Åse-Marie Nesses venneforening består blant anna av Aud Helene Nese, Marianne Øvregaard, Brit Turid Nesse, Ingrid Lea Mæland og Kjell Arild Pollestad.
Åse-Marie Nesses venneforening består blant anna av Aud Helene Nese, Marianne Øvregaard, Brit Turid Nesse, Ingrid Lea Mæland og Kjell Arild Pollestad. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er ikkje lenge sidan fritidsbustaden blei lagt ut på marknaden. I salsannonsen blir hytta skildra som ein sjeldan moglegheit.

Bølgeskvulpa kjem rett inn i stovevindauga, uforstyrra av andre bygg eller bustader.

Men enn så lenge er salet blitt sett på vent. Den nystifta Åse-Marie Nesses venneforeining har nemleg gått i gang med å prøve å overtyde kommunen om å kjøpe hytta.

No står annonsen på Finn som inaktiv, og visningar er sette på vent medan venneforeininga jobbar med å finna ei løysing som gjer Åse-Marie Nesse si hytte til eit kultursenter.
No står annonsen på Finn som inaktiv, og visningar er sette på vent medan venneforeininga jobbar med å finna ei løysing som gjer Åse-Marie Nesse si hytte til eit kultursenter. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Ønskjer levande kulturformidling

Broren til diktaren, Øyvind Sølve Nesse, overtok hytta då Åse-Marie Nesse døydde i 2001, men har ikkje helse eller kapasitet til vedlikehaldet lenger, opplyser han til Jærbladet.

Venneforeininga håper å gjere hytta om til ein levande stad for kulturformidling, slik som Hå Gamle Prestegard og Knudaheio i nabokommunane.

Aud Helene Nese (t.v.) og Ingrid Lea Mæland meiner at kommunen må handle no, når dei framleis kan.
Aud Helene Nese (t.v.) og Ingrid Lea Mæland meiner at kommunen må handle no, når dei framleis kan. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Viss denne går ut av hendene på kommunen no, er det låst. I sånne tilfelle som dette, må dei faktisk snu seg rundt og tenke at det er no det gjeld, seier Brit Turid Nesse.

Ved det eine store vindauget i stova, som i dag utgjer sofakrok med fjernsyn, skal det i den folkekjære diktarens tid ha stått ei himmelseng.

Ved eit mørkbeisa skrivebord, tett inntil det andre av dei to store vindauga i stova, skal Åse-Marie Nesse ha skrive dei fleste av verka sine.

Sjå svaret frå kultursjefen og ordføraren seinare i saka.

Undervisning, lyrikk og menneskerettar

Åse-Marie Nesse (1934–2001) vaks opp i Klepp, men budde det meste av livet i hovudstaden, der ho gjennom 34 år underviste i tysk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Ho heldt likevel tett kontakt med Jæren, både personleg og i diktinga si.

Nesse debuterte som lyrikar i 1970, og gav ut i alt tolv diktsamlingar, pluss tre skodespel og to barnebøker.

Ho var også ein kjend og produktiv omsetjar frå fleire språk, og ifølgje Store norske leksikon er ho særleg kjend for omsetjinga av Goethes «Faust» til moderne nynorsk.

Nesse var dessutan svært oppteken av å kjempe for menneskerettar og ytringsfridom.

Diktsamlinga «Men du syng, Irina» er ein favoritt for Marianne Øvregaard, som starta opp venneforeininga.

– Det treff rett i hjartet

Av 42 personar som har meldt seg inn i foreininga sidan opprettinga 29. april, er det initiativtakar Marianne Øvregaard, Aud Helene Nese, Brit Turid Nesse, Ingrid Lea Mæland og Kjell Arild Pollestad som møter Jærbladet.

Nokon av dei er i slekt med – eller kjende – diktaren. Andre er heilt enkelt bergtekne av verka hennar.

På veggen i hytta eng ei rekke prisar som landskjende Åse-Marie Nesse fekk.
På veggen i hytta eng ei rekke prisar som landskjende Åse-Marie Nesse fekk. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Dei kan ikkje rose Åse-Marie Nesse, eller lyrikken hennar, nok.

– Når ein går inn og les dikta hennar, vert ein djupt rørt. Ho er ein «menneskediktar», med bodskapar som treff rett i hjartet. Ho døydde i 2001, men verka hennar vil leva til evig tid, seier Ingrid Lea Mæland, og held fram:

– Ho var både diktar, kunstnar, universitetslektor og fredsarbeidar – ein god rollemodell, spesielt i arbeidet for ytringsfridom. Ho er ein stordom for Noreg. Denne hytta som eit levande kultursenter kan vere med og løfte henne, både her og nasjonalt.

Vil opne skrivestova for alle

Foreininga veit ikkje heilt korleis dei vil organisere seg enno. Men hovudmålet er klart: Kommunen må kjøpe hytta på Sele, og det bør skje raskt.

Deretter håpar dei å gjere skrivestova tilgjengeleg for skuleklassar, turistar og den gjengse nordmann som vil inn og kjenne på atmosfæren og lære meir om historia og lyrikken til Åse-Marie Nesse.

Målet er å gjere kulturarven etter henne kjend for nye generasjonar.

Det ønskjer dei også fylkeskommunen, og fleire, med på.

Åse-Marie Nesse blei fødd i Klepp, og budde i Oslo størsteparten av livet. Der var ho universitetslektor, seinare førsteemanuensis ved Germanistisk institutt ved UiO, men vende stadig tilbake til Jæren og jærlandskapet, i både livet og diktinga si.
Åse-Marie Nesse blei fødd i Klepp, og budde i Oslo størsteparten av livet. Der var ho universitetslektor, seinare førsteemanuensis ved Germanistisk institutt ved UiO, men vende stadig tilbake til Jæren og jærlandskapet, i både livet og diktinga si. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ifølgje Nesse-entusiastane skal lite ha blitt endra på i hytta sidan 1967.

