– Galskap! er reaksjonen til Geir og Brit Heskja frå Bryne.

Laurdag ettermiddag har dei vore Frøylandsvatnet rundt på jakt etter stolpar, i det nydelege haustvêret.

Sykkelturen er snart over, men like før klokka tre må dei ta ein liten pust i bakken og fiska fram kameraet.

Geir har sett mange lastebilar køyra feil i Bryne sentrum og sete seg fast under jernbanebrua i Arne Garborgs veg.

Han har sett det same skje på Nubben òg, men aldri med ein buss.

Han tykkjer det er veldig rart bussen ikkje tok fylkesveg 44.

– Kvifor køyra indrevegen? Det er ingen stasjonar mellom Nærbø og Bryne.

– Galskap! seier Geir og Brit Heskja.
– Galskap! seier Geir og Brit Heskja. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Store skadar

Geir kan ikkje forstå korleis sjåføren har unngått å oppdaga brua. Ho er skilta med svarte og gule striper som åtvarar om låg høgd.

Resultatet er store og synlege materielle skadar på busstaket, med delar som ligg strødde på begge sider av bussen.

Sjåføren har late døra stå open, men er ikkje nokon plass å sjå idet Geir og Brit fotograferer prestasjonen.

Ein varseltrekant på oppsida av brua tvingar bilistar til å finna ein omveg. Dei som kjem frå sentrum, må svinga av mot Håland.

Store materielle skadar.
Store materielle skadar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Dagleg leiar i Kongsberg Tur og Transport AS hadde ikkje konkret informasjon kva som har skjedd laurdag ettermiddag.
Dagleg leiar i Kongsberg Tur og Transport AS hadde ikkje konkret informasjon kva som har skjedd laurdag ettermiddag. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Passasjerar om bord

Rett før klokka fire – ein dryg time etter det første tipset til Jærbladet – melder politiet at dei rykker ut.

– Ingen personar var i bussen då uhellet skjedde. Bussen blokkerer vegen, skriv dei 15:54.

Ein får rekna med at politiet meinte å skriva passasjerar, ikkje personar. Nokon må ha køyrt bussen.

Opplysingane frå politiet stemmer slett ikkje, seier ein innringar til Jærbladet.

– Det var altså ein stappfull buss, med sikkert tretti mann. Blant anna dottera mi.

Ho og ei veninne skulle gått av Nærbø, men der skal ikkje bussjåføren ha sleppt nokon av.

Innringaren var sjølv og henta jentene på Nubben.

Politiet stadfestar seinare at dei har kome med feil opplysingar.

– Det viste seg at det hadde vore passasjerar i bussen då uhellet skjedde. Ingen er skadde. Passasjerane er blitt henta av annan buss, skriv dei 16:17.

Berging er bestilt. Politiet kjem ikkje til å oppretta sak.

Bilistane måtte finna ein annan veg.
Bilistane måtte finna ein annan veg. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tredjepart køyrer buss for tog

Bussen køyrer på oppdrag for Go Ahead, fordi Bane NOR utfører vedlikehaldsarbeid på Jærbanen og Sørlandsbanen.

Strekningane Stavanger – Egersund (lokaltog) og Stavanger – Moi (regiontog) er derfor stengde frå 12:10 til 22:00 laurdag.

Kommunikasjonssjef Oda Riska opplyser at Go Ahead organiserer buss for tog gjennom å leiga inn eit anna selskap, Nobina. Dei hentar igjen inn underleverandørar.

– Vårt operative senter fekk beskjed 14:25 om at ein buss hadde køyrt seg fast og at ein erstatningsbuss tok seg av passasjerane og fekk dei vidare, og at alt var ok med passasjerane.

Riska seier at informasjonen frå mora, om bussen ikkje hadde sleppt av passasjerar på Nærbø, er ny for henne.

Ho har ikkje fått snakka med Nobina ennå.

– Eg har snakka med vårt operativsenter, for å sikra at passasjerane har det bra. Eg har ikkje fleire detaljar på dette stadiet om kva som er skjedd med bussane. Det er tydelegvis noko me er nøydde til å sjå på – det kan høyrast ut som fleire ting ikkje er gått slik dei skal.

Vertane frå Go Ahead på Bryne stasjon vil ikkje seia om busstansen leidde til forseinkingar for passasjerane. – Oi, det var ny informasjon for meg, sa kommunikasjonsrådgjevar Oda Riska då Jærbladet ringde.
Vertane frå Go Ahead på Bryne stasjon vil ikkje seia om busstansen leidde til forseinkingar for passasjerane. – Oi, det var ny informasjon for meg, sa kommunikasjonsrådgjevar Oda Riska då Jærbladet ringde. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim