NY ORDFØRAR: Andreas Vollsund er 34 år gammal, han arbeider som inspektør ved Bryne skule og han er busett på Lye.
NY ORDFØRAR: Andreas Vollsund er 34 år gammal, han arbeider som inspektør ved Bryne skule og han er busett på Lye.

– I samarbeidsavtalen som blei gjort med KrF, Frp og venstre etter kommunevalet i fjor, står det at Høgre skal ha ordføraren gjennom heile perioden. Me har hatt samtalar med dei andre gruppeleiarane, og dei seier at dei står ved avtalen som er gjort. Men ingen ting er endeleg avgjort før kommunestyret har behandla søknaden om fritak frå Reinert Kverneland den 15 september, seier Andreas Vollsund til Jærbladet.

- Utruleg spanande

Vollsund er 34 år gammal, han arbeider som inspektør ved Bryne skule og han er busett på Lye. Han er no inne i sin andre periode som folkevald i Time, og han er gruppeleiar for Høgre. Han er også leiar for utval for lokal utvikling.

Han seier at det er utruleg spanande at han no kan bli ordførar i Time.

– Men eg ønskjer ikkje å uttala meg meir i saka før det er gjort eit formelt val. Det skjer den 15. september, seier Andreas Vollsund.

– Inga enkel avgjerd

Reinert Kverneland har vore ordførar i Time sidan 2011, og er inne i sin tredje periode. Det er helsemessige årsaker som gjer at han nå søkjer om fritak frå alle politiske verv.

– Det har vore ei stor ære og privilegium å vera ordførar i Time, og eg vil takka innbyggjarane for den tilliten dei har vist meg. Nå er helsesituasjonen min slik at eg ikkje lenger kan leggja ned den innsatsen som krevst av ein ordførar, og då er det betre for både meg og kommunen at eg trer til side. Dette har vore ei vanskeleg avgjerd, og ikkje noko eg har teke lett på, seier han i ei pressemelding.

Reinert Kverneland kom først inn i kommunestyret i 1975, og kan sjå tilbake på eit langt engasjement i lokalpolitikken. I tillegg til at han har vore ordførar i ni år, har han òg hatt fleire periodar som varaordførar.