Mann med briller og gråsprengt skjegg snakker inn i mikrofon. Han har på seg dress og et mønstret slips. I bakgrunnen er en blå vegg med tekst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VIL TRYGGE: WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus skal vere til stades på Tenerife i det cruiseskipet kjem til øya. Torsdag snakka han på ein pressekonferanse om utbrotet på skipet. Foto: CHRISTOPHER BLACK / World Health Organization,NTB

Cruiseskipet «Hondius» skal etter planen kaste anker utanfor den isolerte industrihamna Granadilla, søraust på Tenerife, søndagsmorgon.

Det har vore knytt mykje uro til skipet med utbrot av hantavirus blant passasjerane.

No talar sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, direkte til folket på øya, i håp om å trygge dei før skipet kjem.

– Dette er ikkje ein ny covid, seier han i ei fråsegn.

– Den noverande folkehelserisikoen frå hantavirus er låg, legg han til.

WHO-sjefen understrekar at dei 147 passasjerane ikkje skal ha kontakt med befolkninga på øya.

Ghebreyesus kom til Tenerife laurdag kveld, og skal vere med å ta i mot passasjerane søndag.

WHO-sjefen på plass

Ghebreyesus nyttar også moglegheita til å takke spanske myndigheiter og statsminister Pedro Sánchez for å ta imot skipet.

– Eg kalla det ei handling av solidaritet og moralsk plikt. Fordi det er nettopp det det er, seier han.

Lokale styresmakter ville ikkje at skipet skulle legge til utanfor øya, i frykt for smitte og negativ påverknad på turismen.

NRKs reporter følger førebuingane på Tenerife:

Land med medisinsk kapasitet har plikt til å ivareta «tryggleiken og verdigheita» til passasjerane på skipet, ifølge WHO-sjefen.

– Medmenneskelegdomen fortener å bli vitna, ikkje berre bli anerkjent frå avstand, seier han.

– Som eg har sagt tidlegare: Virus bryr seg ikkje om politikk, og dei respekterer ikkje landegrenser. Den beste immuniteten nokon av oss har, er solidaritet.

– Moralsk og juridisk plikt

WHO-sjefen møtte Sánchez i Madrid laurdag, før han drog vidare til Tenerife.

– Å akseptere førespurnaden frå WHO og tilby ei trygg hamn, er ei moralsk og juridisk plikt overfor våre borgarar, Europa og folkeretten, skriv statsministeren på X etter møtet.

– Spania vil alltid stå på same side som dei som treng hjelp, fordi det finst avgjerder som definerer kven vi er som samfunn, legg han til.

Følg utviklinga her:

WHO: Låg smittefare

WHO heldt ein pressekonferanse laurdag for å svare på spørsmål om situasjonen.

– Det er ingen passasjerar med symptom per no, seier Maria Van Kerkhove, fungerande direktør for WHOs handtering av epidemi- og pandemitruslar.

Ho understrekar at WHO er til stades for å overvake situasjonen, og at smittefaren for lokalbefolkninga på Tenerife og folk i verda er låg.

Det siste døgnet har WHO saman med samarbeidsland planlagt korleis dei best skal handtere passasjerane etter at dei er floge ut frå øya.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix: