– Eg gjekk frå ein veldig «damete» jobb til ein som er veldig «karsleg», men alle som kjenner meg seier at eg har komme på rette plassen, seier Ane Lillesand og smiler.
Både mora og søstera til Ane Lillesand jobbar i barnehage. Sånn sett var det eit naturleg val for henne å gå same veg og ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
– Eg har passa ungar heilt frå eg var liten, og var med mor mi og jobba i barnehagen hennar. Det var ho som lærde meg opp, fortel Lillesand til Jærbladet.
Ho kjem frå Varhaug, men bur nå i Sirevåg.
Arbeidet i barnehagen var gildt. Lillesand var flink til å bygga relasjonar med ungane.
– Kunne ikkje nokon ting
Likevel, to år etter at ho var ferdig med fagbrevet, kjende ho at ho var klar for noko nytt.
Svigerbroren hennar jobbar ved Sirevåg Mekaniske og ifølge Lillesand elskar han jobben. Ho spurde han til råds, og entusiasmen hans smitta.
Tilfeldigvis hadde det seg sånn at Sirevåg var på leit etter traineear – folk som var interesserte i å lærast opp som CNC-operatørar.
Ein CNC-operatør brukar data for å styra maskinar som lagar delar i ulike metall eller andre materialar.
Lillesand sat i sofaen og tenkte seg om i sofaen i fem minutt. Lenger gjekk det ikkje før ho hadde bestemt seg: Ho ville søka.
– Eg ville utfordra meg sjølv. Det er gildt å gå ut av komfortsona, seier Lillesand.
Det drygde før ho fekk svar på søknaden. Lillesand vart til slutt så lei av å venta at ho ringde for å purra. Det enda med at ho vart invitert bort på ein drøs.
– Eg vart heilt i hundre, fortel ho.
Lillesand ville ikkje la manglande erfaring stoppa henne.
– Eg var hundre prosent ærleg om at eg ikkje kunne nokon ting, og at det var noko det dei måtte ta. Men så lenge du liker det du held på med, og gjer ein god innsats, klarar du å læra det til slutt, det tar berre litt meir tid, seier Lillesand.
Blankt ark
Dagleg leiar Jens Thomas Kleven fortel Jærbladet at han aldri tidlegare hadde vore med på eit jobbintervju der nokon stiller så mange spørsmål om det som for han er dei mest grunnleggande tinga ved verksemda.
Lillesand var langt frå den einaste søkaren på traineestillingane Sirevåg Mekaniske skulle fylla. Det var mange godt kvalifiserte å velja mellom, men Lillesand stakk seg ut.
– Ho var det blankaste arket, men det var berre noko med personlegdommen, seier Kleven.
Det er kanskje eit sjansespel å henta inn nokon med ein heilt annan bakgrunn, men Kleven er trygg på at det var det rette valet.
– Det fungerer veldig bra. Nå er me i ein fase der me kan sleppa ho til i maskinane aleine, seier han.
Då verksemda i vår lyste ut traineestillingar, skreiv dei rett ut at erfaring og «rett» skulebakgrunn ikkje var ein føresetnad – det viktigaste var den rette haldninga.
– Me har hatt godt utbytte av å rekruttera litt utanfor dei vante vegane. Det er fleire verksemder på Jæren som har hatt suksess med å gjera det, seier Kleven.
Logikken er at bransjen treng fleire kvalifiserte CNC-operatørar. Då må dei òg ta ansvar og utdanna dei, ikkje berre rekruttera dei frå konkurrentane sine.
Bransjen treng fleire som Ane
Kine Holtberget jobbar ved OFIR – Opplæringskontor for industrifag i Rogaland. Ho seier at dei har om lag tusen lærlingar på kontrakt. Av desse, er nær 400 å rekna som vaksne.
– Ein god andel av dei, kjem frå same bransje og går vidare til fagbrev nummer to eller tre. Dei kan til dømes ha fagbrev som CNC-operatør og gå vidare til fagbrev som industrimekanikar. Då vert dei vaksenlærlingar. Men så har du dei som Ane Lillesand, som kjem frå ein heilt annan bransje. Det er mange av dei òg, seier Holtberget.
Det kan òg dreia seg om ungdom som har starta eit løp på vidaregåande skule, til dømes idrett eller studiespesialiserande, men så funne ut at dei ikkje vil studera likevel.
– Då kan det henda dei finn vegen til vår bransje og hamnar hjå oss som vaksenlærlingar. Det er òg ein form for omskolering, seier Holtberget.
I 2024 treng OFIR 500 nye lærlingar.
– Me hadde aldri klart å få tak i så mange nye lærlingar om det ikkje var for den gruppa som kjem frå andre studieretningar. Det er ikkje nok ungdommar som kjem frå industri og teknologi og dei linjene me plukkar frå. Me er glade for alle som kjem til oss, seier Holtberget.
Dei er framleis ikkje i mål.
– Av dei 500, manglar me 150. Spesielt i logistikkfaget vårt er det framleis mykje ledig plass, seier Holtberget.
Arbeidsmarknaden er særs god.
– Det er nok derfor det er mange som søker seg til bransjen. I tillegg er det spennande. Det er mykje som skjer og mykje utvikling, seier Holtberget.
Vaksenlærlingar
Ved Sirevåg Mekaniske er Ane Lillesand ein av fleire vaksne lærlingar.
– Me har hatt godt utbytte av å ta inn traineear som vil inn i eit nytt yrke, seier Kleven.
Då Sirevåg Mekaniske lyste ut plassar i vår, vart dei overraska over talet på søknadar frå folk som ønska å bytta beite.
– Det er ein del som tenker dei vil gjera noko anna, og sikkert endå fleire som ikkje tør ta steget, seier Kleven.
Sjølv er han ikkje redd for å henta inn folk som har fortid i heilt andre bransjar.
– Læringskurven deira er bratt, men motivasjonen til å lukkast er kanskje større, seier han.
Likevel, det er ikkje nok i seg sjølv. Vel så viktig er haldninga til dei som jobbar i verksemda frå før.
– Du er avhengig av at dei rundt vil vera med og bygga han eller ho opp, seier han.
– Godt miljø
Lillesand seier at mottakinga kollegaane har gjeve ho er fantastisk.
– Det er eit veldig godt miljø her. Folk har vore veldig tolmodige og forklart veldig godt, uansett kor mykje eg har spurt. Eg har stilt sikkert ein million spørsmål, seier ho.
Lillesand er nå tre månadar ut i eit tre og eit halvt år langt utdanningsløp på jobben. Ho saknar knapt barnehagen i det heile.
– Dei dagane det er fint vêr kunne eg godt vore på tur i skogen, men utanom det: Nei. Eg har det så godt her at eg heilt gløymer det av, seier ho.
Rundt ti prosent av ei som jobbar ved Sirevåg Mekaniske AS. Lillesand trivst godt med eit maskulint arbeidsmiljø.
– Eg liker å jobba med folk med mykje pågangsmot. Eg har alltid gått mykje med gutar, vore med og spelt fotball og sånn, så for meg er dette heilt naturleg, seier ho.