Det kom fleire asylsøkarar til Noreg enn venta mot slutten av fjoråret. Derfor etablerer nå UDI fleire mottak rundt omkring i norske kommunar.
Men det skaper uro. For også kommunar som sjølve står til knes i økonomiske problem, får nå beskjed om å etablere mottak.
Det får Framstegspartiet til å reagere. Innvandringspolitisk talsperson Erlend Wiborg børstar støv av eit gammalt forslag.
– Vi meiner at kommunane nå må få vetorett ved etablering av asylmottak i kommunen sin, seier han til NRK.
– I dag er det sånn at kommunar som seier nei fordi dei ikkje har kapasitet, likevel blir påtvinga asylmottak med kostnader og utfordringar.
I vår tildelte UDI 24 kontraktar om nye asylmottak over heile landet som samla skal ta imot 3600 asylsøkarar.
Blei nedstemt
I 2008 foreslo Framstegspartiet det same, men blei nedstemt i Stortinget.
Men i eit storting der Frp saman med Høgre, KrF og Senterpartiet allereie har gjort fleire innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, gjer Wiborg nå eit nytt forsøk.
Han reagerer på at nettopp kommunar i økonomisk trøbbel, blir pålagde å etablere mottak.
– Vi må ta omsyn til kva kapasitet det er der ute. Elles skaper du berre store utfordringar, både når det gjeld integrering og stort press på kommunale tenester, seier Frp-toppen.
Forslaget får lunken mottaking i Stortinget. For mens Senterpartiets Bengt Fasteraune seier forslaget er interessant og «noko vi kan vurdere å støtte», meiner Tage Pettersen i Høgre det kan vere «utfordrande med kommunal vetorett.»
– Vi skal behandle forslaget, men eg er skeptisk, seier Jonas Andersen Sayed i KrF til NRK.
Anne Lise Fredlund i SV seier tvert nei til Frps forslag. Ho meiner meir stabile rammer for asylmottak, slik at det ikkje plutseleg må bli oppretta nye mottak, er vegen å gå.
– Eg synest det er oppsiktsvekkande at Frp har tenkt å forby eller gi høve til å legge ned veto mot næringsverksemd, seier Fredlund.
– Ei form for vetorett fordi ein tilsynelatande ikkje liker ei verksemd, det er uakseptabelt.
– Vi går med raude tal
NRK besøkte i vår Lødingen i Nordland. Kommunen med 2000 innbyggarar slit tungt økonomisk, men har likevel fått beskjed om å opprette mottak for å ta imot 150 asylsøkarar.
Ordførar Hugo Bongard Jacobsen frå Arbeidarpartiet er uroleg.
– Kommunane får vertskommunetilskot, så det blir jo noko inntekter, seier han.
– Men samtidig er erfaringane våre at vi er nøydde til å ha langt meir bemanning enn det tilskota gir oss. Dermed går vi med raude tal. All den tid kommunen har ein stram økonomi, er det veldig problematisk for oss, forklarer Jacobsen.
Han understrekar samtidig at kommunal vetorett «ikkje vil løyse noko som helst».
– Som nasjon har vi eit ansvar for å stille opp for menneske på flukt frå krig og nød.
Lødingen står på den såkalla Robek-lista. Det betyr at kommunen i praksis er underlagd statleg administrasjon på grunn av dei økonomiske problema.
– Lokaldemokrati
I Narvik er ordførar Rune Edvardsen oppgitt over beskjeden han har fått frå UDI.
I bygda Håkvik i Narvik skal det kome 300 asylsøkarar. Det er langt fleire enn kommunen sjølv meiner dei er i stand til å ta imot.
– Vi er einige om at vi skal hjelpe, men vi har høve til 150. Da synest eg det er veldig rart at UDI og andre kan køyre over lokaldemokratiet, seier han.
I forslaget sitt peikar Frp på at dagens system for etablering av asylmottak verken er heimla i lov eller forskrift, men basert på instruksar frå Justisdepartementet og UDIs eigne rutinar og retningslinjer.
– Rolla til kommunane er redusert til å bli orientert, skriv Frp.
– Når UDI vurderer at kapasitetsbehovet er stort, går det i praksis kort tid frå første kontakt til mottaket er i drift.