Det norske VM-eventyret enda i kvartfinalen, men for fleire av spelarane kan meisterskapen berre vere starten på eit nytt kapittel.
Gjennom fleire veker har norske landslagsspelarar vist seg fram på den største scena i internasjonal fotball.
Sommarens overgangsvindauget stenger i september, og fleire ekspertar meiner prestasjonane i meisterskapen kan få mykje å seie for kva klubb fleire av spelarane representerer til hausten.
– Marknadsverdien forandrar seg radikalt etter eit slikt VM. Spesielt for land som ligg litt under dei aller største, som Argentina, Spania og Frankrike. Noreg er eit slikt land, det seier Stig Thorbjørnsen.
Han har vore talentspeidar i 25 år, og er ikkje i tvil om kva dei norske prestasjonane har å seie for spelarane.
– Nyland kan velje og vrake
Talentspeidaren meiner meisterskapen har gjort norske spelarar langt meir attraktive enn før turneringa. Han meiner fleire norske spelarar har løfta seg kraftig.
– Eg vil anta at verdien til mange av dei norske spelarane har mangedobla seg i løpet av meisterskapen.
For éin spelar har meisterskapen snudd alt på hovudet. Keeper Ørjan Nyland står utan kontrakt etter at avtalen med Sevilla gjekk ut ved sesongslutt, noko som potensielt gjer han til ein særs ettertrakta gratisspelar.
Den danske storklubben Brøndby innrømmer no at dei gjerne skulle sett Noregs keeperhelt i Brøndby-drakta – men at toget truleg har gått.
– Vi hadde keeperen vår, Patrick Pentz, i VM. Det kan hende at han blir seld i sommar, og ein av dei tenkelege erstattarane der var jo Ørjan Nyland, seier Thomas Berntsen, rekrutteringsansvarleg i Brøndby, og legg til:
– Vi hadde ein viss dialog med teamet rundt der, og det var ein veldig hyggeleg dialog. Men eg trur nok det blir ganske vrient å få han til Brøndby no.
Torbjørnsen trur Nyland no kan sikte vesentleg høgare enn dansk superliga:
– Han kan antakeleg velje og vrake på nesten øvste hylle, som ein bosmann-spelar. Eg tippar det kan bli Premier League, faktisk.
Trur på stor interesse for Glimt-kapteinen
Det er ikkje berre Nyland som blir trekt fram etter meisterskapen. Bodø/Glimt-kaptein Patrick Berg har fått mykje ros for prestasjonane sine på den norske midtbanen, spesielt i bragdkampen mot Brasil.
– Eg blir veldig overraska viss det ikkje er nokon veldig konkrete klubbar som vender seg til Glimt. Eg tenker for hans del også at timinga nå er veldig god for å ta et steg ut, og prøve seg, seier Carl-Erik Torp, og legg til at Berg har i de siste kampane vore «heilt sjef mot verdsstjerner».
Brøndbys Thomas Berntsen er samd i at Glimt-kapteinen har markert seg kraftig.
– Eg trur at Patrick Berg har fått ein veldig positiv effekt av VM, sjølv om han også har vore veldig bra i Meisterligaen, seier Berntsen, som meiner dette vil slå positivt ut på prislappen.
Torbjørnsen trur det berre er eit tidsspørsmål før Berg speler i ein langt større liga:
– Han også vil tilkalle seg interesse frå mykje større klubbar enn Bodø/Glimt. Det er heilt utvilsamt.
– Eg kan ikkje skjøne at Glimt klarer å behalde han etter dette VM-et, seier Torp.
Berg sjølv tar spekulasjonane med ro.
– Eg har det veldig fint i Bodø/Glimt. Så lenge eg er på kontrakt her, kjem eg til gje alt.
Spår førespurnader til «alle»
Både Torp og Torbjørnsen peikar også på Sander Berge som ein spelar som fortener å ta steget opp frå Fulham.
– Sander Berge, som berre spelar i Fulham. Han tippar eg vil få tilbod frå ein større klubb enn Fulham. Det er Fulham, stor klubb, ikkje misforstå. Men det er større klubbar enn Fulham rundt omkring, seier Torbjørnsen.
Brøndbys rekrutteringsansvarleg meiner inflasjonen i fotballen er høg frå før, og at sommarens eventyr neppe har vore nokon dempar på marknaden.
– Prisane vil gå opp enda meir enn dei vanlegvis gjer viss du gjer det bra i VM, og det vil jo sikkert dei spelarane som er på flyttefot i den norske leiren få erfare, seier Berntsen.
Sjølv om dei fleste spelarane i den norske troppen er godt kjende for speidarane frå før, gjer ein prestasjon som dette noko med temperaturen på overgangsmarknaden. Etter at Noreg sjarmerte verda i USA, reknar Torbjørnsen med at det vil merkast på telefonane til både agentar og klubbleiarar:
– Der vil eg anta at meir eller mindre alle spelarar vil få nokon meldingar frå større klubbar, avsluttar han.