Martin Wiig Haukali (V) meiner eit parkeringshus på Sirkelen aldri blei vurdert på den måten som det skulle. Han ønskte ei politisk sak med eit kostnadsoverslag for dette, og meinte ei intern vurdering i administrasjonen ikkje er nok.
Martin Wiig Haukali (V) meiner eit parkeringshus på Sirkelen aldri blei vurdert på den måten som det skulle. Han ønskte ei politisk sak med eit kostnadsoverslag for dette, og meinte ei intern vurdering i administrasjonen ikkje er nok. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Venstres Martin Wiig Haukali mimra tilbake då han fremma forslaget sitt for kommunestyret, også på vegner av Industripartiet:

Dei ønskte ei utsetjing av saka, fordi dei meiner at kommunen ikkje har følgt opp tidlegare vedtak frå politikarane.

Han ville at kommunen skulle kome tilbake med eit kostnadsoverslag av parkeringshus ved Sirkelen i staden, som har vore oppe tidlegare.

Men argumentasjonen overtydde ikkje kommunestyret, og diskusjonen heldt fram.

Ville ned med 50 parkeringsplassar

Dei to partia hadde ein reserveplan i erme. Når ikkje utsetjingsforslaget gjekk gjennom, ville dei senke prisen så godt dei kunne.

Dei la fram eit forslag om 100 parkeringsplassar i staden.

– Per i dag blir det om lag 70 millionar i staden for 104. Men me er redde for at det stig til minst same pris om ti år, sa Industripartiets Elisabeth Samnøen Thomassen.

Med det viste ho til at det i avtalen ligg inne at prisen skal justerast i samsvar med prisendringar frå kontrakten blir inngått og fram til bygging.

– Det er jammen luksus med 150 parkeringsplassar til 150 tilsette i ei tid kor me skal oppfordra til meir gåing, sykling og bruk av offentleg transport. Dette ønskjer me sjølvsagt å oppfordra dei som nyttar seg av kulturhuset utanom også, som ikkje er tilsette, fortsette ho.

– Veit ikkje konsekvensen

Kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen, som måndag fungerte som kommunedirektør, viste til at den aukande aktiviteten i sentrum som følgje av Plogenparken, også har auka parkeringsbelastninga hos naboane.

Tidlegare i sommar skreiv Jærbladet om at dette særleg har gått ut over Håland Kjøtt.

– Talet på 150, med aktiviteten me forventar at skal vere, trur me er riktig. Ein ting er dei tilsette – eg pushar dei alt eg kan til at dei skal gå og sykle, og eg meiner sjølv at eg er eit førebilete, men på dagtid skal det også vere mange besøkande på bygget, sa ho.

Ho understreka også at prinsippsaka som formannskapet behandla før avtaleutkastet blei laga, i fjor haust, sa inntil 150 parkeringsplassar.

– No har me forhandla fram ein avtale på 150 plassar. Viss me hadde gått tilbake no veit me ikkje konsekvensen for parten me har forhandla med, for no er prosjektet planlagt ut ifrå det antalet.

Kommunens forslag, med 150 parkeringsplassar, blei vedtatt med stort fleirtal.