Prisantydinga for eigedommen då han låg ute for sal, var på 6.790.000 kroner.

– Me forventar ikkje at kommunen har sett av pengar i budsjettet, dei kunne jo ikkje vite at huset skulle kome ut på marknaden. Men dette er eit lite beløp i eit kommunebudsjett, meiner Aud Helene Nese.

Kommunen reiv kunstnarhus

– Klepp kommune har ein gong gjort ein enorm tabbe, når det gjeld akkurat sånn som dette, meiner Kjell Arild Pollestad.

Han trekkjer parallellar til den lokale forfattaren Torvald Tu, som levde saman med komponisten og pianisten Trygve Stangeland i ei hytte på Mosberghagen på Tu.

Ved denne skrivepulten skal Nesse ha skrive mykje av lyrikken sin.
Ved denne skrivepulten skal Nesse ha skrive mykje av lyrikken sin. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Sjølv hadde Pollestad pianotimar hos Stangeland.

– Det var så primitivt i det huset, men det var eit fantastisk kunstnarhus, med fullt av bøker, måleri, flygel og alt mogleg. Torvald Tu er ein så populær diktar på Jæren, og me ler oss jo i hel når nokon les Torvald Tu.

I eit facebookinnlegg om prosjektet til foreininga, som har fått over 1600 likarklikk, skriv Pollestad at kommunen sørga for at Tu-parets heim blei riven så fort den siste av dei, pianisten, døydde i 1969.

Ifølgje ein Jærbladet-artikkel i 2022, blei huset rive i 1974. Mange skal ha tatt til orde for at huset måtte bli tatt vare på, men Klepp kommune var ueinig.

Kjell Arild Pollestad trur kommunen angrar på at dei reiv forfattar Torvald Tu sin bustad i 1974.
Kjell Arild Pollestad trur kommunen angrar på at dei reiv forfattar Torvald Tu sin bustad i 1974. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

«Den tilsynelatende liberale holdningen til kunstnerparet stakk nok ikke særlig dypt. Men som museum etter en dikter som fremdeles er elsket for sin humor og språkkunst, ville huset utvilsomt hatt mange besøkende i dag», skriv Pollestad i innlegget.

– Det trur eg kommunen angrar svært på, seier han.

Kultursjefen positiv

Kultursjef Nina Osland er positiv til at det er laga ei foreining, og det store engasjementet rundt Åse-Marie Nesse sin diktarskap.

– Ho er ein veldig viktig kunstnar frå Klepp, med nasjonal betydning, seier ho.

Osland meiner det er viktig å formidle lyrikken vidare.

– Me har tru på at ei venneforeining, i samarbeid med kommunen, kan få til gode aktivitetar rundt dette. Feistein fyr har også ei venneforeining, og viser at det er mogleg. Det er spennande å høyre kva tankar dei har, og korleis dei vil bidra til kulturlivet i Klepp.

– Om det blir aktuelt å kjøpe hytta, blir eit politisk spørsmål, men eg er jo positiv til at hytta kunne vore drifta som residensordning for kunstnarar og i forbindelse med arrangement som skal formidle litteratur, avsluttar ho.

Tvilsamt å kjøpe direkte no

Ordførar Kjetil Maudal synest det er prisverdig med initiativ frå innbyggjarar som engasjerer seg. Etter å ha vore med på ei visning, sende han ein førespurnad til alle gruppeleiarane i Klepp om kva dei tenker.

– Prisen betyr alltid noko. Dei syntest dette var litt dyrt for kommunen åleine. At me kjøper dette direkte no, er tvilsamt, seier han.

Ifølgje Åse-Marie Nesses venneforeining, skal skrivestova vere original.
Ifølgje Åse-Marie Nesses venneforeining, skal skrivestova vere original. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ordføraren vedgår at det ikkje er alltid ein ser den økonomiske avkastninga av alt ein gjer, og at andre verdiar speler inn. Han forstår at foreininga ønskjer å bevare noko som er viktig for framtida, og at mange veit å setje pris på dikta til Åse-Marie Nesse.

– Etter nye rundar, trur eg likevel det kan vere vilje frå politisk hald til å vere med på noko. Då må det vere ei form for løysing der kommunen blir invitert inn med ein mindre andel, og er med og driv arbeidet gjennom ei stifting med eit styre, seier Maudal.

For eksempel luftar han tanken om at private aktørar kan vere villige til å bidra, og kanskje Sparebankstiftelsen til drift.

Han understrekar at han ikkje har nokon fasit, og at eit bidrag frå kommunen eventuelt må bli vedtatt av politikarane.

– Viktig med litt rom til å eventuelt finne ei løysing

– Så prisen er ikkje ein drope i havet, som nokon meiner?

– 6,7 millionar er ein liten andel av årsresultatet og fonda me har, men me har mange store ting på budsjettet som helse og velferd, og barn og unge. Og så er ein diktar eit snevrare felt enn for eksempel Plogenparken, som har eit større nedslagsfelt, seier Maudal, sjølv om han synest det er farleg å setje ting opp mot kvarandre.

Klepp varetar fleire eldre hus i Klepp, som Kristinahuset, men det er avgrensa kor mange som nyttar det, fortel han.

– Foreininga meiner det hastar. Kva tenker du om det?

– Det er viktig med litt rom for eventuelt å finne ei løysing. Eg trur me har litt betre tid no, enn me hadde først, sidan hytta er tatt av marknaden for å gi moglegheita til det. Men eg har forstått at jo fortare jo betre, seier ordføraren.