Småhusa blir lagt på parkeringsareal og ikkje parkareal, som først tenkt. Derfor kan eigedomssjef Sveinung Riska snart gje eit butilbod til nokre av dei som treng det aller mest i kommunen.
Småhusa blir lagt på parkeringsareal og ikkje parkareal, som først tenkt. Derfor kan eigedomssjef Sveinung Riska snart gje eit butilbod til nokre av dei som treng det aller mest i kommunen. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Den permanente plasseringa blir langs Grødelandsvegen på Re, men det er eit prosjekt som har vist seg å bli tidkrevjande.

For å koma i gang har kommunen søkt om å få setta opp ein tomannsbustad mellom rådhuset og brannstasjonen på Bryne.

«Kommunen har et samfunnsansvar når det kommer til å sørge for stabile og verdige leveforhold for denne målgruppen», påpeikar kommunedirektøren i saksframlegget.

Søknaden er justert frå tre til to bustader, sidan fylkeskommunen, Statsforvaltaren og ei nabogruppe sette seg imot dei første planane.

Dei offentlege organa var først og fremst skeptiske til den opphavlege plasseringa, som var lagt til eit område regulert til park.

Naboane som samla inn underskrifter, er også skeptiske til plan- og byggesaka og hevdar kommunen tar seg til rette.

Endre Vollsund (V) sa at forslaget har tatt til seg innvendingane frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen, og delvis også naboane.

– Eg kan forstå at naboane er skeptiske. Dette er noko alle er positive til heilt til det hamnar i eins eigen hage.

Dispensasjon i fem år

Endre Vollsund meiner plasseringa mellom rådhuset og brannstasjonen er god, nå som bustadene er lagt til parkeringsareal som er regulert til offentleg og privat tenesteyting.

Kommunedirektøren kommenterer at naboar i området fryktar negative konsekvensar for parkområdet. Det private buarealet skal avgrensast for at parken framleis skal framstå som eit offentleg område.

– Med buskar, beplantning eller gjerde ut mot parken, trur eg dette er ein fornuftig plass å ha bustadene, sa Vollsund.

Det same synest resten av utvalet, som vil innvilga ein mellombels dispensasjon som gjeld for fem år.

Innan den tida er målet å ha fått på plass dei første av fem småhus i Grødelandsvegen.

Thor Inge Kalberg (FrP) støtta kommunedirektørens innstilling. Han vil ikkje at vedtaket skal bli ei sovepute.

– Men eg skulle ønskt at det stod maks fem år. Eg vil setta strek på fem år, då skal det vera slutt, sa han.

Kalberg var i tvil om han ville setta fram forslag om dette. Men så er det sånn at eit vedtak berre gjeld fram til eit nytt er fatta.

Samla utval

– Eg nærer akkurat den same bekymringa. Noko som er mellombels, har ein tendens til å gå godt over den tida ein trur, når ein startar på det. Men det er prekært, og det må me ta innover oss, sa Kjell Olav Stangeland (Ap).

Utvalet samla seg om innstillinga frå kommunedirektøren, utan å seia noko meir om kva som vil skje etter fem år.

Kommunedirektøren peikar på desse fordelane i saksframlegget:

Fordelene ved å gi dispensasjon er at man får bygget rusboliger på en sentral tomt i sentrum. Det er et akutt behov for denne type boliger, og vanskelig å finne egnet tomter med sentrale plasseringer. Tomten har nærhet til tjenester som helsevesen, sosiale tjenester og rehabiliteringsfasiliteter. Boligene vil være et godt tilbud til en vanskeligstilt og sårbar gruppe, noe som vil være positivt med tanke på mulig tilbakeføring og integrering i det vanlige samfunnslivet.

– Éin plass må dei vera

– Éin plass må dei vera, og eg meiner det er ei god plassering i nærleiken av Sivdammen, og for så vidt også politistasjonen. Time kommune har eit behov og det er derfor me må få gang på desse småhusa, sa Jone Fosse (Sp).

I diskusjonen om plasseringa i sentrum, sa Frp at det er ein viss risiko for at tomannsbustaden kan bli ein samlingsplass.

Nærleiken til medisinrom i offentlege institusjonar og kort veg til jernbanestasjonen, kom også opp som problemstillingar.

Både Øystein Nereng (SV) og utvalsleiar Rein Harald Salte (H) peika på at dette er typiske utfordringar som er del av å vera ein by.

Kjell Olav Stangeland (Ap) tok opp poeng nabogruppa har vore opptatt av, om at det kan verka som det er lettare for kommunen å «hoppa over» trinn i saksgangen. Ein privatperson, sa han, ville ikkje fått lov til å løysa ei saka på ein liknande måte.

Derfor skulle Stangeland gjerne hatt ein uttale frå Statsforvaltaren, før vedtaket vart gjort.