Ann Helen Østrem synest det er veldig kjekt å få lov til å jobba i si eiga heimbygd Vigrestad, og å få lov til å bidra til aktivitet der.
Ann Helen Østrem synest det er veldig kjekt å få lov til å jobba i si eiga heimbygd Vigrestad, og å få lov til å bidra til aktivitet der. Foto: Vigrestad IK (arkiv)

Torsdag ettermiddag melde Vigrestad IK på Facebook-sida si at Ann Helen Østrem (35) har fått jobben som dagleg leiar på permanent basis, etter å ha vore konstituert i rolla sidan tidlegare i vår.

Styret fortel at det var fleire gode søkjarar til stillinga, og at dei har gjennomført ein grundig prosess med fleire kandidatar.

– Etter nøye vurdering fall valet på Ann Helen, heiter det i Facebook-posten.

Starta i klubben 1. januar

Det er 35-åringen sjølv svært glad for.

– Det er veldig kjekt å få vera i heimbygda og å få vera med på å skapa eit aktivitetstilbod som kjem heile Vigrestad til gode. Det er ein spennande og meiningsfylt jobb, seier Østrem til Jærbladet.

Ho blei tilsett som idretts- og arrangementskoordinator i Vigrestad IK allereie på forsommaren i fjor, i ei 60 prosent stilling. Men ho begynte i stillinga først 1. januar i år, etter å ha teke ein utvida mammaperm med den minste av dei tre ungane, som blei eitt år i fjor.

Før ho gjekk ut i permisjon, jobba ho i fem år i Varhaug IL.

Endring for konditoriet

I fjor sommar kunne Jærbladet også melda at Ann Helen Østrem og dei fire søskena hennar skal inn på eigarsida for å sikra vidare drift av Vigrestad Konditori AS, som faren Paul Vigrestad har bygd opp gjennom meir enn 30 år.

Paul runda 60 år i fjor, og fortalte då at han har planar om å trappa gradvis ned på den i utgangspunktet svært arbeidskrevjande jobben sin.

Ann Helen gjekk inn i ei 20 prosent stilling som dagleg leiar i konditoriet frå 1. august.

Når ho nå får ein 100 prosent jobb i Vigrestad IK – i ei stilling som meir kan reknast som ein livsstil enn ein jobb – blir det ei justering av planane for søskenflokken, også.

– Me fem skal framleis vera saman om å vidareføra drifta av Vigrestad Konditori, det blir det inga endring på. Men det er ikkje eg som skal vera dagleg leiar i konditoriet. Den rolla skal den eine av brørne mine inn i, seier Ann Helen Østrem.

I tillegg til engasjementet sitt i heimbygda, er trebarnsmora også kommunestyrerepresentant for KrF i Hå. Ho har dermed mange roller å fylla.

– Har vist kvalitetane klubben ser etter

Styret i Vigrestad IK melder på Facebook at dei er stolte av å kunna presentera Ann Helen Østrem som ny fast dagleg leiar i klubben.

– To faktorar skilde seg særleg ut: Den solide erfaringa hennar frå idrettsklubb og ikkje minst den innsatsen ho har vist i perioden ho har vore konstituert dagleg leiar, heiter det i Facebook-posten.

– I denne perioden har ho vist nettopp dei kvalitetane klubben ser etter – engasjement, kompetanse og evne til å ta ansvar, heiter det i grunngjevinga frå styret i Vigrestad IK.