FERDIG: Ordførar Reinert Kverneland (H) er ferdig som ordførar i Time kommune.
FERDIG: Ordførar Reinert Kverneland (H) er ferdig som ordførar i Time kommune. Foto: Mikkjell Lønning

– I heile i min politiske karriere har eg aldri vore med på eit så langt møte som i dag. Med det takkar eg for i dag og hever møtet, seier ordførar Reinert Kverneland etter å ha vore gjennom ei omfattande sakliste med mellom anna 23 skjenkesaker, legevaktsak og behandling av kommuneplan.

Tysdag inviterte ordføraren Jærbladet inn på kontoret på rådhuset, for å fortelja at dette vart hans siste møte som ordførar. Neste kommunestyremøte, 15. september, er det varaordføraren som tar seg av.

– I dag eller i morgon leverer eg inn søknad som går på råd frå lege, og søkjer fritak for mine politiske verv ut perioden, seier Kverneland.

Kverneland er valt inn som ordførar fram til 2023, men har bestemt seg for å gi seg. Rykta har svirra ei lita stund, ifølgje ordføraren, men først måndag kveld fekk ei sjokkert partigruppe i Høgre meldinga, og dei siste gruppeleiarane i opposisjonen fekk først meldinga etter formannskapsmøtet tysdag. Kommunalsjefen fekk meldinga måndag.

– Ei stor ære

– Det har vore ei stor ære og privilegium å vera ordførar i Time, og eg vil takka innbyggjarane for den tilliten dei har vist meg. No er helsesituasjonen min slik at eg ikkje lenger kan leggja ned den innsatsen som krevst av ein ordførar, og då er det betre for både meg og kommunen at eg trer til side. Dette har vore ei vanskeleg avgjerd, og ikkje noko eg har teke lett på, seier han

Han har fått beskjed om å ta det med ro. Avgjerda om å gå ut av politikken er tatt i samråd med lege.

Den avtroppande ordføraren ber om respekt for at han ikkje vil opplysa i detalj om sin helsesituasjon, men er tydeleg på at sitausjonen ikkje er alvorleg og at han har til hensikt å følgja med på det som skjer i kommunen i mange år framover. Han fortel at han skal også plukka opp hobbyar, gå turar oftare og kanskje sova litt lenger om morgonen.

Aktiv i 45 år

Reinert Kverneland har vore ordførar i Time kommune for Høgre sidan 2011, og er inne i sin tredje periode. 69-åringen blei utnemnd som varaordførar først i 1992 og har vore aktiv i kommunepolitikken sidan tida i Jæren Unge Høyre. Han kom først inn i kommunestyret 1975 og har sidan då vore med i alle politiske forhandlingar etter val.

– Gjennom alle desse åra har eg jobba saman med folkevalde frå ulike parti, og eg vil takka alle for godt samarbeid. Sjølv om me har vore usamde om politiske saker har det alltid vore ein god politisk kultur i Time, meiner han.

Høgremannen har sytt for at partiet har haldt seg som det største i kommunen over dei siste periodane.

– No har eg vore med sidan 1975, og var med då eg ikkje hadde tid til å vere med i kommunestyret òg, i kulissane. Eg vil følgje med frå sidelinja no. Er du ordførar går det 24/7, og eg er ikkje så god til å seie nei, seier Kverneland.

Nøgd med jobben

Ordføraren er nøgd med tida si med kjedet rundt halsen.

– Eg syns me har fått til mykje bra dei siste åra, og det er vanskeleg å trekkje fram ei enkeltsak som viktigare enn andre. Me har mellom anna fått til flotte parkar både i Bryne sentrum og på Stemmen på Kverneland, og eg er veldig glad for at me fekk den nye vidaregåande skulen til Bryne. I lag med gode samarbeidspartnarar har me fått på plass brua Midgardsormen over Frøylandsvatnet, på Lye fekk me for nokre år sidan eit flott, nytt idrettsanlegg, og på Undheim har me mellom anna oppgradert i sentrum og me har utvida gravplassen. Dette er nokre av dei gode sakene me har fått gjennom, men eg kunne nemnd mange andre også.

Han rettar stor takk til alle han har jobba med i kommunen opp gjennom åra.

– Eg har sett stor pris på det samarbeidet me har hatt, seier han.

Høgre held sannsynlegvis på ordføraren

Petter Lorentz Stabel (FrP) er varaordførar i kommunen, etter ein avtale mellom partia Høgre, Frp, KrF og Venstre. I samarbeidsavtalen etter valet blei det presisert at verv skal følgje partia, og Høgre har i utgangspunkt ordførar.

– Det må veljast nytt medlem av formannskapet, og i kommunestyre rykker første vara opp. Greta Braut Nese rykkjer opp, når det gjeld alle andre verv må det gjerast omval. Først er det val til formannskap, der Andreas Vollsund blir kandidaten vår. Det blir ein sak etter eg får fritak. Neste val er val av ordførar, der Høgre fremmar forslag på Vollsund. Andre kan komme med andre forslag, men dei andre posisjonspartia har sagt at dei er samde i dette.

Valet av ordførar, etter alle synemerke Andreas Vollsund (34), skjer på komande kommunestyremøte. Reinert Kverneland seier at han er imponert over jobben Vollsund har gjort som gruppeleiar og leiar for utval for lokal utvikling.