Sigmar Undheim vil ikkje gje slepp på løa. Statsforvaltaren i Rogaland vil ikkje sleppa klagen, sjølv etter å ha innrømt ein stor feil.
Sigmar Undheim vil ikkje gje slepp på løa. Statsforvaltaren i Rogaland vil ikkje sleppa klagen, sjølv etter å ha innrømt ein stor feil. Foto: Alise Lea Tiller

Fleire i det politiske utvalet hadde merka seg synspunkta på side 4 i avslaget Sigmar Undheim fekk frå Statsforvaltaren i Rogaland, som hadde dette å seia etter å ha besøkt Botn:

– Det er vanskeleg å klage i ei sak som dette utan at det kan oppfattast som manglande respekt for det tal med timar som frivillig er lagt ned i å forvalta eit kulturminne og kanskje også eit langt liv som bonde. Me har stor forståing for søkjar sitt ønskje om å sjå på tunet som ein heilskap.

Det er nettopp delinga av tunet som er kjernen i saka, og det Statsforvaltaren har valt å klaga på.

Løysinga Undheim og naboen er blitt samde om inneber at han skal få behalda løa når han skil frå landbruksjorda.

Til venstre er løysinga Sigmar Undheim ønsker. Til høgre er eit alternativt forslag, der driftsbygningen og siloen følger jorda.
Til venstre er løysinga Sigmar Undheim ønsker. Til høgre er eit alternativt forslag, der driftsbygningen og siloen følger jorda. Foto: Foto: Illustrasjon frå Time kommune

Kulturverdiar

Statsforvaltaren er nesten poetisk når han les av utviklinga på garden, i bygningane og anlegget rundt.

Også denne passusen frå klagen vart lesen høgt i torsdagens utvalsmøte:

– Det er eit velheldt tun med store tre, steingardar og bygningar i god stand, avgrensa av leplanting og med flott utsikt over Jæren og jærhavet i det fjerne. Tunet vitnar på sitt vis også om den landbruks og velstands-utviklinga det har vore i etterkrigstida; frå det smålåtne bustadhuset som var i bruk av dagens eigar sin familie frå 1946-2002, bustadhuset frå 1977 når dagens eigar tok over og det meir moderne huset frå 2007, og driftsbygninga med sine på- og ombyggingar gjennom åra med husdyrhald fram til 2014.

Lokalpolitikarane la stor vekt på den kulturhistoriske verdien til anlegget på Botn. Den kvite Sandnes-kassa er innreidd som eit museum og fekk  byggeskikkprisen frå Time kommune i 2015.
Lokalpolitikarane la stor vekt på den kulturhistoriske verdien til anlegget på Botn. Den kvite Sandnes-kassa er innreidd som eit museum og fekk byggeskikkprisen frå Time kommune i 2015. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Overraskande vending

Jærbladet var med utval for lokal utvikling på synfaring i vinter, og skreiv om full støtte for ei løysing som gjer at Sigmar Undheim kan behalda to teigar på totalt sju dekar, når han skil frå jorda.

Seinare var det Statsforvaltaren sin tur til å sjå anlegget med eigne auge, før han altså konkluderte med å klaga.

I det opphavlege vedtaket i utvalet låg det ein vilje til å utfordra Statsforvaltaren, men ganske ut av det blå dukka det opp eit tredje alternativ – ved sida av dei to vanlege, som er å utfordra eller ta klagen til følge.

I eit brev datert 21. januar skreiv Statsforvaltaren dette til kommunen:

– Statsforvaltar Bent Høie har ein tett relasjon til Ingvar Undheim, son av tiltakshavar. Sist helg blei statsforvaltaren gjort merksam på at sonen vil ta over det eine huset på eigedomen ved frådelinga. Me ser det som nærliggjande at dette er førehald som gjer statsforvaltaren inhabil til å fatte avgjerder i saka etter forvaltingslova § 6 andre ledd.

