Marianne Øvregaard i Åse-Marie Nesse venneforening.
Marianne Øvregaard i Åse-Marie Nesse venneforening. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Her kjem eit forsøk på forklaring.

Inni diktarhytta ved stranda på Sele – full av historie – opplever ein ei sjeldan ro. Og ånda etter ein av dei klokaste kleppsbuane som har levd sit framleis i veggane.

Derfor er akkurat denne staden – med utsikt til havet og ein høg himmel – rette plassen å formidla den rike kulturarven etter vår nasjonalt godt kjende diktar: Åse-Marie Nesse.

I ei verd full av influensarar, knapt turre bak øyrene men med allslags råd om korleis det er best å leva, treng vi innsikta og klokskapen til ei dame som verkeleg har vågd å leva livet.

Ho søkte alltid etter kunnskap om det å vera menneske – på tvers av religionar, etnisitet, kjønn og andre skiljeliner som set menneske i bås.

I diktet «Til ei ung jente» (kan likeså vel vera ein ung gut!) står det mot slutten:

  • vesle søster, ikkje spør
  • kva alle andre ventar av deg
  • du skal leve dine svar
  • du skal leve
  • leve sjølv
  • det finst vegar så vide som verden
  • vesle søster, ikkje vent
  • gå i gang

Ei sterk oppfordring til dei unge i dag, som mange gøymer seg bak ein skjerm og heilt har mista trua på eigne krefter!

Åse-Marie Nesse venneforening
Åse-Marie Nesse venneforening Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Få har reist så mykje ut i verda som Åse-Marie Nesse på leiting etter meir kunnskap og fleire svar, og etter to år i byen Tuxla Guiterres skreiv ho barneboka Mexico-Lexico med eitt dikt for kvar bokstav i alfabetet.

Mange tusen barn i Klepp – 250 framførte kvart år i meir enn 15 år dikta i ei enkel scenisk oppsetning – levde seg med opne sansar inn i skjebna til den fattige skopussaren utan far til å tene pengar, eller det stakkars eselet med dei tunge børene.

Ikkje rart at denne boka fekk pris som beste barnebok det året ho kom ut – dikta er klassiske og tidlause. Klepp kommune fekk i 2010 gitt ut boka på ny – denne gong i fargar - og hundrevis av barn sende inn teikningar til konkurransen om å illustrera boka.

Alle desse barna kjenner til namnet Åse-Marie Nesse. I dag er dei ungdommar eller unge vaksne på leiting etter mål og meining, og dei fortener å få veta meir om denne dama.

Til dømes treng dei å veta korleis ho kjempa for ytringsfridom som leiar av den internasjonale . Ho skreiv brev som dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland fekk med på statsbesøk til Gorbachev. Her tok ho opp skjebnen til 29 år gamle Irina som sat i ei iskald fengselscelle i Sibir dømd til 7 år for 5 dikt – innhaldet i dikta blei sett på som antisovjetisk propaganda. Dagen før toppmøtet mellom Reagan og Gorbachev, som enda den kalde krigen, blei Irina sett fri som ei symbolsk handling.

Ho hadde då sona 2 år og helsa var dårleg. Dåverande TV-programleiar Erik Bye arrangerte eit møte mellom Irina og Åse-Marie i London i etterkant.

Åse-Marie Nesse fekk og prøvd livet i motgang, og mange finn trøyst i dikta ho skreiv då ho vart ramma av kreft heile 3 gonger. Då mora fekk demens-sjukdom skreiv ho om dette i ei tid då det nærast var tabu å snakka om. I dag er dikta meir aktuelle enn nokon gong.

Åse-Marie Nesses venneforening består blant anna av Aud Helene Nese, Marianne Øvregaard, Brit Turid Nesse, Ingrid Lea Mæland og Kjell Arild Pollestad.
Åse-Marie Nesses venneforening består blant anna av Aud Helene Nese, Marianne Øvregaard, Brit Turid Nesse, Ingrid Lea Mæland og Kjell Arild Pollestad. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Sjølv om Åse-Marie Nesse må kunna kallast ein ekte verdsborger, var ho like mykje ein svoren lokalpatriot. Dei aller fleste dikta hennar kom til i diktarhytta på Sele. I Klepp-sangen – kåra til beste bygdesang i Norge - maler ho med ord ut heile landskapet i Klepp: «Ja, det spirer og gror etter traktor og plog – sjå det blømer frå Sele til Tu».

Dikta hennar – desse fortetta augneblinkane fanga med ord – hjelper oss å sjå og oppleva verda rundt oss. Dei gir håp og tru i den urolege verda vi lever i i dag, og som ho sjølv seier det så nyttar det ikkje å stira seg blind på «blodflekkane på vegen. Det vakre finst – og det må takast vare på»

  • Visjonen
  • av ein betre verden
  • er ein betre verden
  • litt på veg (frå diktet «Fata Morgana», 1978)

Eller som journalist i Stavanger Aftenblad Jan Zahl skriv så treffande etter nyleg å ha dekka konferansen «Wonderful World» i Stavanger: «Ser du berre etter, vil du oppdaga det. Det er – framleis – ei vedunderleg verd.»

Dette er den raude tråden i diktinga til Åse-Marie Nesse, og vi treng å bli minna på det. Og kraftsenteret i dette formidlingarbeidet er diktarhytta på Sele.