– Det kan bli eit fint undervisingsopplegg rundt dette, i tillegg til at elevane får lesa ei velskriven bok med flotte teikningar. Eg håpar særleg at boka kan bidra til leseglede hos unge gutar, seier Trond Salte.
Han er prosjektleiar for Meir mål i Rogaland, som er eit samarbeid mellom Noregs Mållag, Rogaland Mållag og Landssamanslutninga for nynorskkommunar. Kontorstaden hans er på Garborgsenteret på Bryne, og det var dit lastebilen med tre pallar med «Norske sjørøvarar»-bøker kom onsdag.
Salte trilla dei ned på det store hovudlageret i kjellaren under biblioteket og Garborgsenteret, og derfrå skal han sørgja for at dei blir delte ut til skular over heile Rogaland.
Redningsaksjon
Tidlegare i vår fekk forfattar Anders Totland beskjed frå forlaget Gyldendal om at restopplaget av «Norske sjørøvarar» frå 2022 ville bli makulert.
Det var snakk om over 2000 eksemplar, sidan Kulturrådet si økonomisk pressa innkjøpsordning for bøker ikkje hadde pengar til å kjøpa inn denne og ei rekkje andre sakprosabøker.
«Norske sjørøvarar» er utforma som ei samling korte historier, med unge lesarar som målgruppe. Boka handlar om livet til sjørøvarar som faktisk har levd, og er dermed ei sakprosabok.
Totland har forståing for at bøker er ei slags ferskvare, og at det er dyrt å ha dei på lager. Men han kunne ikkje heilt utan vidare godta at over 2000 bøker skulle makulerast.
– Så eg la ut ei melding på Facebook med spørsmål om eg kjenner nokon som kan tenka seg å overta 2000 bøker gratis, mot at dei dekka frakta, opplyser han.
Mange var interesserte, men dei fleste kunne tenkja seg eit klassesett eller to av bøkene, som har stått med ein utsalspris på 199 kroner stykket.
Men ingen var villige til å ta imot fleire tusen bøker – eit lass på nærmare eit tonn. Heilt til Trond Salte såg meldinga.
– Eit langt og fint liv, i staden for å hamna i kverna
Salte har allereie begynt å selja inn gåva han har å gje til skular på Jæren og i Strand, og etter kvart skal han utvida krinsen til andre deler av fylket.
– Fleire skular har takka ja allereie, til alt mellom 20 og 70 bøker. Alle skal få det dei vil ha, så langt bøkene rekk – og det kjem nok til å bli ei stund, for det er mange. Tre heile pallar, fortel Salte.
Anders Totland er i gang med å laga eit heilt nytt undervisningsopplegg som skulane kan bruka saman med klassesetta med bøker.
– For meg som forfattar er det utruleg fint å sjå at bøkene får eit langt og fint liv, i staden for å hamna i kverna. Når eg skriv for ungdom, er det trass alt fordi eg ønsker at dei skal få lesa bøkene, ikkje nødvendigvis fordi det er så lukrativt. At denne boka no blei redda, kjennest som ein ekte siger, slår forfattaren fast overfor Jærbladet.