Med dette stadfestar dei Klepp kommune sitt vedtak:
Tine Sentrallager blir ikkje pålagt å setje i verk tiltak som reduserer støyen.
Bakgrunnen for saka er at Peder Espedal, som er blant dei næraste naboane til sentrallageret på Klepp stasjon, over fleire år har klaga på høg støy frå verksemda.
Klagen kom for første gong fram i ein telefonsamtale til dåverande kommuneoverlege Roman Benz i 2021.
I vidare e-postutveksling informerte klagaren om at støyen er mest plagsam ute på terrassen, inne på kjøkkenet og på soverom med ope vindauge.
Fem år med klager
Dei siste fem åra har resultert i ei rekke dokument i tilknyting til saka.
Enkelt forklart blei det på grunn av klage frå naboar og pålegg frå kommuneoverlegen, gjennomført støymålingar i både 2022 og 2025.
Etter den første målinga vedgjekk kommuneoverlegen at viftestøyen kan vere plagsam for naboane, men at den ikkje var av ein slik karakter at anlegget kunne påleggast retting av forholdet.
Naboen opprettheldt si klage. Kommuneoverlege Pernille Hegre Sørensen let slutninga stå seg også etter siste støymåling, då ho ikkje kunne sjå at det var kome nye opplysingar i saka:
«Selv om viftestøyen kan være plagsom for naboene, vurderer kommuneoverlegen at den ikke overskrider et helsemessig forsvarlig nivå. Kommuneoverlegen vil derfor ikke pålegge Tine sentrallager å montere støyskjerm», vurderte ho.
I april opprettheldt Klepp kommune sitt vedtak etter klage, og sendte saka til Statsforvaltaren.
Irriterande for naboane, men forsvarleg
Tidlegare i august kom den endelege avgjerda til Statsforvaltaren: Dei gir altså ikkje naboen medhald i klagen.
Statsforvaltaren vektlegg i sitt resonnement at vilkåret om fare for helseskade eller helsemessig ulempe må vere oppfylt, i tillegg til at tiltaka må vere forholdsmessige, for at det skal kunne påleggast retting.
– Eit forhold vil kunne påleggast retting sjølv om den helsemessige gevinsten ikkje er veldig stor, dersom retting av forholdet er lite kostbart og lite inngripande, skriv dei.
Samtidig understrekar dei at det må vere ein forholdsmessigheit mellom pliktene den ansvarlege blir pålagt og kva som blir oppnådd med pålegget.
– Statsforvalteren vurderer ut ifrå opplysningane i saka at støyen kan vere irriterande for naboane, men at det ikkje er dokumentert at den overskrid eit helsemessig uforsvarleg nivå, innleier dei konklusjonen.
Dei vurderer at føreslåtte tiltak som har kome fram i tidlegare rapportar, inneber betydelege kostnader for Tine Sentrallager, og trekk fram at det er knytt usikkerheitsmoment til effekten støyskjerminga gir.
– På noverande tidspunkt vil dette ikkje stå i rimeleg forhold til den dokumenterte effekten sett opp mot dagens støynivå.
– Forstår at naboar kan synest det er belastande
Då Jærbladet skreiv om saka i juni, sa Ruben Vold, anleggssjef ved Tine Sentrallager, til avisa at dei har tatt saka på alvor heile vegen.
Han fortalde at det allereie var gjort mange tiltak som har redusert støyen.
– Men me forstår at naboar kan synest det er belastande med støy. Me har fått folk utanfrå som har tatt støymålingar, slik at me skulle få fakta på bordet, og har eigentleg hatt ganske tett dialog med kommune og kommuneoverlege for å finne ein måte som sikrar både drifta og naboar, sa han.