Jærbladet har ved fleire høve skrive om kvinna på over 60 år som arbeider turnus i Time kommune, og som blei pålagt å dela opp den sjette ferieveka si då ho bad om fri i romjula i fjor. Kommunen meinte at kvinna måtte koma på jobb 2. juledag, sjølv om ho hadde fri resten av veka. Årsaka var at ho etter turnus skulle arbeida denne dagen.
– «Sjeldan vare»
Då Jærbladet etter dommen intervjua organisasjonssjef Odd Magne Amdahl i Time kommune, fekk han spørsmål om saka har bidrege til eit tryggare arbeidsmiljø i Time kommune.
Svaret Amdahl gav, var mellom anna at dommen, dersom han blir ståande, kan bidra til å skapa eit meir utrygt arbeidsmiljø for dei under 60 år som går i turnus. Dette sidan dei over 60 år kan krevja fri på raude dagar, sjølv om dei er oppført med turnus.
Aud H. Riise, fylkesleiar for Norsk Sjukepleierforbund i Rogaland, ber kommunen tenkja seg om.
– Snittalderen på sjukepleiarar som går ut av yrket, er mellom 57 og 58 år. Årsaka er at mange går over på uføretrygd. Det er belastande å arbeida turnus, og det blir ofte vanskelegare med alderen. Det som er heilt sikkert, er at arbeidsmiljøet blir meir utrygt for dei under 60 år jo fleire over 60 som går ut av yrket. Sjukepleiarar over 60 år er «sjeldan vare» og gull verdt. Dei sit på masse erfaring og kompetanse, og det er viktig å behalda dei. Difor må dei takast godt vare på, slår fylkesleiaren fast.
– Kjekt at dommen er så klar
Arbeidstakaren som blei pålagt å dela opp den sjette ferieveka si, gjekk til sak mot Time kommune. Ho fekk fullt gjennomslag i Sør-Rogaland tingrett.
Dommen blir no vurdert av KS (kommunesektorens organisasjon). Time kommune vil retta seg etter anbefalinga frå KS, har kommunen tidlegare opplyst.
Sjukepleiarleiaren seier at kommunen gjerne må anka dommen. Ho fortel også at det var god stemning mellom partane då dei møttest i Sør-Rogaland tingrett.
– Men eg tykkjer det er veldig kjekt at dommen er så klar. Eg håper sjølvsagt at resultatet av ein anke også vil bli i vår favør, seier Aud H. Riise, fylkesleiar for Norsk Sjukepleierforbund i Rogaland.
– Ei vurdering kommunen må ta
Advokatfullmektig Morten Vollset har ingen kommentar til at Time kommune vurderer å anka dommen.
Vollset er tilsett i Norsk Sykepleierforbund, og han var prosessfullmektig for kvinna då ho møtte arbeidsgjevaren sin i Sør-Rogaland tingrett.
Vollset er nøgd med dommen frå tingretten, som blei klar i sist veke.
– Eg ser at retten ikkje var i tvil og at kvinna fekk fullt medhald i at ho kunne tatt ut ferieveka, sjølv om ho var sett opp på turnusvakt på ein raud dag. No er det opp til kommunen å bestemma seg for om dei ønskjer å anka eller ikkje. På det noverande tidspunkt er det ikkje rett for meg å kommentera dommen anna enn at resultatet er i tråd med det me la ned påstand om. Om dommen skal ankast er fullt og heilt ei vurdering som kommunen må ta, seier Vollset.
Morten Vollset syner til at dei fekk fullt medhald av retten i korleis ein skal forstå den aktuelle paragrafen i ferielova. Han er godt nøgd med at retten ikkje var i tvil då dei gav den kommunetilsette fullt medhald.
Ønskjer ikkje å kommentera
– Har klienten din gitt uttrykk for kva ho tykkjer om at dommen kan bli anka?
– Per no har eg ingen kommentar til det, svarer advokatfullmektig Vollset.
Jærbladet har vore i kontakt med den kommunetilsette fleire gonger. Ho ønskjer ikkje å kommentera saka.
Dommen i Sør-Rogaland tingrett blei avsagt 20. februar. Frist for å anka dommen er fire veker.