For fleire av partia som sit ved makta i Hå, var tilrettelegging for bufellesskap for seniorar ei stor sak i valkampen.
Tanken er at fleire godt vaksne etter kvart vil selja einebustadane sine til fordel for noko som er meir lettstelt og tilpassa alderdommen.
Seniorbufellesskap er veleigna ikkje berre fordi einingane i desse er universelt utforma, men fordi dei har store fellesareal, noko som motverkar einsemd og betrar livskvaliteten.
Eit rikt sosialt liv er bra for helsa, noko som kan føra til at eldre vert buande heime lenger. Det reduserer presset på den kommunale eldreomsorga.
Eit slikt tiltak vil òg vera i tråd med kommunen sine mål om berekraftige lokalsamfunn og framtidsretta butilbod.
Fleire lokalpolitikarar frå Hå har vore på studietur for å sjå korleis dei gjer det andre plassar, anten i Danmark, England eller i Stavanger.
– Kjempegod start
Det var med begeistring politikarane tysdag gav kommunedirektøren beskjed om å finna nokon som kan tenka seg å bygga ut bufellesskap for eldre, sentralt på Nærbø og Varhaug.
Ein spøkefull varaordførar lurte til og med på om han og dei andre i formannskapet fekk forkjøpsrett:
– Dette er noko me i Frp ser på som veldig positivt, sa Svein Arve Nygård, som trakk fram innsparingar for kommunen og gode butilbod for innbyggarane.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) sa at av sakene som har vore til behandling det siste året, er det denne dei har fått fleste førespurnadar om.
– Folk er opptatt av å legga til rette for alderdommen sin. At me får eit slikt tilbod i Hå, er kjempeviktig. At me har funne så sentrale tomter er ein kjempegod start, sa ordføraren.
Vert desse to ein suksess, er det godt mogleg at kommunen vil legga til rette for liknande bufellesskap òg lenger sør i kommunen.
Bytta tomt
Det var i oktober i fjor at Utval for samfunn bad kommunedirektøren om å gå i gang med å omregulera to tomter til formålet.
Den eine tomta ligg i Skjærpedalen på Nærbø og består i dag av to ulike eigedommar: Jadarvegen 25, som i dag husar Hå kommune sitt familiesenter, og grasskråninga som ligg mellom biblioteket og parkeringsplassen til Coop Extra.
Den andre tomta var «Ingridtomta» på Varhaug, ei tomt som ligg mellom rådhuset sin nordlege parkeringsplass og blokkene ved Coop Extra.
Kommunedirektøren var særleg begeistra for det siste alternativet, fordi utvikling av denne tomta kunne fungera som eit startskot for kommunen si planlagde vidareutvikling av Varhaug sentrum.
Men då saka dukka opp i formannskapet tysdag, var «Ingridtomta» bytta ut med den gamle handelslagstomta, det som må kunna kallast Varhaugs mest sentrale tomt.
I dag fungerer handelslagstomta som ein mellombels park.
I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at fleire aktørar har vist interesse for å bygga bufellesskap i Hå, at ein av dei har etterlyst større tomter, og at parkeringsbehova for denne typen bygg truleg ikkje er like store som for ordinære leilegheitsbygg.
Ingridtomta kjem med eit rekkefølgekrav om opparbeiding av parkeringsanlegg. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at dette er ei stor investering som kommunen må vera ein del av, men at det ikkje er sett av pengar til dette i økonomiplanen.
Det er på grunn av dette kommunedirektøren tilrår å heller bruka handelslagstomta, ei tomt han meiner er eit betre egna alternativ enn Ingridtomta.
Det fråflytta handelslaget stod til nedfalls i mange år før kommunen overtok eigedommen. Sjølv etter det, tok det lang tid før Sentrumsgården, som det heitte, vart riven.
Vil ikkje ha vanleg blokk
Kommunen har tiltenkt handelslagstomta ei sentral rolle i sentrumsutviklinga på Varhaug. Då Svein Høyland (Sp) tok ordet, innrømma han at det var nesten skremmande at noko nå skulle skje der.
– At me fekk hand om det sentrumsarealet har gjeve oss ei unik moglegheit til å utvikla Varhaug sentrum. Då må me sørga for at området ikkje vert så privatisert, at me faktisk utviklar Varhaug med dette. Den tomta som nå har vorte så fin, må ivaretas på ein god måte, sa Høyland, og la til at dette gjald både innhald og estetikk.
