Åse-Marie Nesse venneforening vil at Klepp kommune skal kjøpe denne hytta, men politikarane er skeptiske.
Åse-Marie Nesse venneforening vil at Klepp kommune skal kjøpe denne hytta, men politikarane er skeptiske. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er prisverdig at Åse-Marie Nesses venneforening ønskjer å gjere kulturarven etter Kleppdiktaren kjent.

Det er heller ikkje tvil om at den utflytta Kleppsbuen sitt bidrag til dikting, oversetting og anna innan kulturfeltet er verdifullt både å ta vare på og vidareformidle.

Dette blir utdjupa av Marianne Øvregaard i Jærbladet, utan at det der kjem godt nok fram korleis det å kjøpe denne hytta vil styrke arven etter Nesse.

Gjennom Mexico Lexico har mange Klepp-elevar fått lære om og bli kjent med hennar arbeid. Og mange stolte foreldre har opplevd eigne barn på Kleppskulane sine fellesopptredenar med Mexico Lexico i Sandnes kulturhus opp igjennom åra.

No har vi høve til å ta opp igjen denne tradisjonen i Kleppskulane, og til og med få oppleve det i vårt eige kulturhus.

Vi i Klepp Høgre meiner at dette er måten å vidareformidle arven etter Nesse, ikkje å kjøpe hytta etter henne på Sele.

Det er eit prisverdig tiltak å ville ta vare på denne hytta, men som kulturtiltak blir dette for snevert.

I sakspapira til denne saka, som skal opp i Klepp kommunestyre 15. juni, er det store vyer for hytta.

Ein samanliknar med Garborgsenteret og Hå gamle prestegard.

Ein må minne om at det her er snakk om ei hytte på 64 kvadrat, midt i eit hyttefelt med svært avgrensa høve til videreutvikling av tomta.

Det er ei flott hytte, ingen tvil om det. Men det er grunn til å spørje om korleis ein slik plass vil passe for kulturformidling, slik det er presentert frå venneforeninga.

Ein må og spørje kven som eventuelt vil få tilgang på hytta, og kven som kjem til å bestemme korleis den skal brukast. Når ein gjer slike investeringar og brukar kommunale midlar på drift, bør det vere for tiltak som kjem flest mogeleg til gode.

Vi ser ikkje at dette er eit slikt tiltak.

Vi har allereie fleire bygningar som ivaretek lokal kulturhistorie: Kyrkjene, gamleskulen på Haugabakka, Kristinahuset, Lalandshuset og Feistein fyr.

Som kommune bør vi absolutt ta vare på kulturminner. Men vi må óg sørge for at desse blir forvalta og brukt på ein god måte.

Eit godt eksempel er museet i det gamle skulehuset på Haugabakka. Her kjem Klepp-elevar gjennom året for å lære om skule før i tida, og samtidig lære om melkeproduksjon og melkeprodukt.

Eit fantastisk opplegg i samarbeid med Vitengarden. Med ny kyrkje i sentrum, vil det vere naturleg å ta vare på Klepp gamle kyrkje som ein stad for kulturformidling og som seremonikyrkje.

Samtidig er det naturleg å sjå på bruken av Lalandshuset, og om det bør selgast.

No har Åse-Marie Nesse allereie eit flott minnesmerke ved Klepp kyrkje.

Kanskje kan ein i tillegg skape ein lesekrok med ei Nesse-utstilling i det nye biblioteket?

Arven etter Nesse blir betre ivaretatt gjennom å halde den levande for dagens skuleelevar og på Klepp nye bibliotek, ikkje med å kjøpe hytta på Sele.