena med skog i bakgrunnen. Det er Meta-briller. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Trenar Aasmund Kjøllmoen Steien meiner smartbriller er eit viktig verktøy for å utvikle utøvarane. Foto: Selina Zolihan Mosajeva / NRK

Samstundes meiner han det er eit godt verktøy om det blir brukt forsvarleg.

– Det er eit veldig nyttig verktøy i sånn type arbeid som vi driv med.

Det å bli filma under trening og konkurransar, er særs viktig for utviklinga, meiner han.

– Med riktig bruk så meiner eg brillene er eit verktøy som er gitt for framtida.