Statsforvaltaren med liten s, Bent Høie.
Statsforvaltaren med liten s, Bent Høie. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Ville avvisa på formelt grunnlag

Statsforvaltar Bent Høie har altså oppdaga at han er inhabil til å behandla saka. Inhabilitet smittar som pesten, og inneber at dersom han på toppen er ugild, så gjeld det same for heile organisasjonen under han.

Både fråsegna i forkant av det kommunale vedtaket og vurderinga om det skulle klagast på, skulle ha vore behandla av ein annan organisasjon – ein settestatsforvaltar.

Klagevedtaket er derfor ein saksbehandlingsfeil frå Statsforvaltaren si side. Eit tredje alternativ vart fremja i utvalet: Klagen bør ikkje behandlast i det heile, men heller avvisast på formelt grunnlag.

Kjell Olav Stangeland (Ap) sette fram forslaget, som i klartekst sa at klagen måtte avvisast fordi Statsforvaltaren i Rogaland sjølv har erkjent at han var inhabil då saka vart behandla. Derfor hadde han ikkje klagerett, gjekk resonnementet.

Truleg ikkje utslagsgjevande

Forslaget hadde vore innom administrasjonen for ei vurdering, og sjølv om svaret helte kaldt vatn i årene på Stangeland, ville han likevel ta sjansen. I verste fall kunne utvalet sitt vedtak bli sendt tilbake.

Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, drog utvalet gjennom dei forvaltningsrettslege reglane som gjorde at kommunedirektøren rådde utvalet til ikkje å følga Stangeland sitt forslag.

Grunngjevinga finst i og uskriven rett, og gjeld verknadene av eit vedtak som er fatta i strid med saksbehandlingsreglane.

Bjorland Dahl viste til at inhabiliteten ikkje hadde vore til gunst for Sigmar Undheim, som fekk avslag på ønsket om å behalda løa.

Det er ingenting som tyder på at vedtaket ville blitt eit anna dersom Bent Høie hadde lov til å behandla saka. Sjølv om det har vore saksbehandlingsfeil, tilseier det at vedtaket blir ståande.

Risikerte feil på feil

Stangeland påpeika at det var eit ope spørsmål, og at tolkinga handla om juss – som ingen i utvalet eller administrasjonen kunne vita svaret på, på førehand.

Kommunalsjefen sa at utvalet risikerte å gjera ein saksbehandlingsfeil dersom dei avviste klagen med grunnlag i ein saksbehandlingsfeil.

Då saka skulle røystast over støtta fire av ni forslaget: Stangeland sjølv, Thor Inge Kalberg (Frp), Jone Fosse (Sp) og Endre Vollsund (V).

Sigmar Undheim tok imot utvalet i november. Kjell Olav Stangeland er nummer tre frå venstre. Kommunalsjefen er nummer to frå høgre.
Sigmar Undheim tok imot utvalet i november. Kjell Olav Stangeland er nummer tre frå venstre. Kommunalsjefen er nummer to frå høgre. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Statsforvaltaren vil ikkje trekka klage

Saka var lagt fram med ei innstilling frå kommunedirektøren om ikkje å ta klagen til følge, og senda han vidare til klagebehandling.

Brevet der Statsforvaltaren melde frå om inhabilitet, hadde kome til kommunen etter at saka var skriven ferdig.

Ein i utvalet, Øystein Nereng (SV), måtte trø til og setta fram forslag å utsetta saka, med bakgrunn i brevet og orienteringa frå kommunalsjefen.

Eit fleirtal på fem (tre gongar Høgre, KrF og SV) støtta forslaget. Då hadde diskusjonen gått lenge, og det var halde eit gruppemøte.

Etterpå kunne ingen i utvalet, eller i administrasjonen, forstå kvifor Statsforvaltaren ikkje like gjerne hadde trekt klagen.

I staden skal ein settestatsforvaltar nå vurdera om klagen skal bli ståande. I brevet står det:

– Statsforvaltaren vil på bakgrunn av det ovannemnde be om at det blir oppnemnd setjestatsforvaltar for å gjere ei uavhengig vurdering av om klaga frå embetet skal bli opprettheldt. Me ber om at kommunen avventar å handsame klaga til etter at dette spørsmålet er vurdert av setjestatsforvaltar.