– Vi kjenner oss som offer i ein maktkamp, seier Arne Kolnes.
Kolnes og broren skaffa seg bustadtomta i Farsund i 2005. Kolnes har ikkje hatt kapasitet til å bygge ut tidlegare.
Men så endra ting seg.
Kolnes bad om dispensasjon frå Farsund kommune til å byggje på tomta, som ligg i strandsona.
– Til slutt trudde vi det gjekk i orden, men så enkelt var det ikkje.
Statsforvaltaren greip inn
NRK har tidlegare omtala saka der dottera til Kolnes, Elisabeth Kolnes fekk lov til å byggje.
Mellom tomta og sjøen ligg det ein veg og eit par naust. Det er bustadhus på begge sider av tomta.
Området var dermed så utbygd at Farsund kommune gav dispensasjon til å byggje.
Men etter ein omfattande gjennomgang frå Statsforvaltaren, vart både denne og tre andre vedtak oppheva.
Statsforvaltaren fann ei rekkje feil når kommunane hadde gjeve løyve til å bygge ut.
Dei har også peika på at kommunane sin praksis med å gje dispensasjon fører til ei gradvis nedbygging av strandsona.
Og strandsona er eit fellesgode ein må ta vare på.
Langt på overtid
Sylvi Listhaug (Frp) meiner det trengst ein full gjennomgang med det klare målet å avgrense Statsforvaltaren.
– Vi må få bort Statsforvaltaren sin innsigelsesrett og sørge for å styrke den private eigedomsretten og la kommunane bestemme, seier Listhaug til NRK.
Sjølv om statsforvaltaren har funne ein rekke sakhandsamingsfeil i fleire kommunar, meiner Listhaug at ein ikkje skal kunne gripe inn når det har gått såpass lang tid.
– Dette kjem dei med langt på overtid, etter at eigentleg deira moglegheit til å gripe inn er ute.
Starta med Nordtun
Det heile starta då Dagens Næringsliv omtalte at Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk bygge i strandsona.
Også det var i Farsund.
I den konkrete saka har Stortinget vedteke at regjeringa må gripe inn, slik at både Nessa Nordtun og dei andre får bygge som planlagt.
No liggje saka hos Kommunaldepartementet, og blir teken opp att i september.
Ifølgje Listhaug er det trist at ei slik sak har skapat så mange problem, og at Statsforvaltaren kan snu etter at kommunane har gjeve løyve.
– Det er etter min meining eit eksempel på maktmisbruk, seier Listhaug.
Ho meiner det er behov for vekst og utvikling.
– Då kan vi ikkje ha ein Statsforvaltar som gjer det dei kan for å stanse prosjekt, seier ho.
Forheld seg til norsk lov
Statsforvaltar Gina Lund understrekar at det er opp til Stortinget å ta stilling til korleis strandsona skal forvaltast.
I ein e-post til NRK skriv ho at Statsforvalteren forheld seg til gjeldande norsk lov.
– Nå avventar vi departementets oppfølging av stortingsvedtaket i juni, seier Lund.
NRK har og vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet, men dei opplyser tysdag at Kari Nessa Nordtun ikkje er interessert i å kommentere saka.
Ny strandsonepolitikk
Haagen Poppe (H) er stortingsrepresentant frå Agder.
Han seier til NRK at dei har eit klart mål om at Statsforvaltaren ikkje skal kunne gripe like mykje inn som i dag.
– Vi har allereie foreslått ganske mykje og fått gjennomslag. Men vi er ikkje ferdige, og vil ta initiativ til eit møte på Stortinget for å prøve å lage ein ny strandsonepolitikk.
Høgre vil gjere det lettare å bygge i område som allereie er utbygd.
I tillegg vil partiet ha ein langt høgare terskel for når Statsforvaltaren kan gripe inn.
– Frp vil at Statsforvaltaren ikkje kan reise motsegn i det heile?
– Vi vil ikkje fjerne den moglegheita heilt, men vi vil gjere terskelen vesentleg høgare. Det vil i praksis seie at vi i mange tilfelle fjernar retten til motsegn, seier Poppe.
Vil sjå på Statsforvaltarens makt
Poppe ser for seg eit fleirtal med Høgre, Frp, KrF og Sp.
Dette fleirtalet har fått gjennomslag i fleire saker – mellom anna kutt i drivstoffavgifta.
Bengt Fasteraune (Sp) meiner ein både må sjå på lovverket og korleis det blir praktisert.
– Vi er opptekne av at strandsona er tilgjengeleg for alle, men vurderingane må kunne gjerast i kvar enkelt kommune, seier han.
Han er kritisk til at Statsforvaltaren gjennom ordningar som motsegn og lovlegheitskontroll i praksis avgjer kva som kan byggast.
– Då blir det i praksis byråkratiet som styrer og ikkje dei folkevalde.
Også stortingsrepresentant frå KrF, Jørgen Kristiansen, seier at dei er interessert i å sjå på Statsforvaltaren si makt.
– Overkjøyrer lokaldemokratiet
Sylvi Listhaug (Frp) meiner i likskap med Fasteraune og Kristiansen at makta til Statsforvalteren er alt for stor.
– De overkjøyrer lokaldemokratiet. De overkjøyrer enkeltpersonar. De fratek folk privat eigedomsrett, og eg meiner vi ikkje kan ha det slik, seier ho.
Listhaug kritiserer forskjellane ho ser i ulike deler av Noreg.
– Vi må faktisk ha rettssikkerheit i Noreg og likskap for lova. Då kan ikkje statsforvaltarane rundt omkring få ture fram sånn som dei får i altfor stor grad no.
Håper det ordnar seg
Tomteeigar Arne Kolnes håper saka ordnar seg.
Kolnes ser framover, og tar tida til hjelp.
– Eg håper sjølvsagt på eit positivt utfall, men eg forventar ikkje noko i denne saka.