Den folkekjære diktaren skal ha skrive dei fleste av verka sine i hytta som no skal seljast ved Sele hamn.
Åse-Marie Nesses venneforening fortalde til avisa at dei ønskjer at Klepp kommune kjøper hytta.
Dei vil gjere den om til ein levande stad for kulturformidling, slik som Hå Gamle Prestegard og Knudaheio i nabokommunane.
Takst for hytta frå 1967 ligg på 6.790.000, men ifølgje sakspapira vil eigar selje den til 6.500.000 dersom det er kommunen som kjøper.
I ei sak som skal til politisk behandling i formannskapet og kommunestyret i juni, innstiller kommunedirektør Torild Lende Fjermestad på at kommunen gjer nettopp det.
Vil formidle kleppdiktaren
Fjermestad skriv at ho ser nokon moglegheiter for utvikling av kulturlivet i Klepp gjennom å sikre kommunen denne eigedommen.
Åse-Marie Nesses venneforeining har forslag om å nytte hytta til lyrikk-kveldar, å ta imot skuleklassar, korttidsutleige kunstnarar og medlem i venneforeininga og «Åse-Marie Nesse litteraturfestival».
I sakspapira skriv kommunen at diktarhytta eignar seg til opne arrangement for publikum som lesesirklar, opplesingar, historieforteljing, skriveverkstader, og at den kanskje kan nyttast i kombinasjon med friluftsliv.
Hytta kan også brukast i forbindelse med residensordningar eller utvekslingsprosjekt for kunstnarar, og til samarbeid om program med andre aktørar innanfor litteratur og ytring.
Fjermestad skriv at den kan brukast til møte og medlemsaktivitetar for foreininga, men føreset at den ikkje skal brukast til privat aktivitet eller overnatting for medlemmane.
«Formidlingsaktiviteter i hytta kan gjere kunst og litteratur tilgjengeleg for fleire og fremme ytringsfridom. Diktarhytta kan utvide formidlinga av Kleppkunstnaren Åse-Marie Nesse, og gi besøkande opplevingar dei ikkje kan få nokon annan stad», heiter det i vurderinga.
Føreslår å selje verna hus
Kjøpet vil etter anbefalinga skje under føresetnaden at kommunen får seld Lalandshuset til ein tilfredsstillande pris, slik at drift og vedlikehald av hytta blir dekka.
Lalandshuset er i dag tilgjengeleg for utleige til kunstnarar og andre. No har det likevel ikkje noko fast program eller profil, og det har over tid hatt lite aktivitet.
Kommunen vurderer at huset har høg lokal verneverdi, og har fått det verdivurdert av meklar til 6 millionar kroner.
«Beliggenheten og den kulturhistoriske verdien på hytta gjer eigedommen meir attraktiv for bruk enn Lalandshuset, samtidig som at ein tek vare på Nesse sitt kunstnarskap», argumenterer dei.
I tillegg til salet av hytta, føreset kommunedirektøren at foreininga søker om støtte frå fond og støtteordningar for å finansiere resten av kjøpesummen.
Sidan inntektene frå sal og støtteordningar ikkje er tilgjengelege enno, føreslår ho å hente pengane frå disposisjonsfondet til samfunn og kultur. Inntekter frå sal og støtte blir då betalt tilbake til fondet fortløpande.
«Dersom det ikkje kjem tilstrekkelege inntekter til å finansiere kjøpet, kan det på eit seinare tidspunkt bli aktuelt å selje hytta», legg ho til.
Drifta av foreininga og kommunen
I anbefalinga til kommunedirektøren heiter det at hytta blir drifta av foreininga, som har sagt seg villige til å ta på seg ansvaret for vedlikehaldet av hytta, i samarbeid med Klepp kommune.
Ho skriv at Klepp kommune ikkje vil få auka driftsutgifter ved sal av Lalandshuset og kjøp av diktarhytta.
«På same måte som for Lalandshuset vil kommunen ha ansvar for utgifter til vedlikehald og straum. Åse-Marie Nesses venneforeining vil ha ansvar for utgifter til inventar, vask og program», heiter det.
Vennelaget kan søke lokale stiftingar til oppstart av tilbodet eller til ulike prosjekt. For å skape inntekter til drifta kan dei også vurdere ein kombinasjon av kulturelle og kommersielle aktivitetar, skriv Fjermestad.
«Kommunedirektøren er oppteken av at dei bidreg vidare med å få inn støtte til finansiering av hytta og til utvikling av innhald og bruk av hytta i nær dialog med kulturavdelinga i kommunen».