– Det er sjette gongen dette skjer. Kvar gong er det ruta rett bak sjåføren som blir treft av eit prosjektil, fortel sjef for busselskapet Vy si avdeling i Nordhordland, Pål Presttun.
Han meiner det er nokon som har skote mot bussane, men han vil ikkje kommentera kven som har skote eller kva vedkomande har skote med.
Onsdag opplyser politiet at ein mann i 40-åra er pågripen i saka.
– Politiet vil ikkje gje ytterlegare opplysningar, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt i ei melding til pressa.
Jourhavande politiadvokat opplyser til NRK at mannen så langt ikkje har fått oppnemnt forsvarar.
Vindauge pulverisert
I 17.30-tida tysdag ettermiddag fekk passasjerar og sjåfør på bussen frå Ådland ein ubehageleg støkk.
Medan bussen var i fart, vart det ytste laget på eit av sidevindauga plutseleg pulverisert.
Ingen personar vart fysisk skadde i hendinga, men saka føyer seg inn i eit skremmande mønster. Avisa Nordhordland omtalte saka først.
– Fryktar for sikkerheita
I ein lang periode har bussane opplevd fleire tilfelle av uforklarleg vindusknusing på den same strekninga.
Selskapet stansa onsdag kveld all busstrafikk mellom Espetveit og Ådland inntil vidare.
– Sjåførane synest det er ei stor belastning å køyre der, og eg fryktar for sikkerheita til både tilsette og passasjerar. Dette er veldig ugreitt, og er ei vanskeleg sak, seier Presttun til NRK.
Han understrekar at skadeverket ikkje ser ut til å vere retta mot enkeltsjåførar, men framstår som tilfeldige handlingar.
Det har stort sett vore få eller ingen passasjerar i bussane når prosjektila har treft.
Startar igjen i morgon
Etter pågripinga onsdag kveld, har Vy bestemt seg for å starta opp igjen bussruta frå og med torsdag morgon.
– Vi er glade for at politiet har kome vidare i saka, seier Presttun til NRK onsdag kveld.
I tillegg til utryggleiken kostar hendingane selskapet dyrt.
– Å erstatte eit enkelt bussvindauge kostar rundt 30 000 kroner. Vy har overlevert både GPS-data og videomateriale frå bussen til politiet, opplyser Presttun.
Politiet: – Høgt prioritert
Politiet i Nordhordland sa tidleg onsdag at dei ser alvorleg på saka og etterforskar no om tysdagens hending har samanheng med dei liknande tilfella frå tidlegare.
– Saka er høgt prioritert og vi har sett på mange ressursar. Vi har tatt avhøyr og gjort åstadundersøkingar der vi blant anna har sikra video frå bussen, fortel politistasjonssjef Julie Ekeland til lokalavisa Nordhordland.
Ei ubehageleg situasjon
– Som ordførar er eg glad for at politiet etterforskar saka og har prioritert ressursar til det, noko vi òg ser har gitt resultat, seier ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad (Sp) til NRK.
– Kva tenkjer du at slike hendingar gjer med eit lokalsamfunn?
– Det er klart det er ein ubehageleg situasjon. Då er det viktig å halde seg til den informasjonen ein får frå politiet. Det er òg sendt ut informasjon til dei ramma skulane knytt til risikoen politiet vurderer kring dette og kva ressursar dei set inn på etterforsking.