Reidar Skretting driv R. Skretting AS i Varhaug sentrum. Han er sentral i Varhaugmarken og i Varhaug bedriftsforening. I tillegg er han patriotisk innbyggar. Han tar på seg alle hattane på ein gong når han åtvarar mot å bruka Varhaugs mest sentrale tomt på bufellesskap for seniorar.
Reidar Skretting driv R. Skretting AS i Varhaug sentrum. Han er sentral i Varhaugmarken og i Varhaug bedriftsforening. I tillegg er han patriotisk innbyggar. Han tar på seg alle hattane på ein gong når han åtvarar mot å bruka Varhaugs mest sentrale tomt på bufellesskap for seniorar. Foto: Håvard Ovesen

– Det er det me i min bransje kallar indrefileten.

Reidar Skretting står rett ved den opne plassen som ligg tvers overfor slaktarbutikken R. Skretting AS på Varhaug.

Midt mellom jernbanestasjonen og rådhuset er det så sentralt som det går an å komma i tettstaden.

Rønna som vart grøn møteplass

Fram til få år sidan låg Sentrumsgården der, eit fråflytta og nedslite kjøpesenter der handelslaget tidlegare hadde vore.

Etter ein del komplikasjonar kjøpte kommunen eigedommen og fekk rive bygningen. Planen var å gjera tomta til navet i den kommande sentrumsutviklinga på Varhaug.

Til å begynna med var det berre ein grusplass, men etter kvart anla kommunen ein mellombels park på tomta. Tanken var at parken kunne stå fram til tomta hadde fått ny regulering for permanent utbygging.

Reidar Skretting har vorte glad i møteplassen som openberte seg då gamle Sentrumsgården vart riven. Skal noko byggast ut, bør det vera ned mot jernbane, slik at resten av tomta får livd, meiner han.
Reidar Skretting har vorte glad i møteplassen som openberte seg då gamle Sentrumsgården vart riven. Skal noko byggast ut, bør det vera ned mot jernbane, slik at resten av tomta får livd, meiner han. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I dag er det plen og grusstiar, tre og leikeapparat i parken. Tidlegare var det òg ein volleyballbane. Ein fast gjeng treffest for å spela boccia ein gong i veka. Her har det vore Varhaugmarken, julemarknad, konsertar og fotballfest.

Skretting, som i tillegg til sjølv å vera næringsdrivande, er med i Varhaug bedriftsforeining, har vore ein ivrig brukar av parken, både som arrangør og som gjest.

– Ekskluderar halve bygda

Han er ikkje begeistra over det som nå er i ferd med å skje: Politikarane har bestemt at tomta skal seljast til ein aktør som vil bygga bufellesskap for seniorar der.

– Eg veit at kommunen må bygga ut noko der for å tena inn utlegga dei har hatt med å kjøpa eigedommen, men eg trur eg framleis ikkje har snakka med éin person på Varhaug som synest det er ein god idé å legga akkurat denne typen busetnad midt i sentrum, seier Skretting.

Han understrekar at bufellesskap for seniorar er eit bra tiltak, men fryktar at plasseringa vil legga ein dempar på sentrumsutviklinga og det folkelivet som har utvikla seg på plassen dei siste åra.

– Dei som skal inn der er over 55, og vil gjerne ha ro og fred. Nå har me endeleg fått eit område me kan ha arrangement på. I sommar hadde me ei heil veke med konsertar. Me kan ikkje halda på sånn når det flyttar inn ein heil gjeng med eldre der. Det vil legga eit lokk på kulturlivet, trur Skretting.

Uteområdet som opna seg då den gamle Sentrumsgården vart rivei 2022 har vorte mykje nytta sidan. Dette bildet er frå Varhaugmarken 30. mai i fjor.
Uteområdet som opna seg då den gamle Sentrumsgården vart rivei 2022 har vorte mykje nytta sidan. Dette bildet er frå Varhaugmarken 30. mai i fjor. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Han reagerer på at ei så sentral tomt skal vera sett av til for ei bestemt aldersgruppe.

– Om du øyremerker fire mål midt i sentrum for dei på 55 pluss, ekskluderer du halve bygda. Dette er ein stad både dei heilt unge og småbarnsfamiliar kan tenka seg å bu, i alle fall om det vert ein fin plass og eit godt uteområde utanfor, seier han.

Isolert sett trur han det kan lønna seg for verksemda han driv om det kjem eit nytt leilegheitsbygg rett framfor døra.

– Men varhaugbuen i meg tenker at dette vil legga beslag på store delar av Varhaug sentrum til eit ganske avgrensa formål. Berre folk over 55 år får bu der, og med ei slik aldersgruppe kan det fort følga med ein del restriksjonar på kva som kan føregå i nabolaget, seier han.

Opnar for spleiselag

Skretting meiner forslaget om å forbeholda tomta til seniorbufellesskap kom overraskande på.

– Som varhaugsbu er eg veldig skuffa over måten dette har vorte gjort på. Det kom berre opp som eit forslag på eit møte og så berre vart det sånn, seier han.

Slaktaren meiner lokalbefolkninga burde få komma betre til orde med innspel til kva som kan byggast på eigedommen.

