Lars Solbakken jobbar som distribusjonssjåfør i Salten-området og køyrer varer til ferja som går til Moskenes.
Han synest det er krevjande å køyre tungbil når trege bilar stadig hindrar flyten. No på sommaren er det spesielt bubilar som skapar problem, fortel han.
– Særleg tyskarar, må eg jo berre få lov å seie. Det verkar som dei bruker vegen for alt han er verd.
Trass varierande sommarvêr i nord er det mykje trafikk på vegane – og treg trafikk som fører til skumle forbikøyringar.
Tysdag fortalde NRK om ein livsfarleg forbikøyring framfor eit 50 tonn tungt vogntog, som var millimeter frå å ende i tragedie.
Ein personbil køyrde forbi ein hjullastar – midt i ein sving – i 80-sona. Sjåføren fekk ikkje med seg at vogntoget kom køyrande i motsett retning.
Berre ein rask unnamanøver frå mjølkebilsjåfør Bjørnar Solvoll gjorde at dei to køyretøya ikkje smalt saman:
Men kva med dei som ligg fremst i køen og køyrer for sakte og skapar kø? Yrkessjåfør Lars Solbakken meiner sinkene òg har eit ansvar.
– Det er trongt på vegane her, men vi yrkessjåførar tar omsyn til alle andre framfor, og bak oss. Det er ein sjølvsagt ting, seier yrkessjåføren.
For yrkessjåførar er spegelen det viktigaste verktøyet – eit verktøy Solbakken meiner mange turistar gløymer å bruke.
– Det synest eg er litt sløvt. Det er dårleg planlegging frå folk som køyrer fremst.
Tysk bubilturist: – Kan forstå at nordmenn er irriterte
I ferjekøen med bilar som skal over til Lofoten møter vi tyske Vincent Büsch, som er på bubilferie med kjærasten.
Han fortel at han har lese reisehandboka om Noreg og veit at ein skal sleppe folk forbi, men kjenner seg ikkje att i at han er ein propp.
– Eg kan forstå at det er frustrerande å ligge bak ein bubil om du er på veg til jobb. Men eg køyrer så hurtig som det er lov. Å køyre bubil er noko anna enn å køyre ein BMW eller Mercedes.
Han peikar på at det same skjer i Tyskland når danskane kjem på vegane der.
– Då kan eg tenke: «åh, han køyrer for sakte».
Han legg til:
– Vi som er på ferie her har jo litt betre tid. Så eg skjønar godt at nordmenn blir irriterte. Men om norske myndigheiter gjer noko med reglane, så har eg full forståing for det òg.
Irritert ordførar
Etter fleire episodar med livsfarlege forbikøyringar i Nordland i sommar, vil ordførar Vidar Benjaminsen (H) i Lofoten-kommunen Vågan gjere noko med dei som køyrer for sakte og skapar kø.
I eit debattinnlegg i Lofotposten etterlyser han meir informasjon til turistane, og skriv at sinkene òg har eit ansvar.
– Sjølvsagt er det alltid den som køyrer forbi som har hovudansvaret. Men bilistar som køyrer for sakte og nektar å sleppe køen forbi, skaper livsfarlege situasjonar i sommar- og vintertrafikken.
No ønsker han kampanjar og betre opplysning på plass og etterlyser fleire skilt på ferjer og rasteplassar.
– Då eg var yngre, stod det mykje informasjon på ferjene om at ein måtte passe på å sleppe trafikken forbi og vere ein god medtrafikant. I dag finn eg ingen slik kommunikasjon. Kanskje bør Statens vegvesen få på plass ein kampanje for å bevisstgjere folk og klargjere regelverket? Folk må forstå at dei har ei plikt til å sleppe andre forbi, meiner ordføraren.
UP: Stoppar sinkar dagleg
Distriktsleiar Geir Marthinsen i Utrykkingspolitiet (UP) i Nord-Noreg støttar oppfordringa til ordføraren om å bruke bakspegelen.
– Me oppfordrar til dette kvar einaste dag. Vi stansar regelmessig folk som ligg fremst i køen og fungerer som ein propp i systemet.
– Kva gjer de då?
– Når me står i kontroll og ser at farten er langt under fartsgrensa, luker me ut vedkommande og forklarer at ein må sleppe forbi annan trafikk, seier Marthinsen.
Kan ikkje straffast
Han peikar på at politiet har avgrensa høve til å straffe dei som køyrer sakte.
– Det er ikkje ulovleg å køyre sakte, og vi kan ikkje gi folk bot for det. Men om nokon bevisst lagar kø over ein lengre strekning, kan vi melde dei til politiet. Då må vi ha sett det over tid sjølv, og ikkje berre i det dei kjem rundt ein sving.
UP-sjefen peikar også på at vegstandarden gjer det vanskeleg for fleire å sleppe andre fram.
– Mange strekningar, særleg i Lofoten, er smale og manglar ordentlege utkøyringsplassar for bubilar og bilar med campingvogn, seier Marthinsen.
Sjølv om dei fleste stygge ulykkene i nord skjer fordi folk køyrer ut av vegen eller krasjar i møtande trafikk, åtvarar han sterkt mot forbikøyringar.
Når det først går gale der, kan skadane bli alvorlege.
– Når det oppstår farlege situasjonar i svingar eller ved uoversiktlege parti, kan skadane bli enorme. I nokre tilfelle har det vore rein flaks at det ikkje har enda i ei dødsulykke, seier Marthinsen.