Det var e-postane frå Siv Helen Lillehauge Bjørsvik som fekk snøballen til å rulle
LATTERLEG: 37 kroner månaden er ikkje eit plaster på såret, men heller salt i såret, meiner Siv Helen Lillehauge Bjørsvik. Foto: NRK

I minst 15 år har drikkevatnet på Kyrkjebø i Høyanger hatt for mykje aluminium i seg.

I juni slo nyheita ned som ei bombe. Det vart sporenstreks innført drikkeforbod i bygda ved Sognefjorden.

No kjem forslaget frå kommunen om kompensasjon til innbyggarane:

37 kroner i månaden.

– Eit slikt prisavslag er ikkje eit plaster på såret, seier Siv Helen Lillehauge Bjørsvik, som varsla om vasskvaliteten i 2025.

Firda skreiv først om saka.

Drikkevasskjelde.
Nyheita om aluminium i vatnet skapte stor bekymring i bygda. Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Opprørte innbyggarar

Forslaget er eit prisavslag på 7,14 prosent på vassrekninga, som normalt er på 6174 kroner i året.

Rabatten på 37 kroner er kommunens eksempel på ein vanleg husstand, før moms. Dette gjeld 309 abonnentar tilknytt Kyrkjebø vassverk.

Rabatten gjeld berre for tida med drikkeforbod, ikkje for dei mange åra med for mykje aluminium i vatnet.

– Beløpet er latterleg. Dei kunne spart seg for dette, seier varslar Lillehauge Bjørsvik.

Mange i bygda er forbanna over forslaget, ifølge ho.

ein mann fuller vatn frå ein tank bakpå ein bil
Rundt 900 personar har skaffa drikkevatn frå slike dunkar i sommar. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Heile sommaren har dei fylt dunkar med vatn frå ei anna vasskjelde. Forslaget frå kommunen held ikkje ein gong til nokre skikkelege vassdunkar, understrekar Lillehauge Bjørsvik.

– Vi begynner å bli rimeleg leie, seier ho om kvardagen med vatn på dunkar.

FHI tona ned alvoret

Forslaget på 7,14 prosent rabatt er basert på andelen vatn som går til mat og drikke.

I juni sa Folkehelseinstituttet at drikkevatnet kunne føre til irreversible skadar på nervesystemet.

Kort tid etter vart alvoret tona kraftig ned. Det er no ikkje grunn til stor bekymring, ifølge FHI. Det er no greitt å nytte vatn til matlaging.

Drikkeforbodet har likevel halde fram, og det er uvisst når det blir oppheva.

Folkemøte kyrkjebø
Stinn brakke då kommunen hadde informasjonsmøte om saka. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Handlar om forbrukarrettar

Økonomisjef Kristian Ølmheim i Høyanger seier forslaget tek for seg forbrukarrettane til innbyggarane.

Forslaget om rabatt har vore isolert til vassrekninga, ikkje tort og svie for innbyggarane.

– Vi har vurdert saka opp mot forbrukarkjøpslova, og lagt til grunn tal frå Norsk Vann på totalforbruk i ein hushaldning, om kor mykje av det forbruket som går til drikking og koking til mat, seier Ølmheim.

– Vi meiner det er riktig å gje ein forholdsmessig kompensasjon.

Kommunen har òg sørga for å ha stasjonar der folk kan hente vatn, understrekar Ølmheim.

Saka er ei tilråding frå kommunedirektøren. Det betyr at politikarane i kommunen skal ta stilling til saka, og dei kan endre på vedtaket om dei ønsker.

Saka blir behandla i formannskapet i kommunen torsdag.

Den vesle bygda og det skumle vassverket