Sidan april har særleg mange droppa toget, viser reisetala som Kolumbus la fram for fylkespolitikarane onsdag:

Jærbanen hadde over 5,2 millionar påstigingar frå slutten av august 2025 til slutten av august i år. Det er mange, men likevel 11,8 prosent færre enn i dei førre 12 månadene. Då registrerte Kolumbus over 5,8 millionar reiser.

Det betyr 616.000 færre reiser på Jærbanen dei siste 12 månadene, enn i same tidsrom før.

Kolumbus statistikk Jærbanen august 2026
Kolumbus statistikk Jærbanen august 2026 Foto: Foto: Skjermbilde

Sterk nedgang sidan april

Spesielt sterk har nedgangen vore sidan april, viser Kolumbus sine tal.

«August hadde 14,2 prosent færre påstigninger sammenlignet med august i fjor. Nedgangen har vært over 14 prosent hver måned siden april», står det i rapporten.

I sommar meldte Kolumbus, som er fylket sitt transportselskap, at bilbruken hadde gått litt opp i første halvår, med 1,1 prosent. Kolumbus ventar på dei nyaste tala for dette, frå Statens vegvesen.

I heile 2025 hadde Jærbanen tett på 5,8 millionar påstigingar. Dei siste tala baserer seg derimot på perioden august til august.

Viss nedgangen held seg ut året, går det mot eit passasjertal for 2026 på rundt 5,1 millionar turar. Sist gang talå låg i det området, var i 2023.

- Me har ingen måtar å måla reisene på, seier Oda Riska, kommunikasjonsansvarlig i Go-Ahead.
- Me har ingen måtar å måla reisene på, seier Oda Riska, kommunikasjonsansvarlig i Go-Ahead. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Ingen spesiell bekymring

Nedgangen i første halvår bekymrar ikkje togselskapet Go-Ahead, ifølge kommunikasjonsansvarleg Oda Riska.

– Me har hatt ein voldsom oppgang i fleire år før, med mykje høgare passasjertal enn det som var venta. Dei er framleis veldig gode. Så me er ikkje bekymra for dette, seier ho til Jærbladet.

Go-Ahead sin kontrakt på Jærbanen går ut ved utgangen av 2027. Då tar Vy over. I mellomtida baksar selskapet med eit ruteopplegg der dei manglar eit togsett som dei hadde før, og der mykje av materiellet er så slite at det til einkvar tid må reparerast.

Det er selskapet Norske Tog, ikkje Go-Ahead, som står for sjølve toga. Men vedlikehaldet er det Go-Ahead som har ansvaret for.

Prisane gjekk opp, så gjekk dei ned

Prisauke og driftsutfordringar er dei viktigaste drivarane til at færre tar Jærbanen, meinte Kolumbus i mars.

Driftsutfordringane går ikkje vekk.

Men billettprisane, som blei sett opp to gongar i fjor, er sett ned to gongar i år og er frå september lågare enn dei var før den første prisauken i 2025.

Go-Ahead veit ikkje kva årsaka til den kraftige trafikknedgangen i første halvår er, seier Oda Riska. Ho vil heller ikkje spekulera i det.

– Me har ingen måtar å måla slikt på. Billettordningane går via Kolumbus. Me får sjølvsagt tilbakemeldingar, men har ikkje fått meldinger spesifikt om at folk sluttar å ta toget.

Billettprisane gjekk opp to gongar i fjor haust, og har gått ned igjen to gongar i år. Nå er prisane lågare enn dei var før den første auken.
Billettprisane gjekk opp to gongar i fjor haust, og har gått ned igjen to gongar i år. Nå er prisane lågare enn dei var før den første auken. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Smekkfulle tog i rushtida

Joakim Grude har ikkje gitt opp toget. Han pendlar frå Egersund til Forus og er administrator for Facebook-gruppa Pendlere på Jærbanen. Han er ein av mange som går av og på toget på Gausel stasjon på veg til og frå jobb.

