Bilberging på plassen
Rasteplassen i Våtedalen blir hyppig brukt av turistar som villcampar. Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Torsdag måtte brannvesenet rykke ut til Våtedalen mellom Gloppen og Sunnfjord i Vestland.

Store nedbørsmengder hadde fått elva til å stige raskt. Tre bubilar vart ståande isolerte, og fem vaksne, to barn og tre hundar måtte bergast ut med båt.

Det er ikkje første gong turistar blir overraska av flaum i området.

– Kjem til å skje igjen

Berit Karin Seljeseth Ose i Norsk Bobil og Caravan Club meiner det no bør kome tydeleg informasjon til dei som vel å overnatte langs elva.

– Dette er ikkje ei eingongshending. Det har skjedd fleire gonger, og kjem heilt sikkert til å skje igjen. Eit skilt på fleire språk ville vore ein veldig god idé, seier ho.

Bil og telt i vann i Votedalen
Også i 2024 måtte bubilar bli bergast frå parkeringsplassen i Våtedalen. Foto: Prevben Nedreberg Holmøy

Ho meiner skilta bør stå fleire stader der det er mogleg å køyre ned mot elva.

– Det må i alle fall stå på engelsk og tysk. Mange av dei som står der, er utanlandske turistar.

Vil ikkje ha forbod

Seljeseth Ose meiner likevel ikkje at camping i området nødvendigvis bør bli forbode.

– Vi er ikkje veldig glade i forbod. Den enkelte må også ta ansvar. Men folk må bli gjorde merksame på risikoen dei tek når dei køyrer ned og campar der.

Ho meiner både grunneigarar og kommunane bør sjå på ei løysing.

Dame som står ved eit tre
Berit Karin Seljeseth Ose i Norsk Bobil og Caravan Club seier dei ikkje vil ha campingforbode på området. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Vil ta saka opp med nabokommunen

Vegvesenet seier dei ikkje har ansvar for å sette opp eit info skilt i Våtedalen. Det er kommunen og grunneigar som må gjere.

Ordførar i Gloppen, Arnar Kvernevik, meiner hendinga reiser spørsmål om informasjonen til dei som besøker Våtedalen er god nok.

– Ting kan endre seg veldig raskt i løpet av få timar. Eg meiner Gloppen og Sunnfjord bør ta ein prat om vi kan gjere noko i fellesskap for å betre tryggleiken og informasjonen, seier han.

Campingbilene som står på det som har blitt en øy
Det tok tid å få henta over bubilturistane. Foto: Per Svein Reed

Våtedalen ligg i både Gloppen og Sunnfjord kommunar.

Kvernevik seier Gloppen kommune ikkje tidlegare har fått klager om manglande skilting.

– Dette har blitt handtert når hendingane har oppstått. Men no meiner eg det er naturleg at vi følgjer opp spørsmålet.

– Må tenkje på tryggleiken

Grzegorz Zablotny, dagleg leiar i Fjordane Caravan, meiner også eit fareskilt kan vere fornuftig.

– Det kan vere blå himmel, og så kjem det plutseleg store nedbørsmengder. Då kan det bli skummelt. Vi må tenkje på tryggleiken, seier han.

Elv i ei dal. I bakgrunnen er det campingbilar.
Etter mykje nedbør kan dvatnet stige kjapt i Våtedalen. Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Han er meir skeptisk til at nokon skal få ansvar for å stenge området kvar gong det er venta mykje regn.

– Det kan kome kraftig regn midt på natta, og ein grunneigar kan vere bortreist. Det blir vanskeleg dersom éin person skal sitje med ansvaret.

For Seljeseth Ose er bodskapen enklare:

– Når vi veit at dette har skjedd fleire gonger, bør folk i alle fall bli åtvara om risikoen.