FARSE: Domuspadda, kleisa, domuskaga. Jærsk og farse heng tett saman. Ragnhild Bøe Røgenes fortel at det var på Domus alt starta.
FARSE: Domuspadda, kleisa, domuskaga. Jærsk og farse heng tett saman. Ragnhild Bøe Røgenes fortel at det var på Domus alt starta. Foto: Jærbladet / Snorre Standish Norheim

Ei velskulert betening på 32 tilsette i Jæren Forbruksforening kunne torsdag 25. mai 1972 ønska kundane velkomne til eit 1800 kvadratmeter stort varehus på Bryne torg.

Nærmare 6,5 millionar kroner var investerte i bygg og inventar. Det lokale samvirkelaget var blitt del av kjeda Domus, forgjengaren til Coop Obs!

Bak disken i delikatessa, stod to 19-åringar frå Brusand og Bore, Ragnhild Bøe Røgenes og Margit Jøssang.

Som 16-åringar kom dei frå eitt år på handelsskulen på Bryne, til jobb og hybel på gamle «Forbruken» ved torget.

I forkant av opninga av den nye flaggskipbutikken, drog veninnene saman med pølsemakar Sverre Stangeland, på ein tre dagar lang studietur til Domus på Nesttun utanfor Bergen.

FORBRUKEN: Jærens Forbruksforening, midt i bildet og rett ved torget, fotografert i 1929. Bygningen vart erstatta av eit moderne bygg med parkering på taket.
FORBRUKEN: Jærens Forbruksforening, midt i bildet og rett ved torget, fotografert i 1929. Bygningen vart erstatta av eit moderne bygg med parkering på taket. Foto: Foto: Ukjent (brukt med løyve frå Time bibliotek)

Farse frå starten

Snakkar du med folk som minnest Domus, startar dei med ein gong å presentera sitt mentale kart over butikken, som ifølge Stavanger Aftenblad var så stor at kundane vart utstyrte med faktiske kart på opningsdagen.

Studieturen til Domus Nesttun skulle gje svar på kva type produkt delikatesseavdelinga – som var noko nytt på Bryne – skulle selja.

Inspirasjonen til farsen er kanskje bergensk, men at matfenomenet har opphav på Bryne, er Ragnhild Bøe Røgenes klar på.

– Me laga vår eigen vri. Me tenkte med ein gong på kva me skulle gjera slik at dette skulle bli attraktivt.

Derfor blanda Sverre Stangeland bacon og frosne grønsaker i kjøtfarsen, som vart levert frå Rogaland Fellessalg.

Farsane vart steikte i ein stor grill, i firkanta porselensformer som vart roterte inne i omnen. «Plettane» vart smurde før bruk, og måtte vaskast etterpå.

– Det var litt av eit styr, fortel Ragnhild.

UTBREIDD: Kristine Søyland lagar farse hjå R. Skretting på Varhaug i april 2022. Matretten er å få i alle tre jærkommunane, og somme stader utanfor Jæren, men det var på Domus på Bryne det starta.
UTBREIDD: Kristine Søyland lagar farse hjå R. Skretting på Varhaug i april 2022. Matretten er å få i alle tre jærkommunane, og somme stader utanfor Jæren, men det var på Domus på Bryne det starta. Foto: Foto: Håvard Ovesen
FLAGGSKIPBUTIKK: På opningsdagen var det musikk i gatene, ballongslepp frå taket og varer i reolane verd to millionar kroner. Butikken hadde parkering på taket, handlevogner, snopekiosk og avdelingar for kosmetikk, jernvare, daglegvare, manifaktur og delikatesse.
FLAGGSKIPBUTIKK: På opningsdagen var det musikk i gatene, ballongslepp frå taket og varer i reolane verd to millionar kroner. Butikken hadde parkering på taket, handlevogner, snopekiosk og avdelingar for kosmetikk, jernvare, daglegvare, manifaktur og delikatesse. Foto: Foto: Faksimile frå Jærbladet

Populær i 50 år

– Me var så spente på korleis dette skulle slå an. Men etter kvart vart køane lange, i skulefriminutta, og me var utselde kvar dag.

Ragnhild har ofte tenkt at det manglar noko i historia om farsen – som er eit hyppig tema i lokalavisa, og som nyleg vart presentert i eit NRK-innslag som gjekk viralt.

Delen som manglar, er kanskje den aller viktigaste, om kor farseeventyret starta.

– Det er ikkje kome fram. Men han er altså her ifrå, og nå er det visst gått 50 år sidan, eit jubileum som Kjell Olav Stangeland nyleg gjorde folk i gruppa Jæren før i tida merksame på.

OPPHAVET: Farsen spreidde seg til andre utsal på Bryne, og var snart også å få tak i i nabokommunane. Men det var på Domus det heile starta, slår Ragnhild Bøe Røgenes fast.
OPPHAVET: Farsen spreidde seg til andre utsal på Bryne, og var snart også å få tak i i nabokommunane. Men det var på Domus det heile starta, slår Ragnhild Bøe Røgenes fast. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Farse i to brød?

I innslaget på «Norge Rundt», blir farsen kalla «drengamad».

Men frå starten var det særleg elevane på Landsgymnaset som kom trekkande nedover frå Geidahodnet for å få seg ein rimeleg og mektig lunsj.

Det flate, søte kveitebrødet – heideveggen – har alltid vore farsens faste følgesvein.

Ragnhild, som jobba mange år på Domus før ho gjekk vidare til andre jobbar, kan aldri hugsa å ha blitt spurt om å dela farsen i to.

– Nei, det er heilt nytt. Det var ikkje deling då, det gjorde me aldri i mi tid, seier ho bestemt.

EITT BRØD: Simon Elias Bogen et farse til lunsj fredag. Studentpraktikanten frå Løten, som vart introdusert for farse i ein lang pause mellom viing og bryllaupsmiddag, føretrekker baconfarse i eitt brød.
EITT BRØD: Simon Elias Bogen et farse til lunsj fredag. Studentpraktikanten frå Løten, som vart introdusert for farse i ein lang pause mellom viing og bryllaupsmiddag, føretrekker baconfarse i eitt brød. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Identitetsmarkør

I 2022 får ein servert farse – i eitt eller to brød – i alle tre jærkommunane. På 50 år er farsen blitt ein jærsk identitetsmarkør, omtrent på linje med dialekten, steingardar og vinden.

– Me hadde ikkje peiling på korleis dette ville bli. Det var berre noko me skulle prøva, sidan alt i butikken og delikatessa var nytt. Men det var raskt populært, og snart var det andre som begynte å laga farse, sidan me selde så godt, seier Ragnhild.

Ragnhild fortel at ho ikkje har prøvd farse på fleire år, men synest framleis det er godt. Det gjer også barnebarnet hennar, som bestiller farse frå mor kvar fredag.