Ein billett er liten, men han kan opne ein stor del av kvardagen.

For mange på Jæren er buss og tog det som får dagen til å gå opp.

Det er turen til jobb på Forus, toget til skulen, bussen til Bryne eller ein ungdom som skal på trening utan å vere avhengig av at foreldra køyrer.

No har det blitt vesentleg billegare.

Eit vanleg månadskort for éi sone kostar no 550 kroner, ned frå 791 kroner. For dei som pendlar over to soner, er prisen redusert frå 1210 til 900 kroner.

Ungdomskortet for dei under 23 år kostar no berre 225 kroner for 30 dagar og alle soner i Rogaland.

For Venstre handlar dette om fridom i kvardagen. Ikkje om å fortelje folk korleis dei skal reise, men om å sørgje for at dei faktisk har eit val.

På Jæren er Jærbanen ryggrada i kollektivtilbodet. Men toget kan ikkje gjere jobben åleine. Bussane må passe med toget, rutene må gå dit folk bur og arbeider, og avgangane må vere hyppige nok til at kollektivtransport faktisk fungerer i ein travel kvardag.

Jærbanen må òg bli meir påliteleg. Punktlegheita har gått feil veg, og for mange forseinkingar og innstillingar gjer at både tog og infrastruktur må bli meir robuste.

Det har også kome mange slike innspel etter at me fortalde om dei nye prisane. Folk er glade for billegare billettar, men peikar samstundes på lange reisetider, dårlege samband og behov for betre ruter. Dei har eit viktig poeng. Pris er berre éin del av eit godt kollektivtilbod.

Pengane som no gir lågare prisar, er statlege midlar som er øyremerkte nettopp billettprisane. Me kunne derfor ikkje velje å bruke dei på fleire avgangar eller nye ruter.

Venstre skulle gjerne hatt større fridom til begge delar. I vårt alternative statsbudsjett for 2026 foreslo Venstre éin milliard kroner ekstra for å oppretthalde kollektivtilbodet i fylka, i tillegg til 1,75 milliardar kroner til billegare månadskort på kollektivtransport og tog.

På Jæren veit me at bilen framleis er nødvendig for mange. Småbarn skal leverast, arbeidsdagar byrjar før bussen går, og ikkje alle bur eller jobbar langs ei god kollektivrute.

Målet bør ikkje vere å gjere bilen til fienden. Målet må vere å gi fleire eit reelt alternativ dei dagane buss eller tog kan fungere.

No har me fått billettprisane kraftig ned. Neste jobb er å gjere tilbodet bak billetten endå betre.