NRK
Raud Ungdom: Raudt vil halvere støtta til ungdomspartiet
Ifølge generalsekretær i Raud Ungdom, Zelda Hasle Borgersrud Øgrim, har sentralstyret i Raudt foreslått å halvere den årlege støtta til ungdomspartiet. – På landsstyremøtet skal budsjett for 2027 opp, og då har sentralstyret i Raudt vedtatt ei innstilling til landsstyremøtet på at pengestøtta skal kuttest frå to til éin million kroner i 2027, seier ho. Ho fortel at dette er ein femtedel av det totale budsjettet til RU, og at eit vedtak vil få store konsekvensar. – Det vil ha mykje å seie for oss, særleg i eit valkampår, seier Øgrim. Økonomiansvarleg i Raudt, Trine Skaug Martinsen, stadfestar innstillinga. – Sentralstyret innstilte på at Raud Ungdom i 2027 skal få éin million kronar. Dei har vore vant til å få meir, så vi forstår at det kjem reaksjonar. Samtidig har RU over tid bygd opp ein betydeleg eigenkapital, seier ho. Ho forklarar vidare at Raudt er i sterk vekst og trenger fleire ressursar i eit år der dei skal stille rekordmange lister og mange nye medlemmar. – Etter ei heilskapsvurdering meiner vi at midlane blir best brukt slik, avsluttar Martinsen. Forslaget skal opp på landsstyremøte i byrjinga av november,