scraper online neste kjøring om 4 min

Skriv for å søke i artikler…

avis.ber.ge

venstre

NRK
Nyheter
Raja til VG: Vil heller ha Støre enn Listhaug
Nestleiar i Venstre Abid Raja seier til VG at han heller vil ha ei regjering leia av Jonas Gahr Støre (Ap) enn ei regjering der Sylvi Listhaug (Frp) er statsminister. – Venstre kan ikkje støtte ei Listhaug-leia regjering. Ei borgarleg sentrumsregjering må difor vere Høgre-leia, som vi i Venstre gjerne deltek i. Men dersom det ikkje er mogeleg, ser Venstre heller at Støre held fram, seier Raja til avisa. – Kan vi ikkje få ei Høgre-leia regjering før eller etter valet i 2029, er det betre at Støre held fram, heller enn ei Listhaug-regjering. Venstre-leiar Guri Melby seier til NRK tysdag kveld at ho opplever brei einigheit i Venstre om at dei ikkje ønsker ei Listhaug-leia regjering. – Men når det gjeld vår posisjon og kven vi skal samarbeide med i regjering, er det ei avgjerd vi skal ta saman i partiet, og ho skal vi ta mykje nærmare valet i 2029, seier ho til NRK.