scraper online neste kjøring om 7 min

Skriv for å søke i artikler…

avis.ber.ge

nynorsk

JBL
Kultur
Anders fekk eit problem då han ville kvitta seg med eit tonn bøker. Løysinga fann han på Bryne
– Det kjennest som ein ekte siger, seier forfattar Anders Totland om at Trond Salte redda restopplaget på over 2000 av sjørøvarboka hans.
NRK
Mr
Nynorskpris til Synne Vo
Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn, mest kjent som Synne Vo, fekk Nynorsk kultursentrum sin pris «Årets nynorskbrukar». Prisen blei delt ut under opninga av Festspela på Aasentunet. – Du har blitt eit inspirerande språkleg førebilete for ein ny generasjon, sa Kristin Bakken, styremedlem i Nynorsk kultursentrum, under utdelinga. I grunngivinga for prisen vektlegg styret at Synne Vo har teke nynorsk inn på arenaer der det er viktig at språket blir meir synleg. Dette har ho gjort ved å bruke nynorsk og dialekt i både songtekstar, marknadsføring og i sosiale medium, står det. – Dette var utruleg stas! Sjølv om nynorsk alltid har kome naturleg for meg, er det veldig triveleg å få ein slik pris, seier Synne Vo i ei pressemelding.
NRK
Mr
Departementa fekk beskjed om å skjerpe nynorskbruken – det motsette har skjedd
Regjeringa sine departement har ein nynorskprosent som ligg langt under kravet. For eitt år sidan fekk dei beskjed om å skjerpe seg, men det har gått i motsett retning.
JBL
MENING
Nynorsken treng oss