Heller ikkje han veit kva som ligg bak nedgangen. Men som brukar av Jærbanen har han særleg to teoriar:

– Fulle tog er ein gjengangar. Folk blir frustrerte når toget er stappfullt, seier han.

Sjølv får han sitta når han kjem på i Egersund om morgonen. Men frå Bryne og nordover er det ofte ståplass, ser Grude.

Han går av og på på Gausel for å ta buss vidare til arbeidsplassen på Forus.

– Står til Sandnes på heimvegen

Det er på veg heim om ettermiddagen at han sjølv verkeleg merker trengselen. På avgangar i halv fire-firetida frå Gausel er det så vidt folk kjem innanfor døra på toget, ifølge pendlaren.

– Då står me til Sandnes. Viss eg er litt street smart då, klarer eg å snika meg til eit sete før alle som kjem på der, veltar inn. Det er verkeleg kamp om plassane, litt dårleg luft, og av og til høyrer med ikkje kva dei seier på høgtalaren. Me merker slitasjen, seier han.

Frå Bryne og nordover er det ofte ståplass om morgonen, erfarer pendlar Joakim Grude.  Her frå Sandnes stasjon.
Frå Bryne og nordover er det ofte ståplass om morgonen, erfarer pendlar Joakim Grude. Her frå Sandnes stasjon. Foto: Foto: Mikkjell Lønning

– Blodsmak på sprang til bussen

Den andre negative faktoren han sjølv opplever, er at bussen som før korresponderte med toget på Gausel stasjon, ikkje gjer det lenger.

– Kolumbus sine nye ruter korresponderer ikkje lenger. Nokre gongar spring folk så me får blodsmak i kjeften, for å rekka ein buss. Andre gongar risikerer me å stå 15 minutt og venta på neste. Eg veit at det frustrerer mange, seier Joakim Grude.

Når vêret er fint, løyser nokre dette ved å hiva seg på ein av dei fire-fem bysyklane som står parkert på stasjonen, ifølge pendlaren.

– Men me er jo ein heil drøss som skal til Forus, seier han.

Alt i alt har han fått lengre reisetid. Å ta bilen er likevel ikkje aktuelt, seier Grude.

– Det er kostbart og mykje meir slitsamt. For meg funkar toget. Men eg hadde nok ikkje våga å satsa på det viss eg hadde ungar som måtte hentast om ettermiddagen.

– Må halda trykket oppe

Grude er også varamedlem i styret i Egersund Høgre. Han oppfordrar politikarane til å få Kolumbus og Go-Ahead til å samkøyra rutetider.

– Og så må fylkespolitikarane og Rogalandsbenken halda trykket oppe på materiell-situasjonen. Dei seier dei skal ha ein «soft renovation», men me ventar på brukte tog frå Austlandet. Framtida for materiellet er ikkje positiv når slitasjen berre aukar. Som pendlar vil eg gjerne ha meir dobbelspor. Men før det kjem, vil toga ramla ifrå kvarandre viss ikkje noko blir gjort, meiner Joakim Grude.

Go-Ahead: Ute av våre hender

Kamp om plassen på tog i rushtida er eit faktum, stadfester Oda Riska i Go-Ahead. Då er kapasiteten sprengd, og slik har det vore sidan toppåret 2024, ifølge henne.

– Men det er ikkje mykje me kan gjera med dette, anna enn å køyra dobbelt sett eller ha fleire avgangar, som me ikkje kan. Det me kan gjera, er å driva godt vedlikehald. Me har fått betre stabilitet, me har færre oppståtte innstillingar, seier Riska til Jærbladet.

Korrespondanse mellom tog og buss er viktig, meiner også ho.

– Men me er avhengige av at bussrutene tilpassar seg togrutene. Togrutene blir sett svært lenge på førehand, via Bane Nor. Det er ein stor kabal som òg tar høgd for godstrafikken, Sørtoget og togtrafikken på Austlandet, seier kommunikasjonsansvarleg Oda Riska i Go-Ahead.