Den andre sommaren etter opninga i 2018 fekk Brix Brygghus overdekt terrasse. Bygget har gjort nytten, men ikkje vore heilt ideelt.
– Konstruksjonen er det ikkje noko å seia på, men det vart litt halvvegs. Me har heile vegen ønskt at det skal vera noko som heng litt betre saman med huset, seier husmor Hilde Steen Helland.
Av uforklarlege grunnar vart det avlange overbygget plassert med kortsida ut mot Storgata. Derfor er inngangspartiet trongt og uteserveringa mindre enn ho kunne vore.
Langs begge langsidene er det daude areal som er vanskelege å utnytta, og dessutan utset servitørane for vind og regn.
Det at langsida nærmast restauranten er open, avgrensar òg bruken i dei kalde månadene – som det jo er flest av.
– Det viktigaste er at dette blir ei stove me kan bruka året rundt, seier Ola Helland.
Tar tilbake historietimen
Heilt sidan starten har arrangement i vekedagane vore viktige ingrediensar på brygghuset.
Men etter kvart som publikum strøymde til, pressa trengselen ut arrangementa. Eine og åleine på grunn av akustikken, ifølge Ola Helland.
– Du kan ikkje ha føredrag oppe på tysdagane og onsdagane, når det kjem ein gjeng nede som skal ha lønningspils. Me kan jo ikkje gå og hysja på folk.
Han seier at arrangementa har vore eit sakn – og får stadig tilbakemeldingar frå kundar som meiner det same.
– Me ser at me har enormt mange stamgjestar, og dei må me pleia, seier Hilde.
Ho har stålkontroll på kundestatistikken og fortel om ein oppsiktsvekkande stor del trufaste publikummarar. Heile 91 prosent av dei som tingar bord på nett, gjer det meir enn seks gongar i året.
Mange av dei kjem for å få med seg nettopp arrangementa, som i framtida skal haldast i nybygget.
Mot fuglar og vêr
Som del av same prosjektet vil Ola Helland nytta moglegheita til å retta opp fleire ting han ikkje tok seg råd til i første omgang.
I bakkant skal han erstatta ein tett knevegg med glas, slik at publikum kan sjå Mølledammen og parken frå uteserveringa.
Over inngangspartiet til brygghuset heng eit enkelt tak, laga av armeringsmatter. Gitteret var ei enkel og rimeleg løysing då restauranten var ny, men hjelper ingenting mot vêr og vind.
Derfor er planen å bygga ein balkong langs heile fasaden, som skal gje fleire utandørs sitteplassar, eit lunare inngangsparti og vern mot duer og måker.
– Dei er eit reelt problem, forsikrar Ola, som opplyser å ha betalt for fleire bunadar som måtte på reins.
Sommaren 2027
Sidan korona har Brix Brygghus fornya møblane i begge etasjane, bygt nytt kjøkken, og i fjor vart bryggeriet utvida.
– Nå er det uteserveringa, og så skal me bygga om baren. Sånn er det berre i denne bransjen – eg ser det same på Mellombels og Bekkis: Me har bygt om og finjustert mange gongar, seier Ola.
Målet er at det neste utviklingssteget står klart sommaren 2027.
Ein viktig føresetnad blir avklart i utval for lokal utvikling 27. august. Ein eldre reguleringsplan og sentrumsplanen gjer at Brix Brygghus må søka om dispensasjon for å få bygga på plassen utanfor restauranten.
Permanent bygg
Fram til nå Brix Brygghus basert seg på ein mellombels dispensasjon, som gjekk ut i 2023. Nybygget blir ei større investering enn overbygget frå 2020, og er avhengig av at det får stå permanent.
Kommunedirektøren meiner at det mellombelse tiltaket med overbygt uteservering over tid har skapt meir aktivitet og byliv i Storgata. Han anbefaler å vidareføra aktiviteten gjennom eit permanent serveringsbygg.
Byggesakssjefen som har førebudd saka for politikarane, meiner vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylte:
«Etter en samlet vurdering anses fordelene ved tiltaket å være klart større enn ulempene. Det legges særlig vekt på de positive virkningene for aktivitet og sentrumsutvikling, samtidig som hensynene bak arealformålet og kulturmiljøet i hovedsak ivaretas.»
Respekt for arkitekturen
– Me prøver heile tida å gjera det me kan for å gje publikum det me synest dei fortener. Men det er klart at det er eit økonomisk løft, seier Hilde.
– Ja, kor stort er det løftet?
– Det veit me ikkje, men det blir kostbart. Me skal mellom anna bruka kopar, seier Ola.
Før sommaren vedtok Time kommune ein ny kulturmiljøplan som listar Aftenbladbygget til bevaring. Murhuset fekk pris som det finaste næringsbygget i Norge då det var nytt i 1995.
– Det er eit bygg som krev respekt, og derfor bruker me Camilla Sjo Fasting, ein arkitekt som har eit bevisst forhold til dette. Det blir noko anna enn berre å setta opp ein vinterhage, seier han.