Parkeringsplassane skal byggast under bakken i eit av bygga som Coop Klepp Invest AS planlegg å oppføre i sentrum.
I fjor haust inngjekk kommunen ein med samvirkelaget.
Etter forhandlingar skal eit avtaleforslag no til endeleg politisk behandling.
– Kommunedirektøren meiner det er funne ei løysing som sikrar parkering til viktige funksjonar i sentrum samtidig som det ikkje legg beslag på areal som kunne vore nytta til andre føremål, heiter det i sakspapira.
Innan dei neste ti åra
Parkeringsanlegget skal ha felles nedkøyringsrampe og kulvert med andre delar av anlegget.
Det blir også etablert eigen inngang til kommunen sine parkeringsplassar frå torget, med trapp og båreheis.
Minst ti prosent av parkeringsplassane blir tilrettelagt med straum, som gir moglegheit for elbillading.
Sju av plassane skal vere HC-parkering.
Overtakinga har frist innan årsslutt i 2035.
I mellomtida skal kommunen ha parkeringsplass på meieritomta.
Nesten 700.000 for éin parkeringsplass
Den totale kjøpesummen er 104.654.289, opplyser sakspapira.
Med dette er samla kostnad omtrent 697.695 kroner per parkeringsplass.
Dette ligg også inne i kommunedirektøren sitt forslag til handlings- og økonomiplan for 2026-2029, omtalt under tiårsplanen.
Midlane ligg inne i 2034. Planen skal til endeleg behandling i kommunestyret 15. desember.
– Ramma for prosjektet er der auka fordi det i tidlegare kalkylar var lagt til grunn prisar for parkeringsplassar over bakken. Anlegget blir fullt ut under bakken, og det medfører høgare prisar, heiter det.
For berekna byggekostnad er det gjort eit påslag på 15 prosent knytt til blant anna finanskostnader, prosjektering og prosjektleiing.
Prisen blir justert i samsvar med prisendringar i Norsk prisbok frå kontrakten blir inngått og fram til byggestart av byggetrinn to.
Kommunedirektøren skisserer to moglegheiter for finansiering avhengig av kva tilbakemelding Skatteetaten kjem med:
- Utbyggaren, Coop Klepp, kan ikkje krevje frådrag for meirverdiavgift. Kommunen vil be om ein førehandsuttale som, avhengig av svaret, opnar for at kommunen i ti minst år kan etablere avgiftsfri parkering.
- Dersom Skatteetaten gir eit negativt svar, vil alternativet vere å innføre betaling for å bruke parkeringsplassane, for å kunna få frådrag for moms. Erfaringar frå Sola rådhus viser at parkeringsavgifta kan settast svært lågt.
Begge partar har behov for avklaring
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad er altså positiv til avtalen som den ligg no.
– Utbyggar har behov for avklaringar knytt til kva dei skal byggje når dei skal i gang med så store investeringar i Kleppe sentrum. Kommunen har behov for å få på plass ei endeleg løysing for parkeringsplassar i sentrum slik at ikkje meieritomta blir utilgjengeleg for utvikling på ubestemt tid, skriv ho i papira.
Kommunedirektøren meiner løysinga med at kommunen sjølv eig parkeringsplassane er god av fleire grunnar, mellom anna at kommunen kan dekke utgifta over investeringsbudsjettet, noko som ifølgje kommunen er meir økonomisk gunstig enn om ein skulle leige.
– Det er per no ikkje bestemt at det skal vere betalingsparkering eller tidsavgrensingar på bruk av plassane, men dette kan vere aktuelt å ta opp på eit seinare tidspunkt, heiter det.