Ordførar Andreas Bjorland svarte at dette er kjempeviktig, men at dette er noko dei vil vareta gjennom reguleringsprosessen og at det førebels handla mest om ja eller nei til sal av tomtene.
Tanken er å selja tomtene gjennom ein prosjektkonkurranse der opp til tre kvalifiserte tilbydarar vert invitert til å delta. Prisen på tomtene vil vera fast. Det er kva dei ulike aktørane kan tilby på tomtene som vil vera avgjerande for kven som får kjøpa tomtene.
Formannskapet skal vera jury.
Ordføraren sa at det då vert enormt viktig for dei å gå grundig inn i dei tilboda som kjem inn.
– Me ønsker ikkje at nokon skal gå inn og bygga ei vanleg blokk. Det må vera det innhaldet me ønsker, sa Bjorland og la spesielt vekt på moglegheitene for å vera sosial.
Han la til at dei som kjem med tilbod, òg bør kunna visa til referanseprosjekt.
– Om dei har eit tilsvarande vellukka prosjekt bak seg, vil det vera ein stor fordel. Viss ikkje bør dei legga fram ein plan som tydeleg viser korleis dei har tenkt å gjennomføra utviklinga av eit bufellesskap for eldre, med alt som ligg i det, sa Bjorland.
Om det ikkje kjem inn tilbod som er i tråd med det konseptet politikarane ser føre seg, skal ikkje tomtene seljast. Vert dei selt, men ikkje utbygd, kan kommunen kjøpa dei tilbake igjen for den opphavlege salsprisen.
Opptatt av breidde
Gunn Dalen Håland (H) sa at det vert viktig å involvera innbyggarane og dei som kan tenkast å kjøpa seg inn i slike bufellesskap. Ho åtvara òg om risikoen for å enda opp med « ... ei klynge eldrebustadar med høge prisar».
Høgre-politikaren føreslo at kan henda bør ein opna opp for leige heller enn eige av nokon av bustadane i bufellesskapa, nettopp for å sikra ei litt breiare brukargruppe.
Wibecke Natås (Ap) var inne på noko av det same. Ho meinte det allereie vert bygd nok av blokker på Jæren der leilegheitene hamnar i timillionarsklassen.
– Det hjelper ikkje oss som kommune når me ser at demografien endrar seg, sa ho.
Natås sa at det nå er viktig å komma i gang, og at det trengst ei sterk, politisk hand på rattet.
– Svein var inne på estetikk. Då vil eg trekka fram at nå vert diskusjonen arkitektur og byggeskikk løfta fram i Noreg. Eg håpar me klarar å huska på at me skal gå føre som eit godt døme når me skal gjennomføra dette, sa Ap-politikaren.
Elin Hetland Mong (Hå-lista) plukka opp tråden frå Høgres Gunn Dalen Håland.
– Me har fått innspel med spørsmål om det er nødvendig med berre seniorar. Kan henda kunne et vera spennande med ei veksling mellom folk, sa Mong.
Ho trakk og fram pris som avgjerande.
– I det prosjektet me såg i Danmark, var det noko av suksessfaktoren. Innskotet i dei små bustadane var mellom ni hundre tusen og halvannan million kroner, sa Mong.
Ordførar Bjorland svarte at fleire av dei som har tatt kontakt, har vore opptatt av prisen.
– Me vil sjå på korleis det vil utvikla seg prismessig, sa han.
Han la til at firmaet som står bak Vålandstun, eit tilsvarande prosjekt i Stavanger, har vunne prisar for arkitekturen i prosjektet, men at dei i nye prosjekt har tona ned dette aspektet litt, slik at prisane kan legga seg på eit nivå som kan appellera til ei større gruppe.
Vil ikkje opna opp for breitt
Mong var ikkje den einaste som lufta tanken om å opna for ei større aldersgruppe. Både Renate Skretting (KrF), Wibecke Natås og Gunn Dalen Håland var inne på det same.
Ordførar Bjorland svarte at det kommunen nå gjer, er å bruka attraktive tomter til å legga til rette for at nokon skal klara seg sjølv heime lengre.
– Opnar me opp for mykje, treff me kanskje ikkje den gruppa me skal, sa han.
Bjorland la til at dei ulike tilbydarane vil ha ulike tankar om dette og at dette er noko formannskapet må sjå på når dei får inn dei ulike tilboda.
Ordføraren minna om at seniorar uansett ikkje er ei homogen gruppe.
– Det vil vera stor skilnad, ikkje berre på alder, men òg fysisk form. At det er ulike folk i gruppa, er sunt. Då får du ei spreiing i typen folk som bur der, sa han.