– Me fekk Post i butikk for eit år sidan, og meir varer levert. Det har dratt naturleg omsetningsvekst, forklarer dagleg leiar Gro Møyland Eriksen.

Ho har drive daglegvarebutikken sidan oppstarten i 2020.

Sidan den tid har driftsinntektene auka jamleg kvart år. Dei gjorde særleg eit byks mellom 2024 og 2025, frå 39,6 til 46,1 millionar kroner.

– Gler meg

Lagerbygget blir 128 kvadratmeter stort, og skal ligge på baksida av inngangen, mot Solavegen.

– Tiltaket er planlagt for å handtere varemottak og avfallshandtering på ein betre måte enn dagens situasjon, heiter det i søknaden.

Tiltakshavar Verdalen Eiendom AS har fått rammetillating frå Klepp kommune til å gjennomføre planane. No gjenstår det å søke om og få igangsettingstillating.

– Når me går mot jul og Black Friday kjem det til å lette arbeidet. Me har alt av pallar ute, så det er også greitt å få innomhus, seier Eriksen.

– Eg gler meg veldig til det blir bygga.

Minus 28.000 i driftsresultat

Butikken aukar inntektene, men rekneskapen viser at dei i 2025 gjekk i minus for første gang på to år.

– Det kjem av ei investering til ombygging av butikken i august i fjor, seier Eriksen.

Då skal dei ha oppgradert butikken i samanheng med at dei fekk Post i butikk.

– Me fekk mellom anna ny frukt og grønt-avdeling og måling i butikken. Ein må investere for å få resultat, seier ho.