Yvonne Van Bentum, rådgjevar i planavdelinga til Time kommune, sukkar over samarbeidet med Bane Nor.
– Dei var veldig tydelege på at dei berre kan forhalda seg til vedtatte planar. På éin måte er det litt forståelig, men så tenker eg: Må det vera så byråkratisk at me ikkje kan vera einige om det me faktisk er einige om, og så seia det?
Viktig stasjonsområde
Time kommune fekk langt frå alt dei peika på rundt Bryne stasjon då dobbeltsporplanen for Jærbanen var på høyring hausten 2023.
Driftsbasen som tar opp verdifulle område midt i sentrum, blir ikkje flytta éin millimeter.
Men éi endring fekk ros i eit saksframlegg til politikarane. Endringa kunne opna for ein meir fleksibel bruk av stasjonsområdet.
«Kommunedirektøren mener det er positivt at plankartet viser et område med ‘Samferdselsformål’, et formål som kan omfatte mer enn kun jernbaneformål. Dette vil kunne gi plass til felles parkeringsløsninger, tilrettelegging for bildeling, sykkelparkering, bevertning mm. Samferdselsformålet legger til rette for at arealet kan gi et positivt bidrag til sentrumsutvikling.»
Her – skulle det seinare visa seg – var kommunedirektøren for optimistisk. Bane Nor hadde nemleg to tankar i hovudet på same tida.
Motsegn mot eige forslag
Parallelt med at Bane Nor arbeidde med dobbeltsporplanen, arbeidde Time kommune med å revidera sentrumsplanen for Bryne, slik at denne kan styra utviklinga av sentrum fram til 2035.
Bane Nor har fleire gonger understreka at sentrumsplanen for Bryne ikkje kan vika frå det som blir vedtatt i dobbeltsporplanen.
Då kommunen føreslo fleire endringar i gjeldande sentrumsplan, der heile stasjonsområdet er sett av til jernbaneformål, sette Bane Nor bremsene på. Dei drog fram trumfkortet – motsegn! – med heimel i plan- og bygningsloven § 5-4.
Men éi av endringane kommunen hadde føreslått i planen – samferdselsformål rundt buss- og togstasjonen – var identisk med forslaget som Bane Nor sjølv hadde sendt på høyring i dobbeltsporplanen.
Då kommunen sende sentrumsplanen på høyring, svarte Bane Nor med å krevja at området framleis blir regulert til jernbaneformål.
«Veldig merkelig!»
I juni bestilte Time kommune eit møte med Bane Nor, med mål om å samordna dobbeltsporplanen og sentrumsplanen.
Rådgjevar Yvonne Van Bentum forklarte at målet var at planane skulle vera like, og viste til side 55 i planomtalen til dobbelsporplanen:
«Deler av områdene rundt stasjonen er foreslått endret fra jernbane til samferdselsformål. Dette vil gi muligheter for utvikling av knutepunktet og kan bidra til byfornyelse av Bryne sentrum.»
Van Bentum skriv at det var utgangspunktet for kommunen sitt forslag i sentrumsplanen.
«Uttalen til BaneNor tolker jeg som om BaneNor nå vil tilbake til Jernbaneformål. Dette synes jeg er veldig merkelig!»
Spørsmålet er: Korleis heng dette saman?
Jernbanen først
Spørsmålet vart først stilt til prosjektsjefen for dobbeltsporet. Han sende det vidare til presseavdelinga i Bane Nor, som skulle undersøka saka med planavdelinga.
Etter kvart fekk avisa eit svar, i form av eit sitat frå Ragnhild Lien, sjef planforvaltning i Bane Nor:
Kommunedelplanen for Bryne sentrum og dobbeltspor Sandnes - Nærbø foreslår å bruke Bane NORs eiendom til samferdselsformål, som i den nåværende planen er satt av til jernbane. Vi viser til vår innsigelse fra 30.05.24, hvor begrunnelsen er forklart. Siden kommunedelplanen for dobbeltspor Sandnes – Nærbø ikke er vedtatt ennå, og vi venter på en avgjørelse og avklaring av fremtidig behov for jernbaneareal, kan vi ikke planlegge annen bruk av jernbanearealet nå.
