Me bur på Jæren, midt i eit av dei sterkaste nynorskområda i landet. Dialekten vår ligg tett på skriftspråket som vaks fram med Arne Garborg.
Likevel held ikkje språk seg levande av seg sjølv. Det må brukast, kvar einaste dag.
I ei uroleg tid, der mykje i verda er prega av konflikt og raske endringar, treng me noko som bind oss saman.
Språket er ein del av dette fellesskapet. Nynorsken er ikkje berre eit skulefag eller eit administrasjonsspråk – han er ein del av kulturarven vår og identiteten vår her på Jæren.
Difor er det så gledeleg å sjå engasjementet som finst lokalt.
Garborgdagane samlar kvart år folk på Jæren kring litteratur, historie og språk. Her blir arven etter Garborg halden levande – ikkje som museumsgjenstand, men som ein levande samtale om kven me vil vera. Like viktig er satsinga gjennom prosjektet Meir mål i Rogaland. Det blir arbeidd systematisk for å styrkja nynorsken, auka språkleg sjølvtillit og motverka språkskifte. Slikt arbeid viser at nynorsken har både vilje og kraft bak seg, og gjer det lettare å velja nynorsk – og å vera stolt av valet.
Samtidig ser me utfordringane. Mange unge byter målform i løpet av skuleløpet, og i høgare utdanning møter studentar ofte krav om å skriva på engelsk – også når dei kunne ha utvikla fagspråket sitt på norsk. Internasjonalisering er viktig, men ho må ikkje føra til at me byggjer ned vårt eige språk. Eit samfunn som ikkje brukar språket sitt i forsking, utdanning og offentleg ordskifte, svekkjer seg sjølv.
Me har lovverk som skal styrkja nynorsken. Det er bra. Men lover åleine held ikkje eit språk levande. Det gjer me når kommunane på Jæren vel nynorsk i informasjon og vedtak, når næringslivet brukar nynorsk i marknadsføring, og når me skriv og snakkar nynorsk med stoltheit.
Jæren har lange tradisjonar for å stå støtt i det som er vårt. Me tek vare på jorda, kulturlandskapet og historia. Då må me òg ta vare på språket.
Nynorsken treng oss. På Jæren burde det vere sjølvsagt å bruka han.