– Ikkje trø i bæsjen!

– Øøø, det luktar vondt.

Amela Gastan er med Birk Solgård på oppkøyringa til trøtraktorlappen.
Amela Gastan er med Birk Solgård på oppkøyringa til trøtraktorlappen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Fullt opp med aktivitetar

Det er sånn det høyrest ut når lokale bondelag går på friarfot til resten av samfunnet. Men litt hestelukt og skit på vegen legg ingen merkbar dempar på stemninga. Det hjelper nok òg at vêret spelte på lag, med opphald og sol. Barnefamiliane strøyma på, og fann mykje å gjera.

Nærkontakt med dyra er ein stor del av attraksjonen.
Nærkontakt med dyra er ein stor del av attraksjonen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dei kunne sjå på traktorar og andre landbruksmaskinar, ta lappen for trøbiltraktor, sjå innsida av ein slaktebil, få ansiktsmåling, kjøpa lappar og burgar, sjå på oppvisning med den røynde sauehunden Boss, læra partering av lam av slaktar Stian Espeland, og dei kunne få nærkontakt med kaninar, kalvar og sauer, pluss eit par dyr som er litt meir sjeldne å sjå.

Nærkontakt med gris

Ikkje for det, det finst nok av både gris og kylling på Jæren og i Klepp (nøyaktige tal følger seinare i saka), men smittevernreglane har etter kvart vore så strenge at det ikkje er råd for dei utanfrå å komma inn i kylling- eller grishuset.

Traktorutstillinga var sjølvsagt populært. For mange var det særleg interessant å testa lydhornet.
Traktorutstillinga var sjølvsagt populært. For mange var det særleg interessant å testa lydhornet. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På Øksnavad hadde bondelaga løyst dette med å henta ut eit par avvente grisar og ein kylling som ungane fekk helsa på.

– Det er viktig å visa fram kor maten kjem frå, seier Bjørg Marit Fuglestad frå Bore Bondelag.

Køen for å kosa med grisane var lang.
Køen for å kosa med grisane var lang. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For landbruket er Open Dag ein måte å fortelja folk flest litt meir om korleis det er å jobba i landbruket. På kvar stasjon har dei sett ut folk som kan fortelja meir om til dømes grisar.

Kjæledyr

Køen for å sjå på og klappa dei to grisane var lang. Sjølv tok dei heile oppstyret ganske med ro. Det var nok ingen som hadde fortald dei om smittevernreglar som gjer at dei ikkje får komma tilbake til grishuset igjen etter å ha blitt klappa og kost med av hundrevis av forvitne barn.

Eik Volle Stangeland og Celine Borghov Solberg helser på grisane.
Eik Volle Stangeland og Celine Borghov Solberg helser på grisane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Til dei som på dette punktet fryktar for framtida til dei to grisane, kan bondelaga trygga med at dei ikkje skal slaktast. I staden er det nokon som ventar på å adoptera dei til kjæledyr.

Anne Christine Bergjord lar den ni veker gamle kvalpen Mia få helsa på kyllingen. Mia er ikkje kven som helst. Ho er avkommet til Boss, gjetarhunden til Sven Kverneland, og skal alast opp til å bli gjetarhund. Ifølge Bergjord viser ho allereie teikn til gode emner.
Anne Christine Bergjord lar den ni veker gamle kvalpen Mia få helsa på kyllingen. Mia er ikkje kven som helst. Ho er avkommet til Boss, gjetarhunden til Sven Kverneland, og skal alast opp til å bli gjetarhund. Ifølge Bergjord viser ho allereie teikn til gode emner. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Dyrekommunen

Kva som kjem til å skje med kyllingen, som nok heller ikkje kjem seg tilbake i kyllinghuset, var litt meir uklart. Me får heller tenka på noko anna:

– Visste du at i Klepp produserer me 4.374868 kyllingar i året, spør Fuglestad.

Nei, det visste ikkje Jærbladet, i alle fall.

Hopping i høyet er ein klassisk gardsaktivitet for barn.
Hopping i høyet er ein klassisk gardsaktivitet for barn. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Me ramsar opp litt fleire tal frå landbrukskommunen Klepp:

  • Her er det 240.264 høner som legg egg kvar dag.
  • 57.618 slaktegris.
  • 4572 mjølkekyr som produserer 32 millionar mjølk i året.
  • 1741 avlspurker.
  • 1883 vinterfôra sauer.
  • 928 ammekyr.

– Og sauar og kattar og marsvin og så vidare, seier Fuglestad.

Ekstatiske ungar

Ikkje rart ho håpar søndagens arrangement kan tangera publikumsrekorden frå i fjor. Då kom det over 4.000 små og store.

Slaktar Stian Espeland demonstrerte slakting for eit publikum som fulgte godt med.
Slaktar Stian Espeland demonstrerte slakting for eit publikum som fulgte godt med. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Blant dei som har tatt turen i år, er Amela Gastan.

– Gutane var heilt i ekstase då eg sa me skule på Open Gard. Det aller beste var å hoppa i høyet, fortel ho.

Svein Arne Sirevåg har med seg ungane Noa, Noel og Mille.

– Det er gildt å vera her. Her har eg sjølv gått på skule, seier han.

Stein Arne Sirevåg har sjølv vore elev ved Øksnevad vidaregåande skule. I dag har han tatt med seg ungane Noa (frå venstre), Mille og Noel.
Stein Arne Sirevåg har sjølv vore elev ved Øksnevad vidaregåande skule. I dag har han tatt med seg ungane Noa (frå venstre), Mille og Noel. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sirevåg kjem sjølv frå gard og jobbar til dagleg med maskinar.

Håpar nokon vil bli elevar

Jarle Thomsen jobbar på Øksnevad vidaregåande skule og har eigentleg fri, men har tatt turen innom for å hjelpa til. Jærbladet treff han i det han er i ferd med å frakta eit lass med egg ned til skulen sitt eige gardsutsal.

– Dette er egg elevane sjølv har henta og vaska, seier han.

Han synest det er eit kjekt arrangement.

– Det er gildt med alle barnefamiliane me får inn her. Det er viktig å visa fram landbruket for ungane, seier han.

Jarle Thomsen håpar Open Gard på sikt kan lokka fleire elevar til Øksnevad vidaregåande skule.
Jarle Thomsen håpar Open Gard på sikt kan lokka fleire elevar til Øksnevad vidaregåande skule. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Thomsen er tydeleg stolt av skulen.

– Når me får vist fram kor mykje spennande me har her, vil nok nokon tenka at her har eg lyst til å gå, seier han.