– Eg trur vi har hatt veldig behov for dette.

Natta før den store dagen stod VM-feberen i taket hos dei norske tilreisande i Boston.

– Det har gått veldig lang tid utan at vi har fått oppleve noko slikt. Eg trur vi har veldig godt av å få noko slikt saman, seier August Arnstad.

To personer
VENTA LENGE: Kristin Otervik og August Arnstad er spente før kampen mot Irak. Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Saman med over tusen andre nordmenn brukte han den siste kvelden før Irak – Noreg på ein real fest, arrangert av Noregs Fotballforbund (NFF). Sjå video øvst i saka.

Det er trass alt 28 år sidan sist.

– Eg var ikkje født ein gong då (førre VM), så eg begynner å bli rimeleg lei av å høyre det, fortset Arnstad.

En gruppe mennesker, kledd i Norges supporterdrakter og flagg, samles innendørs. En person med vikinghjelm er sentral i bildet. Stemningen er livlig, med mange som smiler og holder drikke. Belysningen er rød og blå. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FEST: I lokalet til Big Night Live i Boston var det liv til langt på kveld. Foto: Pilar Olivares / REUTERS,NTB

– I dag, når eg ser alle samle seg, det er så rørande. Eg blir så glad, fortel Johan Engeset og er skråsikker:

– Eg trur dei den første kampen komfortabelt. Eg trur mange er stressa og tenker ein ikkje må undervurdere Irak. Jo, det må vi.

Statsministeren på plass

Ein som ikkje vil undervurdere Irak er statsminister Jonas Gahr Støre, som også har tatt turen over dammen for å støtte laget.

– Det er stort å vere her. Vi blir i mindretal, men eg trur vi kjem til å høyre dei godt.

Og siktar til den norske fansen, som han anslår blir om lag 8000 tilskodarar på kampen.

Støre i Boston
GLER SEG: Statsminister Jonas Gahr Støre trur norske tilskodarar vil gi lyd frå seg på tribunen, trass mindretal. Foto: Anders Tvegård / NRK

Sjølv om han også er på jobb i USA er dette noko han har gleda seg til, og mimrar tilbake til sitt første VM-minne frå 1966.

– Her fell mine personlege lyster saman med jobben. Eg synest det er viktig at statsministeren er her når Noreg er i VM for første gong på alle desse åra.

Fotballpresidenten er «piss» nervøs

– Dette er ein dag vi har venta lenge på.

På plass ved den norske leiren i Boston er Lise Klaveness, fotballpresidenten i NFF.

Ho har i likskap med landslaget vore i USA ei god stund.

– Det har vore lange veker for alle, men det har gått veldig fint for alle involverte rundt laget.

Lise Klaveness foran hotellet der den norske delegasjonen bor
PÅ TUR: Lise Klaveness har vore på plass i USA i fleire veker. Her utanfor landslaget sitt hotell i Greensboro. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sjølv om ho trur spelarane er avslappa før kampen, er det slett ikkje slik for henne.

– For min eigen del så er det å vere «piss» nervøs, men sånn er det når det er landskamp og det blir berre verre og verre, avsluttar Klaveness.

Ein som ikkje kjenner på nervane er Engeset, på festen i Boston dagen før dagen:

– Eg trur vi slår Senegal også og Frankrike. Ja, 4–0. Her er vi lite pessimistiske.

Så får vi sjå om kampen med avspark kl. 00.00 natt til onsdag står i stil med stemninga i stadionbyen.

Irak – Noreg blir sendt på TV 2 og kan høyrast i NRK Sport på radio.