I etterkant fekk Jærbladet eit intervju med assisterande sjef planforvaltning, Åsne Fyhri, for å utbrodera svaret.
I rett rekkjefølge
Ho svarte at motsegna skuldast at dobbeltsporplanen berre har vore på høyring
– Området på Bryne er i dagens situasjon sett av til baneformål. Det er den gjeldande reguleringssituasjonen i området. Kommunedelplanen (for dobbeltsporet) er sendt på høyring, men er ikkje vedtatt. Og det er eit vesentleg punkt her; dette er ei problemstilling me har veldig mange stader: Me akseptererer ikkje at det det blir regulert om baneformål til andre formål før me har vedtatt vår eigen plan, fordi det er der me gjer ei vurdering av avgrensinga av baneformålet, presiserer Fyhri.
Ho seier at saka mest handlar om rekkjefølge, og at Bane Nor vil vurdera nøyaktig avgrensing for Bryne stasjon i dobbeltsporplanen.
– Inntil kommunen har vedtatt vår plan, vil me at det underliggande formålet skal gjelda. Av erfaring veit me at det kan skje mange ting i ein planprosess – det kan ta tid med planen vår, og plutseleg kan me få nye signal. Det er den som er styrande for når me avgjer at noko skal endrast frå baneformål til eit anna formål.
– Opp til kommunen
Fyhri seier at dobbeltsporplanen har vore på høyring, og seier at dei vil ha nærmare dialog med kommunane langs heile strekninga basert på det som har kome inn i høyringsrunden. Ho understrekar igjen:
– Det er i den planen me tar avklaringane, ikkje i den eksterne planen. Så lenge den ikkje er vedtatt, så må me halda på arealformålet.
Jærbladet spør om Bane Nor meiner at kommunen burde ha venta til dobbeltsporplan er vedtatt.
– Nei, det tenker eg må vera opp til kommunen. Det skal ikkje me legga nokre føringar på, så lenge våre interesser er varetatte.
– Kommunen jobbar kontinuerleg med utvikling av sentrale område. Då er det ofte sånn at me får overlapp mellom to samtidige planar. Då ønsker me å ha tett og god dialog med kommunen. Der me skal gjera store infrastrukturtiltak, er me heilt avhengige av at me får gjort dei nødvendige avklaringane for å kunna gje ei tilbakemelding om kva jernbaneinteresser som skal varetakast.
Framleis undring
Nokre månader etter svara frå Åsne Fyhri er sentrumsplanen er klar for politisk behandling i Time kommune.
I saksframlegget har kommunedirektøren gjort ei vurdering av «Formål Jernbane vs Samferdsel».
Anbefalinga til politikarane er å godta kravet frå Bane Nor om at heile stasjonsområdet skal regulerast med jernbaneformål.
Men det skjer ikkje utan eit stikk til saksgangen:
«Kommunedirektøren undrer seg over at Bane Nor har fremmet innsigelser til endringsforslaget til sentrumsplanen til en løsning som Bane Nor og kommunedirektøren var enige om i høringsforslaget til KDP Dobbeltspor, og som uendret er videreført i forslag til revidert sentrumsplan», står det i saksframlegget.
Samde likevel
Ifølge saksframlegget har Bane Nor forsikra kommunedirektøren om at når dobbeltsporplanen blir sendt inn til endelig behandling, så vil denne planen visa det aktuelle stasjonsarealet med formål samferdsel.
– Sjølv om sentrumsplanen kjem litt før, og dobbeltsporplanen kjem nokre månader etterpå, så er me i sluttfasen med begge to. Me er samde, så kvifor kan me ikkje få det fram? spør Van Bentum.
På grunn av rekkjefølga planane blir vedtatte i, vil dei ikkje enda opp med å visa det same.
Den nyleg reviderte sentrumsplanen vil vera utdatert på stasjonsområdet når dobbeltsporplanen er vedtatt. Sentrumsplanen vil framleis visa jernbaneformål på heile stasjonen, men dobbeltsporplanen har forrang.