Sist politikarane diskuterte saka, understreka Senterparti-politikar Svein Høyland behovet for å ta vare på nokre av kvalitetane ved dagens mellombelse park, og at dei måtte passa på at ikkje heile området vart privatisert.

For to år sidan anla kommunen ein mellombels park.
For to år sidan anla kommunen ein mellombels park. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Skretting er ikkje sikker på om det er mogleg.

– Uansett kva dei måtte laga til av park- eller torgliknande ting på utsida av bygget, vil folk føla at dei er på annan manns eigedom. Det vert som dei leikeplassane som ligg i tunet til ei blokk. Du går ikkje inn dit og tar deg til rette med ungar og barnebarn, seier han.

Han åtvarar politikarane mot å forhasta seg med å tena inn pengane dei har lagt ut på sentrumstomta.

– Dersom dei går for dette, er det ingen veg tilbake. Det kjem til å verta permanent. Og om det er akkurat kronene det kjem an på, kunne det godt vore eit spleiselag på Varhaug for å få tomta til å stå som ho er, seier Skretting.

– Kva er drøymesenarioet ditt?

– Det er det same eg har sagt heile vegen. Eg vil at dei skal vidareføra den bygningsmassen som er i dag, med same fasadane som er i dag og heller laga til eit skikkeleg torg med aktivitetar både unge og eldre kan vera med på. Eg vil dette skal verta ein samlingsplass, med bakeri og kafear – ting som samlar folk.

Peiker på andre tomter

Han meiner det gamle Stuelandbygget på andre sida av jernbanen – der Hubben hadde tilhald – eller «Ingridtomta» som ligg på vestsida av handelslagstomta er betre alternativ for eit seniorbufellesskap.

– Det er kommunen som eig Ingridtomta. Eg synest dei kan begynna med å utvikla den. Så kan dei heller sjå korleis det går, før dei går laus på handelslagstomta, seier Skretting.

Faktisk var Ingridtomta den eigedommen kommunedirektøren først såg føre seg kunne brukast til seniorbufellesskap, men den plasseringa vart droppa til fordel for handelslagstomta.

Bakgrunnen for endringa skal ha vore at sistnemnde tomt er større, og at det følger fleire fordyrande rekkefølgekrav med Ingridtomta, blant anna parkeringsanlegg.

– Men ein gong må det uansett komma parkering under Ingridtomta. Det vert ikkje billegare om ein ventar i 15 år til, meiner Skretting.

I krysset mellom Dysjalandsvegen, Uelandsgata og Rådhusgata ligg Ingridtomta. Kommunen har fått fleire innspel om det skal komma bufellesskap for seniorar, bør det heller komma her.
I krysset mellom Dysjalandsvegen, Uelandsgata og Rådhusgata ligg Ingridtomta. Kommunen har fått fleire innspel om det skal komma bufellesskap for seniorar, bør det heller komma her. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Han er ein av fleire som har send inn innspel etter at kommunen kunngjorde at dei vil gå i gang med å laga ny detaljreguleringsplan for delar av Varhaug sentrum.

I tillegg til bufellesskap, skal reguleringa legga til rette for tenesteyting rundt rådhuset og leilegheiter på Ingridtomta.

– Viktige innspel

Mange av dei innspela som har komme, både frå privatpersonar og verksemder tar til orde for å halda på den gamle handelslagstomta som grøn lunge og møteplass. Blant anna er det ein pensjonist som trekk fram at den mellombelse parken har vorte ein plass i sentrum der godt vaksne og meir eller mindre rørslehemma kan delta i fellesaktivitetar.

Fleire tar òg til orde for at utbygginga av bufellesskap for seniorar heller bør komma på Ingridtomta.

Plansjef Ole von Erpecom Vikse seier dei nå ser på dei ulike innspela som har komme. Så skal politikarane i Utval for samfunn diskutere saka, før dei eventuelt sender forslaget til ny regulering ut på høyring.

Han meiner det er viktig at innbyggarar kjem med innspel når dei har sjansen.

Plansjef Ole von Erpecom Vikse, Hå kommune
Plansjef Ole von Erpecom Vikse, Hå kommune Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Vikse understrekar at politikarane allereie har avgjort at tomta skal nyttast til seniorbufellesskap.

– Men sjølv om politikarane har gått for dette, går det an å komma med innspel, til dømes om at ein må ta omsyn til parkfunksjonen som er der i dag, seier han.

Tysdag skal formannskapet avgjera kven dei vil selja tomta til. Det er ein prosess som, for å spara tid, går parallelt med reguleringa av tomta.

Handelslagstomta er berre éin del av prosjektet med seniorbufellesskap i Hå. Politikarane har òg bestemt at det i same prosjekt skal byggast eit tilsvarande bufellesskap i Skjærpedalen på Nærbø.

Berre to aktørar har vore interessert i prosjektet. Av desse er det berre ein som kommunedirektøren vurderer som aktuell. Det er eigedomsselskapet Ineo Eiendom AS frå Stavanger.

Kommunedirektøren sitt råd er at eigedomsselskapet bør få tilbod om å kjøpa dei to tomtene.