Kvinne smiler ved en turkis elsykkel utenfor Quality Hotel Expo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KORTSLUTNING: MDG-politikar Frøya Skjold Sjursæther meiner noregsprisen til regjeringa er komen heit ut av kontroll. No lanserer ho si eiga ordning. Foto: William Jobling / NRK

– Pengebruken er komen fullstendig ut av kontroll.

Det seier stortingsrepresentant frå MDG Frøya Skjold Sjursæther til NRK. Det er regjeringa si noregspris ho snakkar om.

– Det har vorte ein slags konkurranse mellom partia i Noreg der det er om å gjere å bruke mest mogleg pengar på å subsidiere energiforbruket til folk, tornar ho vidare.

– Dyr, urettferdig og dårleg for straumsparing

Debatten om kva nivå noregsprisen skal liggje på neste år, er allereie i full gang. Regjeringa sitt svar kjem i statsbudsjettet for neste år som kjem i oktober.

I dag tar staten rekninga når straumprisen går over 40 øre pr. kilowattime pluss moms.

Men over to månader før forhandlingane tar til, varslar altså MDG at dei vil skrote heile ordninga.

Sjursæther peiker på ei lang rekke uheldige sider ho meiner noregspris har.

Først meiner ho ordninga er for dyr. Medan regjeringa først anslo at ordninga ville koste litt over 10 milliardar kroner, vart dette økt til 21,5 milliardar i revidert nasjonalbudsjett i mai.

Kraftanalytikar i Volue Tor Reier Lilleholt seier til NRK at han reknar med prislappen vil ende på heile 24 milliardar.

I tillegg meiner Sjursæther at noregspris verkar uheldig sosialt. Sidan støtta er ei fastpris, vil ein forbrukar i praksis spare meir pengar jo meir straum han brukar.

en mann med hånden opp
Det var i fjor haust at noregspris vart innført. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

For det tredje peiker Sjursæther på at noregspris går ut over energisparinga ved at det vert mindre attraktivt å investere i solceller eller annan fornybar energi.

– Både den private solcellemarknaden og dei som ønsker å satse på varmepumper slit, seier ho.

Lanserer ny ordning

Men straum er dyrt. Fleire gonger dei siste åra har spotprisen på straum bikka over 3 og 4 kroner for kilowattimen.

Derfor lanserer MDG ei alternativ ordning. Den går ut på at alle hushaldningar skal få 1000 kroner avslag på straumrekninga kvar månad i vinterhalvåret.

Dette skal gjelde i dei prisområda der straumprisen har vore høgast dei siste åra, nemleg NO1, NO2 og NO5.

– Det betyr at dei som brukar mykje straum, får mindre att, og dei som brukar lite og kanskje har mindre pengar, vil få mykje meir att, seier Sjursæther.

Påstår at ordninga vil kutte milliardar

Ifølgje MDG sine eigne utrekningar, vil deira nye modell spare staten for 10 milliardar kroner.

– Kvifor er det rett å kutte i denne ordninga når det er pengar som går tilbake til folk?

– Vi meiner ikkje det er feil å hjelpe folk som slit med økonomien, med å betale straumrekninga, seier ho og fortset:

– Men vår ordning er meir treffsikker som vil hjelpe dei som faktisk treng det, heller enn å varme opp luksushytter og utandørs boblebad som noregspris gjer.

Strømmåler
– Kva kan gjerast for at dette blir billegast mogleg? Det spørsmålet er det mange politikarar som meiner dei har svaret på. Foto: NTB

Arbeidarpartiet: – Dårleg forslag

Ramma for straumstøtte er blant sakene som skal gjerast opp i statsbudsjettet i haust.

Arbeidarpartiregjeringa treng å verte samde med fire andre parti for å få fleirtal – mellom anna MDG.

Sjursæther seier partiet vil ta med seg ordninga si og kravet om å skrote noregspris inn i budsjettforhandlingane.

Men det kan sjå mørkt ut for MDG. Førebels skrur energiminister Terje Aasland (Ap) av lyset for MDG sine elektriske planar:

– Det er eit dårleg forslag. Vi har innført noregspris fordi vi ønskjer å tryggje hushaldningane i møte med høge straumprisar, seier han.

Energiminister Terje Aasland taler fra en talerstol foran en skjerm med industrimotiv. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
AMPER STEMNING?: Energiminister Terje Aasland svarar MDG med full styrke: – Det er eit dårleg forslag, seier han. Foto: Mathias Moen / NRK

Han seier noregspris skal stå ved lag iallfall fram til 2029. Det er ikkje mange av dei andre partia på Stortinget som er open for å kutte like mykje i straumstøtta.

Dermed verkar det som at spenningsnivået kring noregspris er relativt lågt – motstanden er for stor.

Meiner det er ansvarleg pengebruk

Energiministeren seier òg at ulike familiar har ulike behov.

– Nokre har eldre hus som brukar mykje straum. Andre har kanskje mange ungdommar og barn. Då vert det fort dyrt.

– Men omkring 1 prosent av statsbudsjettet – er det ansvarleg pengebruk?

– I møte med høge og uventa straumprisar meiner vi det er viktig å gi den tryggleiken til norske hushaldningar.

– Meiner du det bidreg til god energieffektivisering og straumsparing?

– Det lønner seg framleis å installere varmepumpe. Noreg er det landet i Europa med høgst antal varmepumper pr. 1000 hushalding. Det er ikkje noko grunnlag for å seie at noregspris ikkje gjer at vi inversterer i varmepumper.