– Eg er glad for at me i Klepp har avtale med Alternativ til vald. Der får me tilgang til den beste kompetansen for å hjelpa både valdsutøvarar og dei som blir utsette for vald, seier Ine Haver til Jærbladet.
Barnevernleiaren kjenner dette arbeidet både i jobben sin i Klepp og i vervet som kommunepolitikar for Arbeidarpartiet i Stavanger, der ho er medlem av kommunalutvalet, formannskapet og utval for helse og velferd.
Behandlar menn som brukar vald
Både Klepp og Stavanger kjøper tenester av stiftinga Alternativ til vald (ATV), som spesialiserer seg på vald i nære relasjonar. Dei tilbyr behandling til alle medlemmar av familiar, anten det er vaksne og ungdommar som brukar vald eller vaksne og barn som blir utsette for vald.
Dei hjelper personar som brukar vald i familien, så dei skal slutta med dette og kunna utvikla seg til trygge og omsorgsfulle partnarar og foreldre. Dei som har vore utsette for vald, skal få hjelp til å få eit liv utan vald og følgene av vald, går det fram av nettstaden til ATV.
To jærkommunar sa opp kontrakten
Dei to andre jærkommunane, Time og Hå, har også hatt slikt tilbod til sine innbyggarar tidlegare, men sa opp kvar sin kontrakt med ATV i rundar med budsjettkutt; Time i 2024 og Hå i 2017.
Frå 2021 til 2024 hadde Time kontrakt med ATV og dermed tilbod om behandling til valdsutøvarar og valdsramma i kommunen.
Kommunen sparte 540.000 kroner då dei sa opp avtalen med Alternativ til vald i den store kuttrunden i 2024. ATV sin årsrapport i 2025 viser til «ein moderat nedgang i behandlingsaktivitet. Nedgangen skyldes først og fremst at Time kommune ikke videreførte kontrakten fra 2024».
Dette kom fram i Jærbladet i kjølvatnet av saka på Nærbø, der 30 år gamle Maren Sømme døydde dagen etter at ho blei funne hardt skada i huset ho budde i saman med kjærasten. Han er varetektsfengsla, sikta for drap. Mannen blei i 2019 dømt for vald mot ein tidlegare partnar. Men i denne saka nektar han straffskuld og for at han har brukt vald mot Sømme.
Må ha innsett at dei skader og skremmer
ATV gir mellom anna kontinuerlig gruppebehandling til menn som har utøvd partnarvald. Alle valdsutøvarar som skal vera med i behandlingsopplegg i deira regi, må ha erkjent at dei har eit valdsproblem.
For at terapi skal verka, må personen som utøver vald ha erkjent at han (eller ho) skader, skremmer eller krenker dei han (eller ho) er glad i, ifølge Mille Bjørg Vinsten, psykologspesialist og kontorleiar ved ATV Stavanger.
– Me tilbyr terapeutisk behandling der ein ser kva som gjer at valdssituasjonar oppstår. Éin ting er å få slutt på fysisk vald. Det kan vera ein større jobb å slutta med den psykiske og den latente valden som gjer partnar og familie utrygg, sa Vinsten til Jærbladet.
Barnevernet ofte involvert
I fjor tok Alternativ til vald i Stavanger imot til saman 287 personar, viser statistikk.
24 av desse kom frå Klepp. I tillegg til sju menn som fekk behandling mot valdeleg åtferd, ga organisasjonen hjelp til 10 kvinner frå kommunen som har vore utsette for vald. Dei hadde også barn og ungdom i programma sine.
– Når dei hjelper ein mann som brukar vald, hjelper dei samstundes ei kvinne, seier Ine Haver.
I mange av sakene var barnevernet i Klepp involvert, viser statistikken.
– Det er ikkje slik at alt er løyst berre ATV kjem inn. Kommunane gjer mykje meir arbeid enn dette på feltet. Men Alternativ til vold er eit av mange viktige tiltak, seier Haver.
Av instansar utanfor kommunane nemner ho krisesenteret – som ligg i Stavanger, men som tar imot valdsutsette frå heile regionen – og Stine Sofies stiftelse, som jobbar for hindra at barn veks opp med vald og overgrep.
Valden har ofte begynt lenge før
Stavanger kommune har eit utvida tilbod gjennom ATV som går ut på å hjelpa unge valdsutøvarar frå 13 års alder, fortel Haver.
– Tidleg innsats er utruleg viktig. Dei som utøver partnarvald er ofte valdelege som tenåringar. Ikkje alle som utøver vald i ungdommen blir valdelege partnarar. Men alle som utøver vald, bør få hjelp til å slutta med det, seier barnevernleiaren i Klepp.