Å setje opp Mexico-Lexico igjen – denne gongen i vårt eige Plogen kulturhus – er ein god ide vi i Åse-Marie Nesse veneforeining er heilt einige med Høgre i. Og det er ingen motsetnad i å gjera dette og samstundes sikra diktarhytta på Sele – tvert imot vil det eine hjelpa det andre i formidlinga av Klepp sin største kulturpersonlegheit i nyare tid.
Kulturarven etter Åse-Marie Nesse er mykje meir enn denne barneboka, og målsetjinga til veneforeininga er å gje folk flest tilgang til dikta ho skreiv som treff både unge, vaksne og eldre midt i hjarterota.
Desse dikta – og resten av forfattarskapen – trur vi ikkje mange vil finne fram til ved at ein lager ein diktkrok i biblioteket.
Då er det noko anna å få koma innom staden der dikta blei skapte, og oppleva den heilt spesielle atmosfæren i diktarhytta. For det er nettopp staden der diktarhytta ligg som er sentral i formidlingasrbeidet.
Opp mot 60 bilar plar det vera ein sommarsdag på Sele, og vi trur at mange turgåarar vil vera nyfikne og stikka innom på ein kopp kaffi og få eit dikt med på vegen. Eller setja seg og lesa i bøkene som er tilgjengelege i hytta.
Diktarhytta kan ein sjå frå parkeringsplassen, og med over 50 medlemmer som har meldt seg i veneforeininga før den offisielt er stifta er det ingen mangel på folk som vil ta imot besøkande ein søndag.
Lalandshuset er det få som veit kvar er, og det har inga entusiastisk veneforeining knytt til seg som sørger for liv i huset. Det er eit fint gamalt hus, men har inga spesiell historie knytt til seg som når ut over Klepp sine grenser slik diktarhytta har.
I tillegg til søndagsbesøk for folk flest vil veneforeningen arrangera litteraturkveldar i samarbeid med både kommune og næringsliv i Klepp. Spesielt aktuelt er samarbeidet med den eineståande bokhandelen vi har i Klepp.
Ein «Åse-Marie Nesse litteraturfestival» vil setja Klepp på kartet. Kongehuset er glad i dikta til Åse-Marie Nesse - dei er og glade i både fisking på Sele og surfing på Borestranda.
Å linka saman desse stadene + Feistein fyr i marknadsføring kan byggja opp under auka turisme til Klepp. Vi stiller oss undrande til at næringspartiet Høgre ikkje ser mulegheiter her.
Myklebust skriv om at ungdom kan bli kjent med kulturarv gjennom Klepp Bygdemuseum og gamle Klepp kyrkje. Vel og bra det. Men vi trur at historia om vår eigen forfattar som t.o.m. påverka verdshistoria gjennom sitt arbeid for ytringsfridom vil fenga mykje meir. Og denne historia må forteljast i diktarhytta – ikkje i eit vanleg klasserom for å nå fram.
I diktarhytta kan vi ta imot skuleklassar på dagtid, og vi har allereie sikra oss ein av dei beste norsklærarane i ungdomsskulen med til å utarbeida opplegg. Det er sykkelavstand frå både Bore og Klepp ungdomsskule til Sele, og det er enkelt å kombinera ein tur med ana læring, t.d. om naturen i vernesona.
Vi oppfordrar alle politikarar til å gjera som Åse-Marie Nesse: Sjå mot ein høgare himmel – tenk muligheiter, og gjer ikkje same feilen som kommunen gjorde då ein ikkje sikra seg Mosberghagen til Torvald Tu.
At Sparebankstiftelsen Klepp i eit hastevedtak vel å gje ein halv million til tiltaket seier og sitt.
Formålet deira: «Sparebankstiftelsen skal støtte prosjekter som bidrar til å utvikle og ta vare på gode lokalsamfunn i Klepp».