– Dette var overraskande positivt frå deg, kommunedirektør. Det hadde eg faktisk ikkje trudd, sa Ove Horpestad (H) under møtet måndag ettermiddag.
I saksdokumenta innstilte nemleg Torild Lende Fjermestad på at Klepp kommune kjøper hytta til diktar Åse-Marie Nesse ved Sele hamn til 6,5 millionar kroner.
Anbefalinga tvilte ho seg fram til, kunne ho fortelje.
Bakgrunnen for saka er at ei nyoppretta foreining har engasjert seg i å bevare hytta, som tidlegare i vår blei lagt ut for sal. Foreininga vil at kommunen skal kjøpe den, og gjere den til ein levande stad for kulturformidling.
Fjermestad fann rom i budsjettet, trass at eit eventuelt kjøp er langt frå ei lovpålagt oppgåve. Fleirtalet i formannskapet viste seg å vere ueinige i prioriteringa.
– Nokon seier kunstnaren er kjend, for meg er det nesten heilt ukjend. Eg tenker at dette er å fange eit lite antal folk, og eg trur ikkje det vil bli nokon ny Arne Garborg-plass, sa Tom Ove Øksnevad (Frp), som fremma forslag om å ikkje kjøpe hytta.
Trur turgåarane vil kome innom
Øksnevads gruppe var delt. Siri Øksnevad Olsen (Frp) og Kjetil Maudal (Frp) meinte eit kjøp vil gi moglegheiter for mykje aktivitet, også fordi området allereie er ein turplass.
Førstnemnde meinte at å selje Lalandshuset, som kommunedirektøren la fram som ein av føresetnadene for kjøpet, var fornuftig.
– Først var eg negativ fordi eg syntest me har eit fint minnesmerke over Åse-Marie Nesse ved Klepp kyrkje. Men så kom saka og moglegheita for sal av Lalandshuset. Det veit eg knapt kor står, sa ho.
I forslaget til vedtak heiter det også at den engasjerte venneforeininga har ansvaret for å søke om støtte frå stiftingar, til den resterande kjøpesummen. Dei skal då også drifte hytta i samarbeid med kommunen.
Ragnhild Rørstad (Ap) og Roar Lima Grødeland (Sp) var også positive til kommunedirektørens forslag.
– Eg er litt forundra over at me ikkje veit meir om Åse-Marie Nesse i delar av Frp. Det er skribenten som har gjort seg mest kjend frå Klepp i nyare tid, vil eg seie, sa Grødeland.
Fleire delte grupper
Heller ikkje gruppa til Høgre eller KrF har funne ein einigheit i saka. Representantane deira i formannskapet var imot kjøpet.
– Pengane kunne me brukt til å vise Åse-Marie Nesse sitt virke på ein litt annan måte enn den hytta, sa Siri Bloch Lindtveit (KrF).
For eksempel viste ho til at kleppelevar i barneskulen tidlegare har vore med i førestillinga Mexico Lexico, der tekstar av diktaren er sett til melodi.
Saka skal diskuterast og avgjerast i kommunestyret 15. juni.