avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 4 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.17918089 ↩
story

Nynorskpris til Synne Vo

Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn, mest kjent som Synne Vo, fekk Nynorsk kultursentrum sin pris «Årets nynorskbrukar». Prisen blei delt ut under opninga av Festspela på Aasentunet. – Du har blitt eit inspirerande språkleg førebilete for ein ny generasjon, sa Kristin Bakken, styremedlem i Nynorsk kultursentrum, under utdelinga. I grunngivinga for prisen vektlegg styret at Synne Vo har teke nynorsk inn på arenaer der det er viktig at språket blir meir synleg. Dette har ho gjort ved å bruke nynorsk og dialekt i både songtekstar, marknadsføring og i sosiale medium, står det. – Dette var utruleg stas! Sjølv om nynorsk alltid har kome naturleg for meg, er det veldig triveleg å få ein slik pris, seier Synne Vo i ei pressemelding.

12. June 2026 kl. 03:58 (oppdatert 05:05)
Mr Nyheitssenter Møre og Romsdal Dei nynorske festspela Nynorsk Nynorsk kultursentrum Nyhetssenter Innlandet

v3 · scraped 15.06 11:00 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect