To menn i treningstøy i samtale innendørs. Fokus på en skjeggete mann i mørk trøye.
NRK møter Zlatko Tripic og resten av spelarane i England før møtet med Aston Villa i Meisterligaen onsdag. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– De er vel ute etter klikk. Denne gongen håpar eg at vi klarer å skape gode overskrifter om korleis vi er som klubb og lag, seier Zlatko Tripic.

Viking-kapteinen har akkurat fått spørsmål om stormen han har stått i dei siste dagane.

Fotballspiller i Viking-drakt ligger på gresset og holder seg til magen med et tydelig smerteuttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Zlatko Tripic fekk seg ein smell i ribbeina under kampen. Etter kampen har det runne inn med hets. Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB

Etter 3–3-bragda mot Bayern München i Meisterligaen, der Tripic reiv, sleit og hissa opp Bayern-stjerna Michael Olise, har reaksjonane hagla.

I Tyskland blei han omtalt som ein «dritsekk», medan Bodø/Glimt-målvakt Nikita Haikin kalla oppførselen «uakseptabel».

Tysdag kommenterer han sjølv kritikken, og seier han meiner situasjonen har blitt haussa kraftig opp.

– Spelte slik som eg pleier

– Først og fremst tenker eg at kritikken kjem fordi eg er ein god fotballspelar. Eg håpar merksemda ligg der, i botn og grunn. Eg har ein tøff spelestil og gir mykje juling, men får også mykje juling, seier Tripic til NRK.

– For å vere heilt ærleg så synest eg ikkje eg var så utruleg ufin mot Bayern München. Eg trur eg laga eitt frispark i kampen, held han fram.

– Men det var vel gjerne det at du fall litt fort?

Mann med skjegg holder hånden til haken mens han snakker med andre personer innendørs.
– Eg synest det er beklageleg overfor resten av laget at det blei overskrifta, seier Viking-kapteinen til NRK. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Nja, men det var frispark i kvar situasjon. Eg spelte slik som eg pleier. Det var millionar av supporterar som støttar Bayern München, og dei var nok litt misfornøgde med at dei ikkje knuste oss.

Viking-profilen legg ikkje skjul på at han synest mediemerksemda etter kampen har blitt litt vel mykje.

– Eg har opplevd mykje mediestyr gjennom karrieren min. Eg skjønner at det er ein del av oppgåva deira, sjølv om eg synest det gjekk litt over kant denne gongen.

– Eg synest det er beklageleg overfor resten av laget at det blei overskrifta, seier kapteinen kontant.

Viking-trenar Morten Jensen seier dei prøver å skjerme fleire av spelarane for den store merksemda rundt Meisterligaen.

– Eg synest folk burde gå ein runde eller to med seg sjølv før dei bestemmer seg for å lire av seg alle slags meldingar. Zlatko er eit fantastisk menneske, både på og utanfor banen, seier Jensen.

Korthåret mann i sort, rosa og hvit treningsjakke ser seg til siden i et rom med andre personer.
Viking-trenar Morten Jensen seier dei forsøker å verne om fleire av spelarane. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ventar den tøffaste kampen i karrieren

Onsdag ventar bortekamp mot Aston Villa på Villa Park i Birmingham.

På ein pressekonferanse tysdag blei storklubbens trenar Unai Emery spurd om Tripic' spelestil.

– Slik dei spelte mot Bayern München og Stuttgart var fantastisk, også slik dei er i ligaen. Dei kjempar mot Bodø/Glimt, og dei hadde ein fantastisk sesong i fjor og året før. Eg trur dei er på ein god stad. Dei har trua på seg sjølv, spesielt kapteinen og andre spelarar òg. Men eg trur at dei som kollektiv er klare for å konkurrera, seier han.

Aston Villa Johan Manzambi
Aston Villa er storfavorittar mot Viking i Meisterligaen i morgon. Foto: Reuters

Tripic er ærleg på at det er ei tøff oppgåve som ventar dei i Meisterligaen.

– Blir dette den tøffaste kampen du nokre sinne har spelt?

– Då hadde eg nok svart ja. Fordi du speler på bortebane mot ein så tøff Premier League-motstand. Engelsk fotball er den beste divisjonen i verda.

Lagkamerat Henrik Heggheim førebur seg også på ein tøff kamp på Villa Park. Han meiner likevel at kampen mot Bayern München viser at Viking kan hamle opp mot dei aller, aller beste.

– Det blir ein vanskeleg kamp defensivt. Vi må prøve å stå i mot og prøve å skape endå fleire sjansar.